Journalist vekker reaksjonar etter hijab-utspel

FOTBALL: For første gong har ei kvinne med hijab spelt i fotball VM. Ein fransk journalist gjekk hardt ut mot den marokkanske landslagsspelaren, no får ho støtte frå fleire hold.

Nouhaila Benzina ble søndag den første spilleren noensinne til å spille på seniornivå i VM med hijab. Foto: James Elsby/ AP/ NTB.
Nouhaila Benzina var første kvinne til å spele med hijab under fotball-VM for kvinner.
Publisert Sist oppdatert

Som første kvinne nokon gong, spelte forsvarsspelar Nouhaila Benzina med hijab under årets fotball-VM.

I 2007 forbaud FIFA spelarar frå å bruke det religiøse hovudplagget under internasjonale kampar, av sikkerheitsgrunnar, ifølgje avisa The New Arab.

Forbodet blei oppheva av i 2014. Frankrike er det einaste europeiske landet der det er ulovleg å bruke hijab i fotball.

30. juli gjekk den franske journalisten Philippe Guibert hardt ut mot Benzina i ein TV-debatt på den franske kanalen CNews.

– Du må tenkje på at denne unge kvinna som ber hijab prøver å fortelje medspelarane sine at «du er uanstendig». Det er det hijaben betyr. Ho må skjule kroppen sin så mykje som mogleg fordi ei kvinne må vere sømmeleg. Det er betydninga av hijaben. Derfor er eg samd i at det er ein utruleg tilbakegang, sa han.

Ville han sagt noko liknande om kristne nonner?

Mustafa Mahmood

Benzina mottar støtte frå fleire hald

Nestleiar i Islamsk råd Norge, Mustafa Mahmood, reagerer på utsegna. Kvinnene som følgjer desse klesnormene gjer det på grunn av forholdet til Gud, ikkje for å signalisere til andre at dei er dårlegare enn dei, seier han til NRK.

– Påstanden til den islamofobe journalisten er absurd: I Marokko bruker nokre hovudplagg, og andre ikkje. Dette kan variere mellom venner og internt i familiar, seier han, og spør:

– Ville han sagt noko liknande om kristne nonner?

Nouhaila Benzina i videospelet FIFA 23
Nouhaila Benzina i videospelet Fifa 23.

Unge muslimske jenter, uttrykkjer at dei ser på Benzina som eit førebilete:

– Om eg hadde sett nokon som det når eg var yngre, kunne det kanskje ha pusha meg til å spele fotball i yngre alder, sa Asma Hassan, fotballspelar på Saltley Stallion i Birmingham, til britiske BBC i juli.

Videospelet Fifa 23 har oppdatert Benzina sin modell i spelet, slik at ho bruker hijab også der, ifølgje det britiske musikkmagasinet NME.

Powered by Labrador CMS