Jamt løp om bispestilling: Dette meiner lokale kyrkjepolitikarar
DEN NORSKE KYRKJA: Kven blir ny biskop i Sør-Hålogaland? – Eg tenkjer at Kyrkjerådet bør lytte mest til bispedømerådet, seier Lars Evan Lauritzen, som ynskjer seg Svein Valle som biskop.

Lars Evan Lauritzen er listetopp for Open folkekyrkje i Sør-Hålogaland. Han kan skjøne at biskopane ynskjer seg Hallgeir Elstad sin teologiske kompetanse inn i bispekollegiet, men meiner at det er andre ting ein treng lokalt.
– Eg ville gått for Svein Valle. Han er ein roleg og fin fyr, men han har også gode tankar om leiing og strategi for tida framover, seier Lauritzen.
Fredag morgon blei det klart kven biskopane i Den norske kyrkja, og bispedømerådet i Sør-Hålogaland, ynskjer seg som arvtakar etter Ann-Helen Fjeldstad Jusnes, som var biskop i Sør-Hålogaland frå 2016 til i sommar.
Rangeringa frå biskopane og bispedømerådet er éin av fleire aspekt Kyrkjerådet skal ta med seg då dei vel kven dei skal tilsetje på møtet dei har i Bodø 21.–22. september.

Dei tre aktuelle kandidatane til å bli biskop i Sør-Hålogaland er stiftsdirektør i Nord-Hålogaland, Anne Skoglund, domprost i Bodø, Svein Valle og professor i kyrkjehistorie ved Det teologiske fakultet, Hallgeir Elstad.
Og det er sistnemnde flest biskopar ynskjer seg som ny kollega, sjølv om det er jamt mellom kandidatane. Skoglund og Valle fekk like mange fyrstestemmer, men Valle fekk fleire andrestemmer.
Fullstendige stemmetal kan du lesa her.
Bispedømerådet i Sør-Hålogaland ynskjer seg Valle som ny biskop. På andreplass har dei Skoglund, og på tredje er Elstad.
Valle har i periodar fungert som biskop, sidan Jusnes har vore sjukmeldt og gjekk av før ny biskop var på plass.
Håpar Kyrkjerådet vil prioritere
Lauritzen sit i dag som fyrste vara i bispedømerådet, men han har ikkje vore med på rådet si rangering av kandidatar.
Han fekk med seg presentasjonen av kandidatane i Bodø domkyrkje, og meiner Elstad her fokuserte vel mykje på det akademiske, og ikkje svarte skikkeleg på spørsmål om korleis ein skal få fleire prestar til å ville jobbe i bispedømet.
– Me i bispedømerådet skal jobbe veldig tett med biskopen, og det me treng handlar meir om leiing og styring, seier Lauritzen.
Han skulle også ynskje at Skoglund blei høgare prioritert av biskopane.
Likevel presiserer han at «me kjem til å få ein veldig god biskop uansett».
– Når me fyrst kan velje frå øvste hylle må me ta eit val. Eg tenkjer at Kyrkjerådet bør lytte mest til bispedømerådet.
– Må innrette oss med at me ikkje har det siste ordet
– Eg har eit godt inntrykk av fungerande biskop Svein Valle, men eg var også blant dei som bidrog til at Elstad skulle stille som ekstrakandidat, seier Trond Gustavson.

Han er fyrstekandidat på nominasjonskomiteens liste i Sør-Hålogaland bispedøme.
Elstad blei nemleg etternominert gjennom ei underskriftskampanje.
– Eg har ikkje tatt klar stilling til kven eg tenkjer er best, seier Gustavson.
For han, og i soknerådet han sit i i Ballangen, har det vore viktig med ein kandidat med tilknyting til regionen.
– Korleis forventar du at Kyrkjerådet vektlegg dei ulike ynskja som har komme fram i prosessen til no?
– Det er ulike omsyn å ta, og me må berre innrette oss med at me ikkje har det siste ordet, seier Gustavson.