
Då Erlend Fauskanger (21) først starta å studere teologi, tenkte han at han ikkje trong noko kall
«Herren velsigne deg»
Teologistudent Erlend Fauskanger (23) lyser velsigninga over forsamlinga i Fjell kyrkje kvar han har jobba som ferievikar sida sommaren 2022.
Etter eit år på Bibelskulen i Grimstad fann han ut at han ville studere teologi, men var lenge usikker på om han ynskja å verte ordinert som prest.

Det er han ikkje åleine om, det er færre og færre som vel dette yrket i dag.
Gjennom vikartenesta i Den Norske Kyrkja, har han funne ut at han ynskjer å verte prest.
Fauskanger ser på prestemangelen som ei stor utfordring.
«Eg ynskjer jo at det skal vere prestar i alle kyrkjene i Noreg», seier han og legg til at han er positiv til den erfaringsbaserte masteren på MF.
«Eg synast dette er eit godt tiltak for å utdanne fleire prestar», seier han.
Når han først starta å studere teologi, tenkte han at han ikkje trong noko kall.
«Eg har alltid tenkt at kall må vere noko stort og konkret. At Gud måtte kalle meg spesifikt til noko», seier han, men legg til at han no ser at det er mange små ting som har kalla han til prestetenesta.
Las meir om fotoprosjektet Min båt er så liten her.
Kvar veke vil Vårt Land denne hausten og på nyåret publisere nye bileter frå Min båt er så liten. Biletene kjem kvar fredag, på vl.no og på Instagram. Du kan sjå dei same biletene i papiravisa på laurdager. Sjå dei andre bileta vi har publisert, her:
«Ein vert ikkje så veldig utfordra når ein er i kristenbobla»

«Eg har kjøpt ein kross»

«Eg drikk berre brus, for Jesus er min rus»

«Ut til verden, inn til Kristus»

«For meg er det lettare å seie at eg er skeiv enn at eg er kristen»

«Eg vart veldig dregen mot dei folka som var så brennande»
