
Lucia-konsert med jentekor i Domkyrkja i Bergen har blitt ein viktig tradisjon for mange

Allereie i august startar jentene å mase om å øve til Lucia

– Det er eg som er litt gal, seier Eirin Beate Åserud-Løvlid som reiser i inn og utland for å skaffe rekvisittar og inspirasjon

I dag er dagen her, no skal dei skape eit pusterom i Bergen
Hekta på Lucia
Klokka er 06.00 og ein regnfull desemberdag er i ferd med å starte. Utanfor Domkyrkja i Bergen liknar det ein kva som helst dag i advent. Inne i ho ser det heilt annleis ut.
Her er lysa tente og rommet fylt av spente jenter med trøytte morgonfjes. På kjøkkenet duftar det av kaffi og nokre frukostrestar står på bordet. I natt har jenter frå Bergen Domkyrkje sitt jentekor og Øystese barnekor overnatta i kyrkja. No skal dei snart syngje konsert for innbyggjarane i byen.

– Det er høgdepunktet i året, det er dei heilt tydeleg på, fortel dirigent Eirin Beate Åserud-Løvlid og ler.
For 19 år sidan starta ho det som no har blitt ein viktig tradisjon for ho og jentene, men også for bergensarar.
– Dei startar allereie i august og spørje om når vi skal starte å øve til Lucia.

Hekta på Lucia
Nede i kjellaren i domkyrkja er eit eige lager fylt med rekvisittar til konsertdagen.
– Dette er jo på ein måte mitt verk, så det er eg som er litt gal, seier dirigenten med glimt i auget.
For ho har det blitt meir og meir Lucia med åra. Ho har teke fly til Stockholm rett etter konserten i Domkyrkja for å få med seg fleire Luciakonsertar og sjå korleis andre løyser det.


På repertoaret er fleire av songane svenske, der har dei hatt tradisjon Lucia-feiring i lang tid historisk sett.
– Tradisjonen er ung i Noreg, seier ho og fortel at tradisjonen på 70-talet vart kartlagt. På den tida var det ofte svenskar i Noreg som sto for feiringa, og den skjedde på tilfeldige tidspunkt.

Gule lys og lussekattar
Åserud-Løvlid fortel om ei reise til Venezia i Italia der ho besøkte kyrkja der Sankta Lucia visst nok skal liggje. Det er her tradisjonen har sitt utspring frå.
Tidleg på 300-talet, i det som i dag er Italia, skal Lucia ha blitt drepen på grunn av si kristne tru. Ho leid ein martyrdød, skal vi tru legenda. Men det er ikkje dette vi først og fremst tenkjer på når vi et lussekattane våre.


Det er ikkje lenger tilfeldig når vi feirar Lucia. Den 13. desember kvart år, tett opp mot vintersolkverv og årets kortaste og mørkaste dag, markerer barn i heile landet med lystog. Namnet «Lucia» stammar frå lux – som er det latinske ordet for lys. Koplinga mellom lyset og det gode har djupe røter i kristendommen. Det er også difor lussekattane er gule og lyse.
Svart senkar natta seg i stall og stue. Solen har gått sin veg, skyggene truer.
Mange kjenner songen, og tradisjonen har etter kvart fårr større plass i landet vår. For mange er det stort å få lov å vere sjølve Lucia, med ei krone av lys på hovudet.

Spenning og stas
Eirin Beate Åserud-Løvlid kjem inn dansande og glad frå kjøkkenet og ut i gongen, ho har akkurat fått ei god nyheit.
– Det er rekordsal i år!
Rundt omkring sit jenter å vert fletta medan andre spring rundt i kvitt ullundertøy.


– 5 minutt til oppvarming!
Frå badet høyrer ein små jenter le og tulle med teksten på ulike julesongar, dei som er litt eldre står og sminkar seg. Framfor ein stor spegel står Maria Rosamunde Sanyang (18) konsentrert og gjer siste finish.
– Eg er jo litt spent, eller nei, veldig spent.
Ho skal vere Lucia på den tradisjonelle konserten. Kvart år bytar dei på kven som er det, og det er dei eldste i koret som får ha denne rolla.

– Det er eit høgdepunkt å få vere Lucia, det er liksom noko ein går litt og ventar på.
Og det er ikkje berre berre å vere Lucia.
– Eg er litt nervøs for å ha sju brennande lys på hovudet, for at håret skal ta fyr, men eg har jo øvd.
Ein pause i kvardagen
Med regnfrakkar og paraplyar fyller gjestane radene i domkyrkja.
Bak i rommet står jentekoret klare, dei minste med elektriske lys og dei eldste med levande.
– Vär inte rädd for mörkret, for ljuset kvilar der.
Ungdomskoret står i ring framme og syng. Konserten er i gong og det er heilt stille i benkeradene.

Så vandrar dei roleg bak i salen. No skal krona på Lucia. Lysa vert tente og stille og roleg går lystoget opp midtgangen.
Jentene fyller opp korradene og rommet med vakker song, medan Lucia stoppar i midten framme og ser utover folkemengda.
No skal dei skape eit pusterom i julestria.