Har hasteforhandla fram avtale om nytt kyrkjeråd, etter sterke reaksjonar

KYRKJEMØTET: Dei fire val-listene i Den norske kyrkja fekk krass kritikk for å ikkje inkludere samiske representantar i forhandlingar om nytt Kyrkjeråd. No har dei jobba intenst for eit nytt forslag.

Kirkemøtet 2024
FORHANDLINGAR: Jo Hedberg i Bønnelista, Oddgeir Sølvfæstersen i Frimodig kyrkje, Erling Birkedal frå Nominasjonskomiteens liste og Gard Sandaker-Nielsen i Open folkekyrkje har kome fram til ei ny avtale om samansetjing av Kyrkjerådet.
Publisert Sist oppdatert

Ikkje alle var nøgde då leiarane for vallistene Open folkekyrkje, Frimodig kyrkje, Bønnelista og Nominasjonskomiteens liste torsdag stod på talarstolen framfor Den norske kyrkjas (DNK) 117 øvste folkevalde.

Dei presenterte forslaget sitt til nytt kyrkjeråd, DNKs «regjering». 13 plassar var fordelt mellom dei fire listene. Ingen samisk representant hadde fått plass.

Etter det Vårt Land kjenner til, blei det jobba intenst på kvelds- og nattestid for å få på plass eit nytt, meir representativt forslag, som Kyrkjemøtet fredag skal stemme over.

– Det stemmer. Det har vore viktig for alle grupperingane å få til ein avtale om samansetjing av Kyrkjerådet som har stor oppslutning i Kyrkjemøtet, og som òg ivaretar samisk representasjon, seier Gard Sandaker-Nielsen i Open folkekyrkje (OF).

– Vi jobba godt saman og involverte folk undervegs. Det gjorde at vi kom i mål. Det er vi veldig glade for, seier Sandaker-Nielsen.

Etter planen skal heile Kyrkjemøtet stemme over denne avtala fredag.

Dette er den nye avtalen

Fredag føremiddag blei det nye forslaget presentert for Kyrkjemøtet sine 117 representantar.

– Både den gamle og den kanskje nye leiaren av Samisk kyrkjeråd er konsultert, seier Gard Sandaker-Nielsen.

– Vi held oppe kjønnssammensetninga, men vi får ein mindre ung representant, under 30 år.

Kirkemøtet 2024
FORSLAG: Gard Sandaker-Nielsen i Open folkekyrkje, Erling Birkedal i Nominasjonskomiteens liste, Jo Hedberg i Bønnelista og Oddgeir Sølvfæstersen i Frimodig kyrkje presenterte det første kyrkjerådet torsdag.

Bønnelista går frå to til ein representant i Kyrkjerådet. Frå Nidaros blir sørsamisk representant Bjørn Thomas Åhrén føreslått.

Frå før har leiaren av Samisk kyrkjeråd hatt fast møte-, tale- og forslagsrett i Kyrkjerådet, men ikkje stemmerett.

Biskop ut mot første avtale: – Ugreitt

At det i Kyrkjerådet såg ut til å bli 13 folkevalde representantar, men ingen av dei er samar, fekk fleire til å riste på hovudet på opningsdagen.

Særleg fordi Kyrkjemøtet i år har ei stor sak etter Sannings- og forsoningskommisjonen si utgreiing om uretten Den norske kyrkja (DNK) har utsett samar for.

Etter at det første forslaget var lagt fram – utan nokon samisk representant – sa Sør-Hålogaland-biskop Svein Valle til Vårt Land:

– Eg opplever dette som ugreitt. Vi må rett og slett finne ei løysing på det.

Biskoper i Den norske kirke
ENGASJERT: Svein Valle var blant dei som reagerte på fråveret av samisk representasjon i Kyrkjerådet.

– Det at Kyrkjemøtet har disse to sakene samtidig, forsoningssaka og valet av kyrkjeråd, korleis ser du dei sakene i samanheng?

– Det er litt ironisk. Samtidig er det utruleg viktig for meg å seie at vi mistenkjer ingen sine motiv. Det handlar ikkje om det, i det heile tatt.

Powered by Labrador CMS