Har forsprang på éi stemme
DEN NORSKE KYRKJA: Vårt Lands ringerunde viser nesten daudt løp i kyrkjerådsleiarvalet. Mange har ikkje bestemt seg endå, og slaget om deira stemmer står det neste døgnet.

– Eg vil gjerne høyre samtalene i plenum før eg avgjer kven eg landar på.
Det seier kyrkjemøtemedlem Per Gunnar Pedersen om kven som skal få stemma hans i kyrkjerådsleiarvalet fredag.
Han er éin av 117 medlemmar med stemmerett i Kyrkjemøtet som er det øvste demokratiske organet i Den norske kyrkja (DNK). Dei skal samlast i Trondheim til sitt årlege møte 11.-14. april.
To teologar står på val til vervet som kyrkja si øvste, valde leiar: Gard Sandaker-Nielsen og Harald Hegstad.
Vårt Land har tidlegare skrive at det ligg an til å bli ein valthriller, og at det er knytt særleg mykje spenning til kven dei i Kyrkjemøtet som ikkje er tilknytte ei «kyrkjevalliste» vil stemme på. No har Vårt Land kontakta alle desse for å sjekke stoda.

Vil møte dei før han bestemmer seg
Pedersen er éin av dei, og for han er det spesielt éin ting han vil lytte etter før han bestemmer seg:
– Eg er oppteken av at me får ein leiar som er mest mogleg samlande.
Og Pedersen er ikkje aleine om å ikkje ha bestemt seg. Det har heller ikkje Ole Amund Hafell, som i likskap med Pedersen er valt inn i Kyrkjemøtet som representant for dei tilsette i DNK.
– Eg er oppteken av at vi skal velje ein person som skal vera andletet til kyrkja utad, med god kommunikasjon med media, styresmaktene og andre ein skal samarbeide med for å få gjennomslag for dei sakene som er viktig for kyrkja, seier Pedersen
Han vil gjerne vente til han har møtt dei to leiarkandidatane før han bestemmer seg, fortel han.
Blanke stemmer?
Det er altså 117 kyrkjemøtemedlemmar som har stemmerett i kyrkjerådsleiarvalet. For å bli vald treng kandidaten meir enn halvparten av stemmene. Dersom ingen stemmer blankt betyr dette minst 59 stemmer.
Hegstad er fremma som kandidat for Nominasjonskomiteens liste. Gitt at alle som er valt inn på deira lister stemmer på han betyr dette 26 stemmer.
Og nyleg kunne Vårt Land melde at han også kan rekne med å få dei 7 stemmene frå Frimodig kyrkje. Samanlagt er det 33 stemmer.
Bønnelista held korta tettare til brystet og har foreløpig ikkje gått ut med noko felles svar på kven stemmene til deira ti representantar går til. Men leiar Jo Hedberg vedgjekk nyleg i Vårt Land at Hegstad er «litt mer spiselig» for lista han leiar enn motkandidaten.
Det er derfor usikkert om dei vil stemme blankt, fremme sin eigen kandidat, eller stemme på éin av dei to noverande kandidatane.
Slik vil dei stemme
Får Sandaker-Nielsen alle stemmene frå den kyrkjepolitiske lista han leier, Open folkekyrkje, har han 34 stemmer.
Ein stemmer anonymt i kyrkjerådsleiarvalet. Det kan tenkjast at dette gjer det enklare for dei som høyrer til ei kyrkjevalliste å stemme på ein annan person enn det lista samla har gått inn for.
Tek ein det likevel som utgangspunkt at folk stemmer i tråd med si eiga liste, manglar Sandaker-Nielsen 25 stemmer og Hegstad 26.
Vårt Land har kontakta alle dei førti kyrkjemøtemedlemmar med stemmerett som ikkje høyrer til ein av dei fire kyrkjevallistene for å spørje kven dei vil ha som leiar av Kyrkjerådet.
Slik blei utfallet:
7 vil stemme på Hegstad
5 vil stemme på Sandaker-Nielsen
15 har ikkje svart eller vil ikkje svara
13 har ikkje bestemt seg
Tek ein med dette i berekninga manglar Sandaker-Nielsen 20 stemmer for å nå eit fleirtal, medan Hegstad manglar 19.
Har bestemt seg
Dag Tormod Milje er sokneprest i Tysvær. Han er ein av dei som har gjort seg opp éi meining.
Han synest det er to veldig gode kandidatar til leiarvervet denne gongen, men har bestemt seg for å stemme på Sandaker-Nielsen.
– Eg trur han vil bringe noko nytt og dynamisk inn i kyrkja si leiing. Han har ei sterk evne til å kommunisere og møte folk på som eg trur kyrkja er godt tent med, ikkje minst når vi vil nå menneske også utanfor våre eigne rekkjer.
Milje trur nokon ikkje vil ha Sandaker-Nielsen som ny kyrkjerådsleiar fordi han har vore så tydeleg i kampen for rettane til homofile i kyrkja, og i arbeidet å byggje opp og fronte Open folkekyrkje.
– Men han har ei veldig klar rolleforståing, og er ein dyktig strateg. Kyrkjerådsleiar har ein viktig, samlande funksjon for kyrkja, og eg tviler ikkje på at Sandaker-Nielsen forstår at han går inn i ei anna rolle om han blir kyrkjerådsleiar, seier Milje.