
«For meg er det lettare å seie at eg er skeiv enn at eg er kristen»
KRISTEN-BOBLA: Malene Mortensen (21) meiner at det er mange fordommar mot kristne i dagens samfunn.
Malene Martinsen vaks opp rett ved sida av kyrja og var aktiv der heile oppveksten.
Trua vart ein naturleg del av livet med ei mor som var aktiv medarbeidar.

«På vidaregåande fann eg ut at eg var skeiv, og då vart det vanskeleg å tru, » seier Mortensen og fortel om ei melding ho fekk frå ein ungdomsleiar som ramsa opp alt som var feil med det å vere skeiv.
For ho vart det viktig å lese seg opp å finne ut ulike syn på dette. Mortensen har følt at det ikkje alltid er rom for å vere skeiv og kristen, både i samfunnet og i det kristne miljøet, men ho opplever også ei endring.
Ho seier at ho kjenner på meir aksept og openheit no enn før.
Las meir om fotoprosjektet Min båt er så liten her.
Kvar veke vil Vårt Land denne hausten og på nyåret publisere nye bileter frå Min båt er så liten. Biletene kjem kvar fredag, på vl.no og på Instagram. Du kan sjå dei same biletene i papiravisa på laurdager. Sjå dei andre bileta vi har publisert, her:
«Ein vert ikkje så veldig utfordra når ein er i kristenbobla»

«Eg har kjøpt ein kross»

«Eg drikk berre brus, for Jesus er min rus»

«Ut til verden, inn til Kristus»
