For desse førstegongsveljarane er kristne verdiar viktig i valet av parti

UNG LANDSMØTE: Unge veljarar på Ung Landsmøte seier at kristne verdiar veg tungt når dei skal stemme for første gong. Kristelig Folkeparti (KrF) er partiet som går igjen.

Deltakarar frå UL
FØRSTEGONGSVELJARAR: Madelen Jacobsen Harboe (17) og Marie Gundersen (18) skal til hausten stemme for første gong.
Publisert Sist oppdatert

– Eg har høyrt mest om KrF. Det er jo mange av partia eg veit veldig lite om, og då er det jo lite naturleg å stemme på dei, seier Andrea Eidsheim (19).

Ho er ein av 128.600 som har fått stemmerett sidan stortingsvalet i 2021, og kan dermed ta turen til valurnene ved kommunestyre- og fylkestingsvalet for første gang i haust.

Eidsheim er ikkje åleine om rangere KrF høgt på lista over moglege kandidatar å gi stemmen sin til, blant førstegongsveljarar på Ung landsmøte (UL). UL er ein kristen festival i regi av Misjonssambandet ung og IMF-ung.

Vårt Land tok turen for å snakke med unge deltakarar som skal stemme for første gong.

Vil stemme KrF

For Helge Gullestad (18), Mads Byberg (18) og Ola Skarding (17) veg moralske verdispørsmål tungt i avgjerda. Dei trur alle dei landar på å gi stemma si til KrF.

– Eg synest det er viktig med saker som treff på menneskeverd og rettigheiter som mennesket har, då blant anna abort, seier Byberg.

Byberg og Skarding har vore elevar på Tryggheim vidaregåande skule, som er eigd av NLM.

Bilete av deltakarar på UL.
VAL: Tryggheim-elevane Helge Gullestad (18), Mads Byberg (18) og Ola Skarding (17) seier det er viktig at partiet dei stemmer på er opptekne av menneskeverd.

Hanna Høyvik (18) og Andrea Eidsheim (19) ser det også som sannsynleg at dei skal stemme på KrF. Dei går på den NLM-eigde vidaregåande skulen Lundeneset, der 118 av 176 stemmer gjekk til KrF i skulevalet 2017.

– Det er jo dei vi høyrer mest om, seier Høyvik.

– Men det er jo gjerne også fordi me først er så mange på same skule som har liknande verdiar, skyt Eidsheim inn.

Venner og miljø påverkar

Fleire av ungdommane trekk fram valgautomaten i spørsmål om kva som påverkar valet deira. Høyvik og Eidsheim trur også at å vere i eit kristent miljø der fleire i tillegg er engasjert i KrFU, er med på å påverke.

Elles trekk også Høyvik fram at samtalar med foreldre kan ha betydning.

Bilde av deltakarar frå UL.
KrF: Andrea Eidsheim (19) og Hanna Høyvik (18) er elevar ved den NLM-eigde vidaregåande skulen Lundeneset, der 118 av 176 stemmer gjekk til KrF i skulevalet 2017.

Byberg og Skarding seier også at det å diskutere ulike politiske spørsmål med vennar er ein påverknadsfaktor.

– Eg kjem til å søke opp ein del, og utforske kva dei ulike partia har å seie og kva dei tilbyr. Og eg kjem også til å høyre med venner. Eg har eit par venner som har sett seg enda meir inn i dette enn meg, og tenkjer at det er aktuelt for meg å stille spørsmål og høyre kva dei tenkjer også, seier Byberg.

Kristne verdiar har stor betydning

Marie Gundersen (18) og Madelen Jacobsen Harboe (17) går også på Lundeneset vidaregåande skule, og meiner kristne verdiar er viktige i valet deira.

Bilete av deltakarar på UL
VERDI: For Madelen Jacobsen Harboe (17) og Marie Gundersen (18) er kristne verdiar viktige i val av parti.

– For meg er det mest dei kristne verdiane vi har som for min del går på nestekjærleik – å hjelpe andre menneske, dei som har det verre enn oss sjølv, seier Gundersen.

Ho er tydeleg på at stemma hennar går til KrF. Harboe er einig i at dei kristne verdiane har stor betydning, men legg til at også andre temasaker påverkar kven ho vil stemme på, og er ikkje sikker i valet enno.

– Det er også andre personlege saker, som økonomi og samfunn, som veg like mykje opp som det kristne. Det er ikkje det som er det viktigaste, men det er ein viktig del av det, seier ho.

Harboe trekk fram at heimkommunen hennar har mange gardsdrifter, og at sentralisering derfor er ein viktig sak i bygda. På grunn av at heimbygda ut ifrå tidlegare trendar har enkelte store parti det ofte står i mellom, trekk ho fram at ho kjem til å stemme annleis i kommunevalet i haust, enn i stortingsvalet om to år.

– Eg kjem til å stemme på det partiet som eg er mest einig i av dei store partia heime, for viss ikkje har ikkje stemma mi så mykje å seie, seier ho.

Ikkje politisk debatt på UL i år

Martin Augestad er festivalsjef på UL, og trur kristne har godt av å diskutere seg i mellom.

– Er politikk eit tema på UL i år?

– Det er ikkje eit eige seminar om det i år. Vi har tidlegare hatt debattar når det har vore val, så det er eigentleg ikkje nokon spesiell grunn til at vi ikkje har det i år, når det er kommuneval. Det kunne vi nok absolutt hatt, seier Augestad.

Han seier det alltid har vore debatt som seminar under stortingsvala, og at dette har fått god respons. Planen er å fortsette med eit fokus på det.

– Det kjem politikarar frå mange forskjellige parti og ein får lære litt meir. Også det at det er ein debatt som kanskje blir litt meir spissa inn mot temaar som ungdommar som går på ein kristen festival, er opptekne av, seier han.

Portrett av Martin Augestad.
BETRE KVARDAG:– Eg trur me får ein betre kvardag og tar betre val når me forstår meiningsmotstandarane våre, og andre synspunkt betre, seier Martin Augestad, festivalsjef på Ung landsmøte (UL).

Han trur at politikk, av ulike årsaker, kan vere noko ein skygger unna sidan det kan opplevast ubehageleg at folk har forskjellige meiningar.

– Tenkjer du at kristne kunne ha vore flinkare til å diskutere seg i mellom, og at det kunne vore grunnlag for å vere meir ueinige enn ein kanskje har inntrykk av at kristne er?

– Vi har ikkje noko eige syn på det frå UL si side, men etter mitt eige personlege syn tenkjer eg at det er positivt å diskutere og tørre å vere ueinige, seier han.

Powered by Labrador CMS