Ein by i sorg

DRAPA I KONGSBERG: Biskop Jan Otto Myrseth bruka sørgjegudstenesta i Kongsberg til å oppmode om å ikkje gje hatretorikken rom. Moskéleiaren seier at tankane deira går til alle ramma og etterlatne.

GUDSTENESTE: Oussama Tllili, leiar for Kongsberg Islamsk kultursenter, deltok på sørgjegudstjeneste i Kongsberg kirke i forbindelse med drapa på fem personar.
Publisert Sist oppdatert

Liv Berit Borge. Hanne Merethe Englund. Gun Marith Madsen. Andréa Meyer. Gunnar Erling Sauve.

– Dei blei plutseleg rivne vekk frå oss på ein svært brutal måte. Fem familiar har mista sine næraste. Tre blei skada og fleire måtte springe vekk frå gjerningsmannen for å redde livet sitt.

Slik innleier prost i Kongsberg, Roar Tønnessen, sørgjegudstenesta etter den grufulle hendinga tidlegare i veka i sylvbyen.

Justisminister Emilie Enger Mehl hilser på prost Roar Tønnesen tv og Jan Otto Myrseth i forbindelse med sørgegudstjeneste i Kongsberg kirke i forbindelse med drapene på fem personer. POOL.
SAMTALE: Prost i Kongsberg prosti, Roar Tønnesen, i samtale med justisminister Emilie Enger Mehl.

I god tid før gudstenesta starta var køen av menneske som vil ta del i ho lang. Den slynga seg i fleire vinklar inne på kyrkjegarden, før den heldt fram ut av kyrkjeporten, og ut på fortauet. På parkeringsplassen utanfor kappa NRK og politiet om å ha flest køyretøy.

Dei vel tusen plassane som ein står att med etter at rikskringkastaren som sende gudstenesta direkte hadde breia seg ut, blei stort sett fylte opp.

Og det er ei stor breidde i dei som tek plass i kyrkjebenkane. Det er nære pårørande der, menneske frå lokalsamfunnet som vil vise støtte, men også justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp), Kronprinsen og Kronprinsessa, Statsforvaltar i Oslo og Viken, Valgerd Svarstad Huagland, og ordførar i Kongsberg, Kari Anne Sand er blant dei frammøtte. Og presskorps frå både inn- og utland fylgjer markeringa nøye.

– At dette kunne skje i vår vesle, normalt veldig fredelege by, seier prosten, neste oppgitt, til kyrkjelyden, og set ord på noko mange frå lolkasamfunnet har kjent på.

sørgegudstjeneste i Kongsberg kirke i forbindelse med drapene på fem personer.
VILLE DELTA: Kronprinsparet skal sjølv ha tatt kontakt og sagt at dei ville delta under sørgjegudstenesta i Kongsberg.

– Me pratar ikkje om anna

– Har dette verkeleg skjedd? Det er spørsmålet me gjentek for oss sjølve.

Bjørg Lier er ein av dei frammøtte. Ho fortel at byen har hatt ei merkeleg, stille stemning over seg dei siste dagane.

Ho set pris på at så mange tek turen til sørgjegudstenesta for å visse støtte. Ho har kjent på omsorga frå fjern og nær. Då ho møtte danske journalistar i sentrum fortalde dei at dei i nabolandet også har tatt dei grufulle hendingane inn over seg.

Lier kjenner fleire som er ramma av angrepet, og dessutan personar tett på gjerningsmannen. Stemma hennar skjelv.

– Me er i sorg. Me pratar ikkje om anna enn det som har skjedd, fortel Lier.

Bjørg Lier
SORG: Bjørg Lier fortel at byen er ramma hardt av sorg, og at det har vore ei stille atmosfære i Kongsberg dei siste dagane. – Har dette verkeleg skjedd, spør me oss sjølve.

Høgtideleg markering

Det relativt enkle eksteriøret til krosskyrkja i Kongsberg sentrum røper ikkje kva murveggane skjuler på innsida.

Den storslåtte altarveggen i rokokkostil rommar både preikestol, alter og orgel. Frå taket heng det tre ljosekroner med eit titals brennande stearinljos i kvar. Det er ikkje vanskeleg å tru på dei som seier at dei er blant dei største og vakraste i Norden. At ljosa blir tent skjer vanlegvis berre på julaftan og ved konfirmasjonar.

Heilt oppunder taket, i det som ville vore minst ein fjerdeetasje i eit vanleg bustadhus ruvar det største barokkorgelet i Norden, omkransa av utsmykkingar i gull og støvblå.

Dei fyldige, rolege tonane frå orgelet høgt der oppe møter dei skarpare tonane frå flygelet nede ved alteret. Ved tangentane sit det to brør. Ein kantor og ein pianist. Snart skal systera synge for alle dei frammøtte. Kongsberg stiller med sterke, lokale krefter.

Kongsberg 20211017. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit deltar på sørgegudstjeneste i Kongsberg kirke i forbindelse med drapene på fem personer. POOL.Foto: Terje Pedersen / NTB
BAROKK: Kongsberg kirke, den største barokk-kyrkja i Noreg, stilte med vakre omgjevnadar for sørgjegudstenesta.

– Ikkje gje hatretorikken rom

– Me søkjer saman her under kyrkjas høge kvelving, fordi me treng kvarandre. Treng påminninga om at me høyrer saman, særleg når me har stått ansikt til ansikt med dødens mørke.

Biskop Jan Otto Myrseth på den vesle talarstolen som stikk ut frå altarveggen. Han brukar fleire av orda til den kjente samlediktaren frå Kongsberg, Svein Ellingsen, i preika si.

Likevel legg han vekt på at det også er andre ting enn ord som trengst i tida som ligg framom.

– I sorgas mørke og dødsskuggens landskap er det ofte ikkje orda som er til størst hjelp, men opplevinga av å ikkje vere åleine. Me kan ikkje gjere ugjort det som er skjedd, men me kjem saman for å stadfeste at me treng kvarandre. Me vil så godt me kan trøyste dei redde, slå ring om dei sørgande, fortelje at me lir med dei såra og føler med dei pårørande.

I kyrkjebenkane ser ein tårer som blir tørka. Hender som stryk varsamt over ryggen til sidemannen.

Kongsberg 20211017. Biskop Jan Otto Myrseth deltar på sørgegudstjeneste i Kongsberg kirke i forbindelse med drapene på fem personer. POOL.Foto: Terje Pedersen / NTB
TRENG KVARANDRE: – Me søkjer saman her under kyrkjas høge kvelving, fordi me treng kvarandre, sa biskop i Tunsberg, Jan Otto Myrseth, under preika.

Biskopen brukar også høvet til ei oppmoding.

– Lat oss uthaldande avvise kommentarfeltas forsøk på å skape spenningar og gi hatretorikken rom.

Moskéleiar meiner Noreg har vist seg frå si beste side

Også leiaren for moskeen i Kongsberg, Oussama Tlili, snakka til dei frammøtte.

– Når slike tragediar rammar tilfeldig, brått og brutalt, blir ord fattige for å uttrykke sorg og kjensler.

Han la vekt på at Noreg fleire gonger før har blitt ramma av tragediar, og at landet kvar gong har vist seg frå si beste side i etterkant.

Han meiner denne gongen ikkje er eit unntak, og fortel om mange støttande meldingar og telefonar i dagane som har gått. Frå både kjente og ukjente.

– Ein kunne kjenne på varmen, medkjensla, trøyst og solidaritet, sa Tlili, som sa at dei ramma er med i tankar og bøner.

Også naudetatane var involverte i sørgjegudstenesta. Fem ljos, eitt for kvar av dei omkomne blei tent av representantar frå legevakt, kriseteam, politi, brannvesen og ambulanse.

«Himmelske Far. Til deg kjem me med våre tårer og vår uro, med vår fortviling over det grufulle som har ramma lokalsamfunnet vårt. Vær oss nær når me skal møte dagane som kjem», var ein av bønene som blei bedd.

– Folk står saman med oss

Sokneprest i Kongsberg, Reidar Aasbø, meiner sørgjegudstenesta er ei viktig markering.

– Det at det offisielle Noreg er til stade heilt frå toppen med kongehus, regjering, statsforvaltar og ordførar til dei heilt lokale viser at dette er noko heile landet står saman om.

Det at gudstenesta også blei sendt på NRK meiner han bidreg til det same.

Drapene på Kongsberg.
SAMLANDE: Sogneprest i Kongsberg, Reidar Aasbø, seier litt av målet med sørgjegudstenesta var å verke samlande og inkluderande i ei svært vanskeleg tid for byen.

– Det er viktig at me her i Kongsberg føler at folk står saman med oss.

I planlegginga av gudstenesta hadde dei fokus på å stelle i stand ei markering som skulle styrke samhaldet, trøyste og lindre.

– Me samla alle gode krefter i byen, uansett om dei kjente at dei høyrte til i kyrkja eller ikkje. Det var ei ordentleg gudsteneste, samstundes ynskte me å inkludere alle. Alle skulle få koma med den trua, eller ikkje-trua dei hadde.

Kom tett på kyrkjestaben

Kyrkjelydspedagog i Kongsberg, Vibe Haugejorden, seier dei også har kjent på eit sterkt samhald i staben i kyrkja.

– Alle har måtta trødd til, og plutseleg betyr ikkje stillingstitlar noko lenger. Ein gjer det som trengst.

Menighetspedagog i Kongsberg,VIBE HAUGEJORDEN
STÅR SAMAN: Kyrkjelydspedagog i Kongsberg, Vibe Haugejorden, fortel om slitsame dagar, men ei kjensle om at ein står saman i sorga.

Ein i staben i kyrkja hamna også sjølv midt i den dramatiske hendinga, noko som har gjort at det heile har kome endå tettare på for kollegaane.

Men sørgjegudstenesta blei ei fin samling for lokalsamfunnet, og Haugejorden og resten av staben i kyrkja kan no sjå framover. For det er endå mykje sorgarbeid att.

Prosten ber ei bøn for tida som ligg framom:

– Himmelske Far. Me takkar for at din omsorg ikkje tek slutt, sjølv om me har vondt for å fatte det no. Lat oss sjå ditt ljos i mørkeret til lidinga. Møt oss, Gud, i din son Jesus Kristus, og styrk håpet i oss.

Kongsberg-drapa

  • Fem personar blei drepne og tre skada onsdag 13. oktober då ein mann med pil og boge angreip folk i Kongsberg sentrum.
  • Alle framstår som tilfeldige offer, ifylgje politiet.
  • Kort tid etter blei 37 år gamle Espen Andersen Bråthen arrestert.
  • Bråthen blei to dagar etter hendinga varetektsfengsla for fire veker.
Powered by Labrador CMS