
«Eg drikk berre brus, for Jesus er min rus»
KRISTEN-RUSS: For mange er russetida assosiert med fyll og festing, men på fleire av dei kristne privatskulene rundt i landet er det vanlegere å være kruss.
I auditoriet på Framnes Kristne Vidaregåande skule, ein internatskule i Norheimsund, står ein gjeng med Kruss og kikar ut på medelevar som spelar frisbeegolf.
For mange er russetida assosiert med fyll og festing, men på fleire av dei kristne privatskulane rundt i landet er det vanlegare å vere Kruss, kristen russ, enn vanleg russ.
«Eg drikk berre brus, for Jesus er min rus» er eit kjend sitat som fleire har på dressen saman med andre kristne symbol, som til dømes jesusfiskar og kross. Mange har også bibelvers og bilete av Jesus på dressen.

Las meir om fotoprosjektet Min båt er så liten her.
Kvar veke vil Vårt Land denne hausten og på nyåret publisere nye bileter frå Min båt er så liten. Biletene kjem kvar fredag, på vl.no og på Instagram. Du kan sjå dei same biletene i papiravisa på laurdager. Sjå dei andre bileta vi har publisert, her:
«Ein vert ikkje så veldig utfordra når ein er i kristenbobla»

«Eg har kjøpt ein kross»
