Dette seier kyrkjeprofilar om ny domprost i Oslo

DEN NORSKE KYRKJA: Dei fleste Vårt Land har snakka med om den ledige stillinga som domprost i Oslo, vil ikkje peike ut nokon favorittar. Med eitt unntak.

.
FLINKE FOLK: Det er så mange flinke folk som har søkt stillinga som domprost at det er vanskeleg å framheve nokon, meiner fyrsteamanuensis ved Det teologiske fakultet, Merete Thomassen. Ho gjer likevel eit forsøk.
Publisert Sist oppdatert

– For meg er det særskilt to kandidatar som peikar seg ut.

Det seier fyrsteamanuensis ved Det teologiske fakultet, Merete Thomassen, om søkjarlista til ny domprost i Oslo.

Ho meiner det er ei veldig sterk liste. Det er ho ikkje aleine om.

Vårt Land har tatt ein prat med personar som kjenner landskapet godt om kandidatane og om kva ein ser etter i ein domprost i Oslo.

Ho har ein skreddarsydd profil for stillinga

Merete Thomassen om Margunn Sandal

Sjå søkjarlista lenger nede i saka.

To som peikar seg ut

– Eg merka meg Margunn Sandal, seier Thomassen.

Ho trekkjer fram at Sandal har skrive doktorgrad om kyrkjearkitektur, og at ho har lang erfaring som prest.

– Dessutan har ho økumenisk erfaring etter å ha jobbe i Mellomkyrkjeleg råd og ho har nyttig erfaring innan kultur som generalsekretær for Norske Kirkeakademier, seier Thomassen.

– Ho har ein veldig stor kompetanse på det skjeringspunktet som domkyrkja står i som ei veldig viktig nasjonal kyrkje. Ho har ein skreddarsydd profil for stillinga, meiner Thomassen.

Ho trekkjer også fram Roger Jensen, som i dag er sokneprest i St. Hanshaugen sokn i Oslo. Tidlegare har han mellom anna arbeidd som pilegrimsprest.

– Han er ein habil teolog og er ein som kjenner teologien og kyrkja i Oslo veldig godt.

Thomassen meiner Jensen si erfaring frå pilegrimsarbeidet kan koma godt med for å møte menneske som søkjer etter noko åndeleg, men kanskje på andre stadar enn i kyrkja.

Sjølv om det er desse to namna som peika seg mest ut for Thomassen har ho eit luksusproblem.

– Det er så mange flinke folk at det er vanskeleg å framheve nokon.

Likevel meiner ho at Sveinung Hansen som i dag er prost i Hallingdal har eit veldig godt omdømme, og at andre gode namn er Birte Nordahl, Pål Kristian Balstad og Lars Martin Dahl.

Desse har søkt:

  • Hallvard Olavson Mosdøl (51), sokneprest/teamleiar Lillestrøm kyrkjelyd.
  • Prins Kjell Reidar Thoresen (79).
  • Lars Martin Dahl (51), sokneprest.
  • Margunn Sandal (60), sokneprest i Frogner kyrkjelyd.
  • Tor Øystein Vaaland (63), kyrkjefagsjef.
  • Roger Jensen (54), sokneprest.
  • Sveinung Hansen (48), prost i Hallingdal prosti.
  • Øyvind Stabrun (56), prost i Asker prosti.
  • Christofer Solbakken, (53), prost Oslo.
  • Stephen Sirris (46), prodekan.
  • Erling Bakke Nydal (56), sokneprest i Kinn.
  • Birte Nordahl (44), avdelingsleiar ved Bymisjonssenteret Tøyenkirken.
  • Pål Kristian Balstad (44), leiande prest i Trefoldighetskirken, freds- og forsoningskyrkja i Oslo.

Ynskjer biskopen motstand?

Fredrik Saxegaard, fyrsteamanuensis i praktisk teologi på MF, meiner bispedømerådet må balansere mellom å finne ein god leiar for prestane, ein som kjenner lokalmiljøet godt, som kan vera ein innovativ kyrkjeleiar og som kan ha ei symbolbærande og offentleg rolle.

Fredrik SaxegaardFørsteamanuensisPraktisk teologi, MF
Fredrik SaxegaardFørsteamanuensisPraktisk teologi, MF

– Det er ikkje gitt at alle søkjarane er like sterke på alle desse fire områda.

Saxegaard er òg spent på kor mykje påverknadskraft biskopen har i tilsetjinga.

– Har ho snakka med nokon på førehand, og kven på lista ser ho for seg å kunne ha ein fortruleg relasjon til? Spørsmålet er også om ho fyrst og fremst vil ha nokon som er einig med henne, eller om ho ser etter nokon som også vil yte litt motstand og representere ein annleis profil, seier Saxegaard.

Domprosten blir nemleg ein del av leiargruppa til biskopen, og skal dessutan vera vikar for Veiteberg når det trengst.

Saxegaard påpeikar at domprosten er meir enn biskopen si høgre hand, og at kva bispedømerådet legg vekt på og ynskjer vil bli avgjerande.

Kva er ein prost?

  • Den norske kyrkja har dela Noreg inn i 11 bispedøme. Desse er på nytt dela inn i mindre prosti.
  • Prosten leiar prestetenesta i sitt prosti, for biskopen. Ho er altså prestane i prostiet sin personalleiar.
  • Ein kan med andre ord kalle prosten ein mellomleiar.
  • Prosten må vera prest, og i tillegg til leiaroppgåver gjer ein prost vanlege presteoppgåver.
  • Prostar skal også vera eit bindeledd mellom bispedømet og dei kyrkjelege fellesråda. Sistnemnde tilsvarar vanlegvis éin kommune.
  • Domprost er prost i eit prosti med domkyrkje. Det er elleve domprostar i Den norske kyrkja.

Kjelde: Den norske kyrkja, Store norske leksikon og Vårt Land.

Planlegg tilsetjing i midten av september

Stiftsdirektør i Oslo, Ole Edvard Wold-Reitan, seier til Vårt Land at planen er å tilsetje ny domprost på bispedømerådet 18. september.

– Men det kan så klart skje ting i løpet av prosessen som gjer det vanskeleg, eller rådet kan velje å sende saka tilbake.

Ein stiftsdirektør er den daglege leiaren av bispedømekontoret og bispedømerådet si verksemd.

Wold-Reitan vil ikkje seie om dei er i gang med å intervjue kandidatar.

Mange krav og forventingar

– Det er ei god søkjarliste og det er fleire der som kan vera gode kandidatar, seier Tone Stangeland Kaufman.

.MF
KREVER MYKJE: – Det krever ein allsidig kompetanse, seier Tone Stangeland Kaufman om domproststillinga i Oslo.

Ho er professor i praktisk teologi ved MF vitenskapelig høyskole.

Kaufman ser ei breidde i kandidatane, og meiner dei kan bidra på ulikt vis.

Ho meiner det er mange forventingar knytt til domprosten i hovudstaden og trekkjer mellom anna fram korleis det krev god teologisk kompetanse, at ein er god til å handtere media, at ein er nytenkjande, er ein god predikant og liturg, i tillegg til at ein er kreativ, visjonær og ein god leiar.

– Domproststillingane i Oslo og Nidaros krev litt meir enn andre domproststillingar, meiner Kaufman.

Rus og psykiatri

Også Thomassen har forståing for at det er spesielle krav til domprosten i hovudstaden. Likevel er ho klar på at det er vanskeleg å finne éin person som er god på alt ein ynskjer seg.

– Men domprosten må handtere fleire ytterpunkt. Ein er midt i storbyen på godt og vondt. Det er ikkje heilt sjeldan at ein må handtere rus og psykiatri midt i ei gudsteneste i domkyrkja, seier Thomassen.

Olav Dag Hauge var domprost i Oslo frå 1998 til 2013.

13.juli. Oslo, Norge. Olav Dag Hauge, tidligere domprost i Oslo. Fotografert i Domkirken ifb. med 22.juli 2011, til serien 'fortellinger fra kristen-norge'
TIDLEGAR DOMPROST: Olav Dag Hauge på sin tidlegare arbeidsplass.

Han vil ikkje meine noko om søkjarlista anna enn at det er flott at så mange dyktige personar ynskjer å ha stillinga.

– Det er ein av dei viktigaste stillingane i Den norske kyrkja. Så eg er like spent som alle andre, seier Hauge.


Powered by Labrador CMS