Ungdomsfestivalen UL tek vare på bedehuskulturen med kyrkjekaffi, basar og fokus på misjon

Jens Gabriel (16) og Ivar Johannes (16) ynskjer sjølv å verte misjonærar som vaksne

Festivalen er den staden i Europa der flest vert sendt ut som misjonærar frå, meiner leiar Hans Kristian Skaar

– Det stinkar misjon her

Publisert Sist oppdatert

Inne i ein møtesal er rommet fylt med ei duft av kaffi. På eit retro bord står det fat med kjeks og saft på broderte dukar med telys og blomar. På veggane heng det broderte veggteppe og rommet er lyst opp av gamle lampar. Ein skulle nesten tru at ein var på eit bedehus, men rundt borda sit kaffitørste UL-deltakarar klare for kyrkjekaffi etter morgonmøte.

Vi befinn oss i UL+ loungen, eit eige rom for unge vaksne over 22 år. Utanfor dette spesialdesigna rommet, er det litt meir liv og leven. Det er her dei fleste deltakarane er, ungdom frå heile landet frå 14 år og oppover.

UL 2023.
I år var det laga til ein eigen UL+ lounge med møblar frå Gjenbruken til NLM. Estetikken var bedehusinspirert, noko fleire av deltakarane truleg kjende seg igjen i.

– Kort fortalt så starta UL i 1947. Ein såg at ein hadde eit behov for ein landsleir for ungdom. Det var kanskje den første i Noreg. Det starta som Misjonssambandet sitt landsmøte for ungdom kor verdiane til organisasjonen gjennomsyra arrangementet, og det gjer det framleis.

Dette fortel Misjonssambandet ung sin leiar, Hans Kristian Skaar, som har hatt overordna ansvar for festivalen i 18 år. Ung Landsmøte (UL) er Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) og Indremisjonsforbundet (IMF) sin ungdomsfestival. Med to misjonsorganisasjonar er det eit tydeleg fokus på misjon på festivalen. Ikkje ulikt innhaldet ein kunne forvente på eit bedehus, forteljast det om misjonsarbeid rundt om i verda og ungdommen vert informert om og oppfordra til å gi pengar til misjonen.

UL 2023.
– Då eg var ung var det kulaste å sitte på bakerste benk, medan no stressar folk for å sitte framst. Og det som kanskje er den største forskjellen er i forbøn og samtale. Då eg starta å gå på UL, var det kanskje fire-fem litt rare personar som gjekk til eit klasserom og fekk forbøn, medan dei siste åra har vi hatt rundt tusen samtalar kvart år på UL, fortel Hans Kristian Skaar, som har hatt overordna ansvar for festivalen i 18 år.

Skaar meiner at UL er den staden i Europa flest vert sendt ut som misjonærar frå, og der flest unge melder seg til å gi fast til misjonen.

– Det stinkar misjon her, seier Skaar og ler.

Rundtomkring på festivalområdet heng det store, gule banner kvar det står «Festival som forandrer». Dette er slagordet til UL.

UL 2023.
Jens Gabriel Oma (16) og Ivar Johannes Klyve (16) er begge misjonærbarn og har budd saman i Kenya. Dei ynskjer sjølv å verte misjonærar når dei vert vaksne. – Når eg har budd i utlandet, så ser ein at det finnast mykje meir enn lille Noreg, seier Oma. – Eg har lyst å reise ut når eg vert stor. Det trur eg eg må. Eg klarar ikkje forestille meg å bu i Noreg resten av livet, fortel Klyve.

– Trur du at festivalen forandrar?

– Det har eg gleda av å sjå her. Ein av deltakarane som har gjort sterkast inntrykk på meg er ein fyr som reiste heilt åleine i 43 timar frå ei bygd oppe i Nordland. Han reiste med buss, båt og tog og kom hit heilt åleine. Han kjente ingen aktive kristne der han budde og fortalde at det å komme på UL gjorde at han kunne halde på den kristne trua si eit år til, seier Skaar.

UL 2023.
Ung Landsmøte 2023. For Stig Morten Odland Olsen (18) er UL sommarens høgdepunkt. Han bur no på Senja og fortel at det er få kristne der han bur. Han reiser åleine på UL, men møter mange han kenner på UL.
UL 2023.
Lýdía Líf Aronsdóttir (20), Elfar Leví Sigmundsson (19), Davíð Ómar Kristjánsson (16), og Elísabet Anna Pétursdóttir (20) reiser med ein gjeng med ungdom frå Island for å delta på UL. – Vi synast Noreg er veldig fasinerande. Kulturen er veldig lik som på Island, men de har eit veldig stort, ungt kristent miljø, det har vi ikkje på Island, seier Aronsdóttir. Dei synast alle det er kjekt å vere på standområdet, og vurderer å gå på bibelskule i Noreg.


Temaet for UL er i år HøyTid, med stor T.

– Høgtid handlar om to ting. Vi opplever ein ungdomsgenerasjon som opplev livet som veldig stressa, samtidig så har den gjennomsnittlege tenåringen over 9 timar i skjermtid. Vi tenkjer at bibelen har noko å formidle der, at Gud har lagt ned noko i skaparverket i forhold til minutt, timar, veker, månadar, årstider og kvile og arbeid som vi ynskjer å formidle, fortel Skaar.

– Vi som bedehusorganisasjon har ofte vore litt dårleg på høgtider. Medan kyrkja verkeleg feirar høgtidene med gudstenester dag etter dag, så stikk bedehusfolket på fjellet på hytta. Vi vil sørgje for at ungdommane får sjå noko av det sentrale i høgtidene som står om i bibelen.

UL 2023.
Ada Skretteberg (16) og Elisabeth Gunneng (16) er ein del av eit opplegg som heiter Ung disippel og meiner at UL er sentralt for trua. – Du er saman med mange andre, då vert det mykje lettare seier Skretteberg.

Ung Landsmøte (UL)

  • Norsk Luthersk Misjonssamband og Indremisjonsforbundets årlege ungdomsfestival
  • UL 2023 arrangerast i IMI Forum i Stavanger, 11-15. juli
  • Om lag 1000 deltakarar
  • Årets tema: HøyTid

Misjonsfokuset har sida UL først starta i 1947 gjennomsyra arrangementet og dei heldt fast på mange tradisjonar, samtidig som dei ynskjer å prøve ut nye ting. Dei siste åra har dei laga eit nytt opplegg for unge vaksne over 22 år; UL+. I år er det første gong det er eit eige tilbod heile veka.

– Det finst få liknande tilbod for oss som er unge vaksne frå 22 år og oppover, seier Margrete Sørbø (25).

Ho er leiar for UL+ og fortel at ho opplev at det er både deltakarar som har eit nært forhold til UL og som ikkje har det, men at ein del av UL+-deltakarane er folk som på eit tidspunkt har tenkt at dei vart for gamle for UL.

UL 2023.
Margrete Sørbø (25) er leiar for UL+ og Martin Augestad (27) er prosjektleiar. – UL er ein festival so har disippelgjort meg. Gjennom forkynnelse, seminar og rollemodellar har eg fått sjå meir av kven Jesus er, kva han har gjort for meg og kva det har betydd for livet mitt, seier Sørbø.

Sørbo tenner lyset som står på den broderte duken på bordet før ho seg ned i ein brukt sofa. På andre sida av bordet sit Martin Augestad som er festivalsjef for andre året på rad. Han har vore på UL heilt sidan han var gamal nok til å delta, og han meiner at misjonsfokuset er viktig. UL+-loungen ber tydeleg preg av bedehusestetikken, noko mange deltakarar truleg kjenner seg heime i. Sørbø fortel at møblane er lånt frå Gjenbruken til NLM, og at det difor vert slik estetikk.

Han håpar og trur at bodskapen om misjon når inn til ungdommane og opplev at det har vore eit auka misjonsfokus blant unge i Noreg og viser til misjonskonferansen The Send som vart arrangert nasjonalt i fjor og lokalt i år.

UL 2023.
Etter morgonmøtene var det laga til kyrkjekaffi for dei som var deltakarar på UL+.
UL 2023.
Aase Victoria Wangen (29) holdt swingkurs for UL+-deltakarane torsdagkveld og synast det gjekk over forventningane. – Eg hadde aldri trudd det kom til å kome så mange som det gjorde.

Visjonen til UL er at vi ynskjer å vere ein festival som forandrar. Punktum.

Martin Augestad, festivalsjef

Onsdag kveld var det humorshow for UL+ deltakarane. Her avslørte dei angiveleg agendaen til UL+, nemleg at det ikkje lenger skulle vere så mange single, unge vaksne i miljøet. Torsdag kveld var det swingkurs som sto på UL+-programmet, og samtidig vart det arrangert basar.

– Er swingkurset ein del av denne agendaen til UL+ om å få færre single?

– Det er ikkje agendaen, og det er eigentleg veldig viktig for meg, seier Sørbø medan ho og Augestad ler.

Det er trass alt ikkje eit singeltilbod. På UL+ er både single, gifte, og ein babykrok.

UL 2023.
– Bedehuskulturen ligg her som ei arv som mange er stolte av. Mange tek med seg gode ting frå bedehuskulturen, men er open for å endre ting. Det er litt det ein har gjort på UL+, ein har teke med seg gode tradisjonar. Ein så enkel ting som å ha saft på kyrkjekaffien. Ein gjer litt humor av det også, fortel Andreas Furnes (27). Han har vore med som møteleiar i fleire år.

– Visjonen til UL er at vi ynskjer å vere ein festival som forandrar. Punktum. Ikkje sivilstatusar, seier Augestad og ler før han vert litt meir seriøs.

– Vi tenkjer at UL har ein djupare intensjon om at menneske skal oppleve å verte forandra av Jesus og bodskapen som bibelen snakkar om. Vi trur at det er meir enn berre ein interessant historie, det er ein livsforvandlande bodskap.

UL 2023.
David Naustvik (15), Ingeborg Nordvarhaug (16), Elias Kjellevik (16), David Ingebregtsen (16) har blitt kjent på UL. – Eg har vore her 14 år på rad, fortel Nordvarhaug. Ho har vore med mora hennar, som har vore frivilleg, og ho er no gamal nok til å delta sjølv.
UL 2023.
Morten Ivar Pettersen (63), til venstre, har vore friviljug i over 10 år. – Det er ei glede å vere frivijug og skape ei god atmosfære på UL.
UL 2023.
Torsdag kveld var det duka for basar.
UL 2023.
Emilie Esperø er på UL for andre gong og synast det er gode seminar på festivalen. På UL er det stort fokus på møtene og seminara kvar dag.
UL 2023.
Håkon Rydland (25) og Mari Rydland (24) møttes på basar på UL for fem år sidan. Dei er no gift og skal reise ut som misjonærar i jaunuar.
Powered by Labrador CMS