Desse har søkt om å bli domprost i Oslo. Biskopens reaksjon: – Wow

DEN NORSKE KYRKJA: Elleve menn og to kvinner vil bli ny domprost i Oslo.

Pride 2023
NØGD: Kari Veiteberg blei glad og stolt over å sjå på søkjarlista til stillinga som domprost i Oslo domprosti.
Publisert Sist oppdatert

– Wow, tenk at den og den og den har søkt.

På telefon frå barndomsøya Stord gjev Oslo-biskop Kari Veiteberg ei reprise på reaksjonen sin på lista over søkjarar til å bli domprost i Oslo.

– Eg blei så glad når eg såg at lista var full av veldig spanande søkjarar. Det er ikkje sjølvsagt, og eg tek det som ei fjør i hatten for bispedømet og domprostiet, fortel Veiteberg, som synest det er triveleg å sjå at mange også kan tenkje seg å jobbe tett med ho.

Domprosten blir nemleg ein del av leiargruppa til biskopen, og skal dessutan vera vikar for Veiteberg når det trengst. Domprosten har difor ei særstilling i høve til prostane elles.

– Samarbeidet mellom oss to er veldig viktig, seier Veiteberg.

Oslo 20221020. Oslo domkirke torsdag ettermiddag.
STOR AKTIVITET: «Oslo domkirke er hovudstadens og biskopens kyrkje med eit rikt gudsteneste- og musikkliv», skriv Den norske kyrkja om domkyrkja som ligg i Karl Johans gate midt i Oslo sentrum.

Ho meiner den som skal ha domproststillinga må ha «det vesle ekstra», sidan domkyrkja har ei særskilt tyngde og ein viktig posisjon i Noreg og kyrkja.

– Ein trygg og god domprost der er kjempeviktig. Me blir bruka til viktige merkehendingar og både Kongehus, Storting og styresmakter ligg rett i nærleiken.

Kva er ein prost?

  • Den norske kyrkja har dela Noreg inn i 11 bispedøme. Desse er på nytt dela inn i mindre prosti.
  • Prosten leiar prestetenesta i sitt prosti, for biskopen. Ho er altså prestane i prostiet sin personalleiar.
  • Ein kan med andre ord kalle prosten ein mellomleiar.
  • Prosten må vera prest, og i tillegg til leiaroppgåver gjer ein prost vanlege presteoppgåver.
  • Prostar skal også vera eit bindeledd mellom bispedømet og dei kyrkjelege fellesråda. Sistnemnde tilsvarar vanlegvis éin kommune.
  • Domprost er prost i eit prosti med domkyrkje. Det er elleve domprostar i Den norske kyrkja.

Kjelde: Den norske kyrkja, Store norske leksikon og Vårt Land.

Går av etter ti år

Denne hausten går domprost i Oslo domprosti, Anne-May Grasaas av med pensjon, etter å ha hatt den sentrale leiarstillinga i Den norske kyrkja i ti år.

No har elleve menn og to kvinner har søkt om å overta stafettpinnen etter henne. Fristen gjekk ut 20. august.

Desse har søkt:

  • Hallvard Olavson Mosdøl (51), sokneprest/teamleiar Lillestrøm kyrkjelyd.
  • Prins Kjell Reidar Thoresen (79).
  • Lars Martin Dahl (51), sokneprest.
  • Margunn Sandal (60), sokneprest i Frogner kyrkjelyd.
  • Tor Øystein Vaaland (63), kyrkjefagsjef.
  • Roger Jensen (54), sokneprest.
  • Sveinung Hansen (48), prost i Hallingdal prosti.
  • Øyvind Stabrun (56), prost i Asker prosti.
  • Christofer Solbakken, (53), prost Oslo.
  • Stephen Sirris (46), prodekan.
  • Erling Bakke Nydal (56), sokneprest i Kinn.
  • Birte Nordahl (44), avdelingsleiar ved Bymisjonssenteret Tøyenkirken.
  • Pål Kristian Balstad (44), leiande prest i Trefoldighetskirken, freds- og forsoningskyrkja i Oslo.

Forkynnar og strateg med stor arbeidskapasitet

I stillingsutlysinga skriv Oslo bispedøme at dei ynskjer seg ein person med strategisk blikk, stor arbeidskapasitet og solid teologisk kompetanse.

I tillegg ynskjer dei seg ein dyktig og engasjerande forkynnar og liturg med gode kontaktskapande evner.

Oslo domprosti har Oslo domkyrkje som hovudsete. I stillingsutlysinga omtalar ein kyrkja som «eit av landets alle mest sentrale kyrkjerom».

Folketalet i prostiet er nesten 150.000, det er sett saman av ni sokn. Den nye domprosten blir leiar for 19 kyrkjelydsprestar, to fengselsprestar og éin gateprest for ungdom.

Powered by Labrador CMS