Ved inngongen til Ufestivalen står det SANNHET tagga på eit rive laken

Foto: Matilde Solsvik

I møtesalen hoppar og dansar unge framfor scena så sveitten renn

– Det har vore viktig å sjå at mange på min alder synast dette med Jesus er viktig og kult, seier Victoria Otterbeck (21), som er friviljug på festivalen

– Der Den heilage ande er, der er det liv, glede og fest

Publisert Sist oppdatert

Med tunge sekkar og soveposar under armane går store grupper med ungdommar opp ein lang grusbakke. Det er mørke skyer på himmelen, men dette ser ikkje ut til å påverke nokon. Trass ein dryg bakke og tungt å bære opp mot Hedmarktoppen Folkehøgskule, er det smil, forventningar og latter som pregar stemninga i det dei skal registrere seg til Ufestivalen 2023, Pinsebevegelsen i Norges årlege ungdomsfestival.

– Eg har vore her sida eg var 13 år. Eg har vakse opp med at det er stabile og god leiarar her, og det har vore avgjerande for både mitt sosiale liv og mitt trusliv. Mitt mål er å kunne gi det vidare, sida det betydde så mykje for meg då eg var 13 år, fortel Victoria Otterbeck (21) som er friviljug.

– Det har vore viktig å sjå at mange på min alder synast dette med Jesus er viktig og kult, legg ho til.

Ufestivalen 2023.
50 ÅR: – Det er mykje gode folk involvert. Ufestivalen er snart 50 år og det er så mange folk som har eit hjarte for dette. Og då er det lett for meg å komme inn i dette her, fortel Benedikte Drivdal Bjerknes (24) som er festivalleiar for første gong i år.

På toppen av bakken står friviljuge medarbeidarar og tek dei i mot. Det er indiepop på anlegget og staden er pynta med revne laken, tagging og brukte bildekk. Ved inngongen står det SANNHET tagga på eit rive laken. Dette er temaet for årets festival. Det er laga til ein sittestad under med ein gamal, brukt og sletn sofa og det ligg brukte bildekk rundt. Lyslenkene heng litt tilfeldig over det rivne lakenet, men tanken bak estetikken er nok ikkje så tilfeldig som det kan sjå ut som.

– Det føles som om at det er dette eg kjem til å snakke med barneborna mine om – tida i Ufest. Det føles sånn, for det har så sjukt store ringvirkningar og det er så mange menneske som har så viktige erfaringar her, fortel Thomas Neteland med entusiasme.

Ufestivalen 2023.
DEN HEILAGE ANDE: – Vi trur at der den heilage ande er er det liv, der er det glede, der er det fest. Så vi brukar ganske mykje energi på det, og du kan til og med sjå det i regnskapet. Vi brukar pengar på å ha det gøy, seier Thomas Neteland (29).

Neteland har ikkje vakse opp med å gå på Ufestivalen, men vart med som leiar for ungdommar då han var rundt 20 år. Då talte han for første gong på festivalen, og i år talar han om om festivalens tema, Sanning, på opningsmøtet i hovudbygget.

Under møtet vert ungdommane invitert fram til scena under lovsongen og med stort iver hoppar og dansar dei til musikken så sveitten renn.

Ufestivalen 2023.
DANS PÅ SCENA: Under opningsmøtet på Ufestivalen sprang deltakarane fram til scena for å danse.

– Mange er veldig energiske og gira på Ufestivalen. Trur du det kan stå i vegen for bodskapen?

– Eg trur det nesten er avgjerande. Det handlar om ein hjarteposisjon der ein seier «dette skal eg få noko ut av». Og erfaringen er at om ein har den forventningen så får ein den erfaringen, fortel Neteland.

Han fortel at alt dei gjer på Ufestivalen er tenkt på for ein grunn: At det kjem ein frelsesinnbydelse på kvelden, altså ein mogelegheit til å uttrykke eit ynskje om å ta imot frelse, og ein moglegheit til å opne seg opp for Den Heilage Ande.

Ufestivalen 2023.
FRÅ HEILE LANDET: Rebekka Thomsen (18), Maria Lauglo (18), Eileen Toussaint (19), Chloé Toussaint (17) og Veronica Lauglo (16) har reist frå Trøndelag til Ufestivalen. Ungdom reiser frå heile landet for å delta.

Ufestivalen

  • Pinsebevegelsen i Norges årlege ungdomsfestival
  • Arrangeres frå 29. juni til 2. juli på Hedmarktoppen i Hamar
  • Årets tema: Sannhet
  • Samlar omtrent 1000 deltakarar

– Ein kan sei sånn «dei speler på kjensler», og ja, sjølvsagt gjer vi det. Vi er menneske, vi har kjensler i aust og vest. Og dette er ein måte å kanalisere kjenslene på noko som er godt. Å bruke energien, fokuset og vekke opp vårt eige indre. Men det er viktig å ha det moro også.

– Vi trur at der den heilage ande er er det liv, der er det glede, der er det fest. Så vi brukar ganske mykje energi på det, og du kan til og med sjå det i regnskapet. Vi brukar pengar på å ha det gøy, seier Neteland og ler.

Ufestivalen 2023.
LATTER OG DANS: Under «Tårsdag Kvell Shåv» på slutten av kvelden var det høgt engasjement, latter og dans.

Det visuelle er også ein viktig og nøye gjennomtenkt del av arrangementet. Ufestivalen er snart 50 år, men ynskjer ikkje å gjere det same år etter år. Kvart år er det eit nytt visuelt konsept som møter deltakarane som kjem på festivalen. Dette er nøye gjennomtenkt og dette er det Emilie Fosstveit (25) som står bak. Ho er Art Director på Ufestivalen og følgjer nøye med på kva som skjer i samfunnet og i ungdomskulturar for å lage eit kult og moderne uttrykk på festivalen.

Ufestivalen 2023.
VIMPLAR FOR GUD: – Alle eigenskapar kan ein gi for å tjene Gud. Til og med å henge opp vimplar, eller å tagge mykje tepper og sette ut sofaer, og lage eit kult område, det er til Han. Og det er ganske kult, fortel Emilie Fosstveit (25) som er Art Director på Ufestivalen.

– Eg trur at mange unge vert møtt med eit inntrykk av at å vere kristen er kjedeleg. Ufest har veldig lyst å vise at det er fett, at det å vere kristen kan sjå dritkult ut. Det er ein ting. Og så trur vi at ungdom kosar seg så mykje meir, viss dei ser at «Wow, eg er med på dette, her er det gjort ein innsats, her er det nokon som har tenkt.» At dei føler at dei er med på noko kult, det er målet, seier Fosstveit.

Ufestivalen 2023.
SPENTE: Lovise Næss Holm (21) og Ingrid Eskedal (22) er begge på Ufestivalen for første gong. – Eg veit ikkje heilt kva eg skal forvente, men eg har høyrt veldig mykje bra om Ufestivalen, fortel Næss Holm.
Ufestivalen 2023.
SKAL SELJE KLEDER: – Eg føler mykje står på det frivillige, fortel Ida Barane (22) som i år er frivillig i merch-teamet. Ho skal vere med å selje moderne og kule klede til deltakarar.
Ufestivalen 2023.
1000: Omtrent 1000 unge deltek på Ufestivalen i år
Ufestivalen 2023.
REGNET KJEM: Utpå kvelden kjem må ting dekkast til med presenning, regnet kjem. Likevel er dei fleste samla på uteområdet for å få med seg Tårsdag kvell sjov, eit underhaldningsshow med både musikk, kostymer, lys og pyro.
Powered by Labrador CMS