Denne arbeidsgjevarmodellen vil Kyrkjemøte-komité ha
KYRKJEMØTET: Fyrste innstilling til ny, kyrkjeleg organisering har akkurat kome frå komiteen som jobbar med saka under Kyrkjemøtet. Medlemmane er ikkje einige, men har fleirtal for eitt av forslaga.

Saka om kyrkjeleg organisering skal behandlast tre gonger i plenum under Kyrkjemøtet i Trondheim.
No har komiteen som jobbar med saka komme med si fyrste innstilling.
Dei anbefaler den såkalla modell 3, eller kompromiss-modellen som den også ha blitt kalla.
Modellane Kyrkjemøtet har fått på bordet
Dette er modellane Kyrkjemøtet skal vurdere:
- Modell 1: Soknet er arbeidsgjevar for alle som jobbar lokalt.
- Modell 2: Rettssubjektet Den norske kyrkja er arbeidsgjevar for alle.
- Modell 3: Både rettssubjektet Den norske kyrkja og sokna er arbeidsgjevarar.
I alle tre modellane tek ein utgangspunkt i at utøvinga av arbeidsgjevarfunksjonar i hovudsak ligg i Fellesråd. Det vil seie at ein i modell 2 og 3 delegerer dette ansvaret frå rettssubjektet Den norske kyrkja.
Kyrkjerådet har bedt Kyrkjemøtet om å gå for modell 3. Det same gjer også komiteen som jobbar med saka under Kyrkjemøtet i si fyrste innstilling.
Kan endre meining
Komiteen har møttest éin dag før Kyrkjemøtet, der dei mellom anna har møtt ei rekkje aktørar som har søkt om å få møte komiteen. Blant desse er mellom anna KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter, Presteforeninga og Norges Kirkevergelag.
Komiteen skriv om si innstilling: «Første innstilling legger til rette for en plenumsdiskusjon om valget av modell for arbeidsgiverorganisering for å gi komiteens arbeid videre retning. Andre plenumsbehandling vil inneholde et fullstendig forslag til vedtak fra komiteen, tilsvarende andre komiteers første innstilling, mens tredje innstilling vil tilsvare andre komiteers andre innstilling.»
I si innstilling legg komiteen vekt på at medlemmar vil kunne endre standpunkt undervegs, etter vidare diskusjon både i plenum og under komitearbeid. Alle tre modellane fekk stemmer, men flest gjekk altså for modell tre.
Dette er same modell som Kyrkjerådet har anbefalt.
Komiteen har lagt særskilt vekt på at dei meiner at det ikkje er tilstrekkeleg oppslutning rundt dei to andre modellane, og at dei meiner modell 3 vil verke mest samlande.
Vidare skriv dei: «Modell 3 tar opp i seg vesentlige elementer fra de to andre modellene, og den framstår som et rimelig kompromiss og en realistisk vei videre. Modellen gir en plattform å gå videre på, og den er fleksibel.»
Ikkje felles arbeidsgjevar
Allereie i 2005 sa Kyrkjemøtet at dei ønskjer ein felles arbeidsgjevar for alle tilsette i DNK. Fleire forsøk har mislukkast sidan.
Får Kyrkjemøte-komiteen viljen sin, lukkast ein heller ikkje denne gongen. I modell 3 vil ein nemleg halde fram med to arbeidsgjevarlinjer.
Likevel har ein lagt opp til at ein i modell 3 skal delegere mykje av arbeidsgjevaransvaret for dei som jobbar lokalt, men er tilsette nasjonalt (i hovudsak prestar), til fellesråda.
I tillegg ynskjer ein på årets Kyrkjemøte å vedta ei rekkje element som ein håpar skal føre til betre samordning og samanheng i DNK. Desse er uavhengige av kva modell ein landar på for arbeidsgjevaransvar.
Desse inneber mellom anna felles rammeverk, strategiar, politikk og system.
I komiteen si innstilling skriv dei at dei meiner at situasjonen er annleis enn då Kyrkjemøtet i 2005 vedtok intensjonen om éi arbeidsgjevarlinje. Dei trekkjer mellom anna fram korleis ein på grunn av trussamfunnsloven må samle arbeidsgjevaransvaret på tvers av to typar rettssubjekt – sokna og rettssubjektet Den norske kyrkja, og på tvers av to offentlege finansieringskjelder: stat og kommune.