Dei sakna rom for kritiske spørsmål i kyrkja. No er dei kvekarar
KVEKARSAMFUNNET: Dei var utslitte etter ei feila menighetsplanting, engasjement i utallige kyrkjelydar og det som opplevdes som mange krav og lite rom for kritisk tanke. Så besøkte Sunniva og Tommy Vad Funderud Kvekarsamfunnet.

I eit kontorbygg på Grønland i Oslo sirkulerer 10-15 personar rundt eit bord, kor det blir delt ut plakatar med tekstar som «Norge må signere», «FN-avtalen» og «Mot atomvåpen».
Mange i gruppa har akkurat vore på den faste sundagsandakta til Kvekarsamfunnet, og no skal dei på ei markering mot atomvåpen på Grønland torg. Ei stille markering.
– Det er Tommy som har teikna plakatane, påpeiker Sunniva Funderud, medan ho prøvar å tre ein hyssing gjennom det store arket, for å henge det rundt halsen på ektemannen Tommy og den vesle dottera.
I tillegg til å vere nybakte foreldre, er ekteparet Sunniva og Tommy Vad Funderud også ferske medlemmar av Kvekarsamfunnet. Ein av grunnene til at trussamfunnet vekte interessa deira, var det sterke sosiale engasjementet.
– Me prøvar å gjera trua til handling, og kvekarar ser på samfunnsengasjementet som noko åndeleg, seier Tommy.
Sektliknande opplegg
Me går om lag tre år tilbake i tid. For fyrste gong i sitt vaksne liv har det gått eit heilt halvt år utan kristne møte kvar veke for Sunniva og Tommy. Ei mislukka kyrkjeplanting etterfølgt av eit halvt år i ein kyrkjelyd som også enda med nedlegging, er bakteppet. Ekteparet seier det var mange «slitne kristne» i omgangskrinsen deira.
I løpet av nokre år har dei vore innom «dei fleste» kyrkjene i Oslo. Dei møttest i ei pinsekyrkje, men har vore innom Den norske kyrkja, Subchurch, IMI, Misjonskirka, og ei rekkje andre samanhengar.

Men heilt sidan Sunniva las eit Min tro-intervju i Vårt Land med Marit Kromberg, ein sentral person i det norske kvekarmiljøet, har ho vore nysgjerrig på trusretninga.
Tommy var einig i at Kromberg har spanande tankar, men var overtydd om at det må vera noko «sektliknande opplegg».
Kvekarar ynskjer ikkje fokus på ord.
Tommy Vad Funderud
Ei helg ektemannen var bortreist tok Sunniva turen til andakta som skjer kvar sundag klokka elleve i øvste etasje i kontorbygget på Grønland.
Men som med så mange andre omgrep ein kan ha med seg i ein kristne bagasje, viser ordet «andakt» å innebera noko anna enn det ein vanlegvis ser for seg.
– Å vera stille var nok
– Eg følte meg heilt nomen etter å ha høyrt tale på tale på tale i frikyrkjesamanheng. Eg følte at det gjekk på repeat. At eg heile tida burde drive å forandre meg. Det var så mykje greier. Også kom eg på andakt hjå Kvekarsamfunnet, og det er stille!
Sunniva legg inn ei kunstpause, som for å understreke kor utenkjeleg det var.
– All støy som ikkje var naudsynt var vekke på ein måte. Å vera stille saman var nok.
Kvekarsamfunnet i Oslo har fleire faste samlingar i løpet av ei veke. Eitt stille møte,eittmøte med eit tema for samtale, og den timeslange stilleandakta på sundagar. På andakta er det rom for å dele noko viss du har noko på hjartet, men det skjer slett ikkje kvar gong nokon vel å bryte stilla.
Kvekarane ventar ikkje på at noko uforklarleg skal skje, ein får ting til å skje sjølv.
Sunniva Funderud
Som eit glas vatn
På bordet i midten av rommet låg det ein bunke med bøker, fortel Sunniva. Ein av dei hadde tittelen Gud er stillhet. Ei setning stod fram då Sunniva bladde i ho: «Me treng ikkje bli påminna om det me alt veit.»
Det stod i sterk kontrast til formaningane om å lesa i Bibelen kvar dag, eller å høyre dei same temaa bli snakka om sundag etter sundag.
Under andakta var det ein som delte at han opplevde stilla velsignande. Så sa han velsigninga høgt.
– Det var veldig frigjerande. Det var som å drikke eit glas kaldt vatn når ein er veldig tyrst.

Kreative gærninger
Me sit i leilegheita til ekteparet i slutten av 20-åra på Hovin i Oslo. På bringa til Tommy heng hans fire veker gamle fyrstefødde, trygt tulla inn i eit beresjal.
Den opne stove/kjøken-løysinga ber preg av det bur to «kreative gærninger», som han kallar seg og kona. Begge jobbar i kreative yrke. Ho med musikk, han animasjon og film.
Midt på golvet står eit keyboard, ved sidan av ein grøn elgitar med Natur og ungdom-klistremerke.
Bokhyllene bognar over av bøker, kassettar og vinylplater. Også det nyaste tilskotet til familien har sett sitt preg på rommet. Det avgrensa golvarealet har gjort at vippestol og anna småbarnsutstyr har funne sin plass i velursofaen som er kjøpt på Finn.
Nokon kvekarar les i Bibelen regelmessig, andre blir kvalme av tanken.
Tommy Vad Funderud
Kvalmande bibel
– Det er litt vanskeleg å setje ord på.
Det er ei setning som blir gjentatt i mange ulike former i løpet av samtala, då underteikna prøvar å forstå kva kvekarane trur på.
Ofte sirklar me tilbake til ein sentral tanke hjå kvekarar: ord strekk ikkje til. Å bruke ordet Gud kan til dømes bli sett på som problematisk og ekskluderande språkbruk.
– Nokon kjenner seg ikkje att i det, og me risikerer at dei tek avstand til oss på grunn av det. Nokon seier Gud, andre det heilage, det guddommelege eller ljoset. Det er stor vekt på kvar si individuelle reise, og på å respektere kvarandre sine ulike erfaringar, fortel ekteparet.

– Samtidig er det litt paradoksalt at me snakkar så mykje om å passe oss for ekskluderande språk. Eg opplever kvekarane sitt språk som veldig inkluderande fordi ein kan definere ting som ein sjølv vil, føyer ektemannen til.
Han fortel at det er menneske blant kvekarane i Oslo som reknar seg som både humanetikarar, kristne og buddhistar. Sjølv har han sakte, men sikkert kome lenger vekk frå kristen-merkelappen, men kallar seg ein Jesus-fan.
– Nokon kvekarar les i Bibelen regelmessig, andre blir kvalme av tanken, fortel han.
Provoserande kvekarar
Sjølv har han ein fattigdoms og rettferdsbibel, der han med eit intrikat fargekodesystem og fantasifulle teikningar tolkar den heilage skrifta med nye auge.
Tommy trur kvekarar kan verke litt provoserande for mange kristne.
– Dei vil gjerne at orda skal bety akkurat det dei vil at dei skal bety.
Men også han har opplevd at det av og til kan vera vanskeleg å formidle når ord har så ulik meining for ulike menneske.
– Kvekarar ynskjer ikkje fokus på ord, men det kan bli vanskeleg når nokon ynskjer å bruke ord. Det er til dømes vanskeleg å kommunisere det språklege mangfaldet når ein skal skrive noko på nettsidene til kvekarane.

Kritiske spørsmål stempla som tvil
For Sunniva var det ei lette å kunne ha kveker som identitet. Då var det ikkje lenger så viktig om ho «kvalifiserte» som kristen. Dessutan var det noko godt med å sleppe at alle trudde dei visste kva du meinte om ting basert på ein merkelapp.
For begge to var det også godt å koma til ein stad der dei opplevde eit større rom for kritiske spørsmål.

– Eg kjente meg heime med ein gong. Det er eit skikkeleg godt fellesskap å vera i, der ein faktisk kan vera ueinige.
Sunniva seier ho meir eller mindre hadde vore i ei truskrise sidan slutten av tenåra.
– Eg har streva med at det ikkje kjentest innafor å stille spørsmål ved kristendommen, preiker eller bibeltolking. Det blei stempla som tvil. I Kvekarsamfunnet blir du heia på viss du stiller spørsmål, er skeptisk og vil forandre deg. «Supert, du er på din veg», er ofte responsen.
Ekteparet seier dei har merka ei tilstrøyminga av nye under koronapandemien. Funderudane meiner fleire kvekarar er tidlegare slitne og «skada» kristne.
Hanne Hognestad er Skrivar i Kvekarsamfunnet, altså kvekaranes tillitsvalde forstandar. Ho har også merka seg fleire nye fjes den siste tida.
I fjor kom det til ti nye medlemmar, og fleire har også meldt seg inn i år.

– Me har både nye medlemmar og ein del nye som er med på andakt og viser interesse, seier Hognestad.
Likevel ligg medlemstalet stabilt, og lågt. I 2020 var dei 147 medlemmar i Noreg, medan snittet for åra 2016-2020 var på 148. At ein ikkje ser ein auke kan handle om både utmeldingar og dødsfall.
Dessutan tek ein ikkje lett på å bli medlem i Kvekarsamfunnet, og mange er med i fleire år før dei melder seg inn for å vera sikre på at det er rett avgjersle for dei.
Hognestad fortel at dei har eit mål om å bli fleire, men at dei som kvekarar er imot misjon. Korleis dei nye personane finn fram til dei er ho ikkje sikker på. Men dei har merka at nye personar har blitt med når dei har hatt digitale tilbod under korona.
– Korleis skal de bli fleire viss de ikkje er synlege?
– Me driv ikkje med rekruttering, men det burde me kanskje?, spør Hognestad seg.
Verdt å kjempe for
Funderudane har mykje godt å seie om åra i ulike kristne samanhengar, og dei er glade for at dei framleis har eit fellesskap der dei kan treffast jamleg. Det var eit sakn det halve året der dei var åndeleg «heimlause».
Etter fleire spørsmål om kva ein trur på som kveker er ikkje underteikna veldig mykje klokare. Det er ingen trusvedkjenningar, ingen felles tanke om kva som ventar etter døden, eller om lærespørsmål generelt.
– Hjelp meg, kva er eigentleg vitsen med å organisere seg som ei eining viss ein ikkje har nokon fellesnemnarar og inga felles lære?
– Det som held oss saman er andaktsforma og måten me tek avgjersler på, meiner Tommy, som legg til at både han og kona har trua på å ha eit åndeleg fellesskap.
Han røper også at det eigentleg finst ein del felles kvekarspråk og litteratur, ein vil berre ikkje bestemme at alle kvekarar skal stå inne for det.
Mellom anna vektlegg ein det som blir kalla kvekarvitnesbyrda: sanning, likeverd, fred, enkelheit og fellesskap.

På nettsida står det at «vitnesbyrda er ikkje viktige ved dei orda som er brukt, men ved den livsstilen som følgjer av vår erkjenning av «det av Gud i alle»».
Den siste setninga «Det av Gud i alle» er ein av dei mest sentrale formuleringane hjå Kvekarsamfunnet.
– Viss ein tek den setninga på alvor, betyr det at alle menneske er verdt å kjempe for, sidan det er ein bit av Gud i alle. Eller eit indre ljos. Eller ein bit av noko godt, alt etter som korleis ein definerer Gud, forklarar Sunniva.
For Tommy var det den lange tradisjonen for sosialt engasjementet som appellerte mest ved trusretninga.
Får ting til å skje
På Grønland torg stiller demonstrantane seg opp på ei lang rekkje. Dei lagar lite spetakkel. Demonstrasjonen er ei stille markering, og plakatane med teksten «Norge må signere», «FN-avtalen» og «Mot atomvåpen» talar for seg sjølve.

Sosialt engasjement og aktivisme er ein naturleg del av å vera med i Kvekarsamfunnet.
Berre sidan nyttår har dei delteke på markering for klima, demonstrasjon til støtte for det palestinske folket, samla inn pengar til barnehagar i Gaza og gitt tilslutning til ein aksjon for global skattekonvensjon i FN – for å nemne noko.
– Kvekarane ventar ikkje på at noko uforklarleg skal skje, ein får ting til å skje sjølv, seier Sunniva.