Dei fekk tilbod om å sleppe konsentrasjonsleir. Dei fleste takka nei

TRUSFRIDOM: Blant dei mange gruppene som nazistane prøva å utslette under andre verdskrig, var også Jehovas vitne. Med ved å skrive under ei kontrakt om at dei forlot trua kunne dei unnsleppe tortur og henrettingar. Fleirtalet takka nei.

Jehovas Vitner hadde eit lilla triangel (trekant) på fangedraktene sine konsentrasjonsleirane.
MERKA: Jehovas vitner hadde ein lilla trekant på fangedraktene sine i konsentrasjonsleirane.
Publisert Sist oppdatert

– Målet var nok å utrydde dei.

Det seier Johan Stenshorne om nazistane sine avrettingar og fengslingar av Jehovas vitne. Han har mellom anna skrive master om forføgjinga av Jehovas vitne under nazistane.

Førre veke var det FNs internasjonale minnedag for offera for Holocaust. I tillegg til jødane, var det også fleire grupper nazistane målretta forfølgde, som romfolk, homofile og kommunistar. Mindre kjent er det kanskje at også det kristne trussamfunnet Jehovas vitne var blant måla til nazistane. I motsetnad til dei gule stjernene som jødane hadde på fangedraktene sine hadde «vitna» lilla trekantar.

– Generelt sett er det lite kunnskap om det blant folk, meiner Tom Frisvold, som er talsmann for Jehovas vitne i Noreg.

Han meiner det stort sett er dei som er over gjennomsnittet interessert i historie som kjenner til lagnaden til trussamfunnet hans under nazi-regimet i Tyskland. Men sjølve er dei bevisste på eigen historie, fortel Frisvold.

Kvifor Jehovas vitne?

Det er vanskeleg å finne eksakte tal, men det har blitt estimert at rundt 1.200 Jehovas vitne mista livet i løpet av Nazi-perioden. Museet for Auschwitz-Birkenau skriv på sine nettsider at ein trur at meir enn 3.000 vitne var fangar i konsentrasjonsleirar. Ein meiner at opp mot 10.000 blei fengsla i løpet av NS-perioden.

Johan Stenshorne om nazistane sine avrettingar og fengslingar av Jehovas Vitne.
MASTER: Johan Stenshorne har mellom anna skrive master om forføgjinga av Jehovas Vitner under nazistane.

Men kvifor blei akkurat Jehovas vitne eitt mål for nazistane? Stenshorne har skrive eitt kapittel i boka Folkemordenes svarte bok om forfølginga av den religiøse grupperinga under nazist-regimet i Tyskland og under kommunistregimet i Aust-Tyskland.

Han seier han har brukt 2,5 år på å finne ut av dette spørsmålet, og skrive hundre sider om temaet.

– Mange peiker nesten utelukkande på at dei nekta militærteneste, men det blir for enkelt, meiner eg. Relativt mange kvinner, som ikkje var pålagt militærteneste, var mellom anna fangar i konsentrasjonsleiren Ravensbrück, og barn av Jehovas vitne blei omplassert til såkalla «sunne, tyske heimar». Så verneplikt forklarar ikkje alt, seier Stenshorne.

Han trur heller ikkje det berre var kva dei trudde på som gjorde dei til eit mål for nazistane, men måten dei utøva trua si på. Det at dei nekta å underkaste seg noko verdsleg makt er sentralt.

– Dei måtte drive aktiv forkynning, sjølvsagt, noko som gjorde det vanskelegare å halde ein låg profil. I tillegg stemte dei mellom anna ikkje ved val, nekta å gjera nazi-helsing og kunne ikkje vera med i Hitlerjugend.

Den tysk-nasjonalsosialistiske ungdomsorganisasjonen hadde obligatorisk medlemskap frå 1936.

Kunne skrive under kontrakt for å sleppe

Det er funne kontraktar som nazistane skal ha gitt mange av vitna høve til å skrive under på for å sleppe reaksjonar frå regimet. Her måtte ein signere på at ein ikkje lenger var eit Jehovas vitne. Andre ting dei kunne innehalde, var at ein sa seg villig til å forsvare Tyskland i krig, og at ein rekna det tyske regimet som den øvste styresmakta, og dermed under Gud eller Jehova.

Stenhorne seier det er usikkert kor mange som valde å skrive under. Ifølgje vitna sin eigen dokumentasjon skal det vera ganske få, ifølgje Gestapo sine arkiv var det 516 stykk, opplyser Stenshorne:

– Så det kjem eigentleg an på kven ein vel å tru på.

Han fortel at vitna også fekk rykte på seg for å vera utruleg vanskelege å «knekke» i konsentrasjonsleirane.

– Det er ikkje så mange truslar som bit på når ein trur på eit liv etter døden, meiner Stenshorne.

Ting tydar også på SS-vaktene gjennom mesteparten av tida skal ha hatt eit særskilt dårleg forhold til fangane med den lilla trekanten på fangedrakta, og at dei var blant dei som fekk gjennomgå hardast.

Jubla over dødsdom

Ein av kommandantane i Auschwitz, Rudolf Höss, har i sine memoar skrive om to Jehovas vitne skrive at dei «Dei motstod juling med ein så stor indre lidenskap at dei verka perverse. Dei trygla kommandanten om ytterlegare straff for å vera betre vitne for ideane sine og sin Gud.»

Han skriv også at dei jubla då dei tok imot dødsdomen sin.

Frisvold trur ikkje vitna var modigare enn andre, men at trua deira var til hjelp:

– Viss ein har ei sterk nok tru, blir det å vera trufast til Gud så viktig at ein nesten uavhengig av konsekvensar ikkje er villig til å gå på kompromiss med trua.

Tom Frisvold. Talsperson for Jehovas Vitner.
PROVOSERANDE: Tom Frisvold, talsperson for Jehovas Vitne trur det provoserte Hitler at mange Vitne ikkje var villige til å underordne seg.

– Prøva å inngå fredsavtale med nazistane

Men Stenshorne meiner dei ikkje viste ein like stor motstand mot å tekke nazistane heilt frå start.

– På eit ganske tidleg stadium, prøvde nokon i Jehovas vitne i Tyskland å inngå ei slags fredspakt med nazistane, blant anna ved å publisere ei form for erklæring og sende eit brev til Adolf Hitler. Der seier dei at dei ikkje er ein trussel, og at ein fredeleg sameksistens bør vere mogleg, sidan dei deler fleire av dei same måla. Men forsøket fungerte dårleg, og truleg mot si hensikt.

– Paradokset er at regimet innsåg ganske raskt at dei ikkje er ein trussel. Dei er genuint apolitiske, og dei var ei marginal gruppe.

Stenshorne meiner det ikkje fanst rasjonelle grunnar til å bruke ressursar på å fengsle eller avrette Jehovas vitne, men at grunnen var ideologisk.

– Idet du ikkje underkastar deg og deltek aktivt, er du ein trussel. Mi tese er at å bruke disproposjonalt mykje ressursar på nokon som ikkje reint rasjonelt er ein trussel er eit trekk ved totalitære regime. Ein såg det same då DDR-regimet berre få år seinare forfølgde Jehovas vitne. Derfor blir eg uroa når eg ser at russarane byrjar å forfølgje vitna hardare. Det meiner eg er eit tydeleg teikn på at dei bevegar seg i ei endå meir totalitær retning.

Talsmann Frisvold seier seg einig i at Jehovas vitne ikkje utgjorde nokon trussel mot nazistane.

– Kvifor trur du dei likevel gjekk så hardt ut mot dei?

– Eg trur det provoserte Hitler at vitna ikkje var villige til å underordne seg. Kanskje blei det eit prestisjeprosjekt å få knekt denne vesle gruppa for å vise kor overlegen nazismen var? Men i staden viste dei at tru kan uthalde sjølv dei største prøvingar, seier Frisvold.

Powered by Labrador CMS