Biskopane ber regjeringa ta grep for ureturnerbare: – Ei skam

ASYL: Mange papirlause står utan helsetenestar, og biskopane fryktar dei har fått det verre under pandemien. I eit brev ber dei politikarane skru tempoet opp for å betre livet til «dei svakaste iblant oss».

I eit felles brev ber Bispemøtet regjeringa hjelpe ureturnerbare så snart som råd. – Ei skam for det norske samfunnet, seier Stavanger-biskop Anne Lise Ådnøy.
Publisert Sist oppdatert

Pandemien har isolert oss alle. Men Norges biskopar er uroa for spesielt éi gruppe dei meiner lider enno verre: Lengeverande asyløskarar og ureturnerbare.

– Me synest det er ei skam for det norske samfunnet at det lever menneske i landet som ikkje får tjene til sitt eige livsopphald, og som får forsvinnande lite støtte, seier Stavanger-biskop Anne Lise Ådnøy.

Saman med Bispemøtet meiner ho det hastar for norske styresmakter å hjelpe dei som ikkje kan sendast tilbake til heimlanda sine, og som ikkje får nok til å leve av i Norge.

Derfor har dei sendt eit brev til regjeringa, og spør: «Hvordan vil regjeringen sørge for at grunnleggende rettigheter disse menneskene kan bli ivaretatt?»

– Det blir enno meir prekært i koronaperioden. Mange i dei frivillige støtteapparata må ta omsyn til si eiga helse – og denne gruppa står utan hjelp, seier Ådnøy.

Trondheim 28.03.2019Kirkemøte i Trondheim 2019. Her fra torsdagen. Biskop Anne Lise Ådnøy, StavangerFOTO: JOAKIM S. ENGER
Rettane til desse asylsøkarane er Stavanger-biskop Anne Lise Ådnøy si hjartesak. Saman med Bispemøtet ber ho norske politikarar ta grep.

Meiner det hastar

For eitt år sidan lova regjeringa at ureturnerbare asylsøkarar, med samla alder og opphaldstid i Norge på minst 65 år (opphaldstid: 16 år), skulle kunne få opphald i Norge. Framleis sit fleire på asylmottak, ser biskopane, og etterlyser kor løysinga blir av.

Dette er hjartesaka til Stavanger-biskopen. Saman med biskopkollegane håpar ho brevet kan føre til to ting. Førsteprioritet:

– At det blir tatt affære for dei som allereie er lova eit betre liv, seier Anne Lise Ådnøy.

Prioitet nummer to:

– Å få utvida gruppa som er omfatta av løysinga, med tanke på alder og opphaldstid, og gitt dei høve til å ha si eiga inntekt. Utan at Arne Viste eller Gunnar Stålsett må gå i fengsel for det, seier ho.

Me synest det er ei skam for det norske samfunnet at det lever menneske i landet som ikkje får tjene til sitt eige livsopphald

Anne Lise Ådnøy

Ureturnerbare:

  • Rundt 3.000 personer har status som ureturnerbare asylsøkarar i Norge.
  • I januar 2019 blei Høgre, Frp, Venstre og KrF einige om at regjeringa skal «legge til rette for en engangsløsning for eldre ureturnerbare asylsøkere som har bodd lengre enn 16 år i Norge».
  • I desember 2019 blei løysinga presentert: «Ureturnerbare asyl­søkere, som har samlet alder og oppholdstid i Norge på minst 65 år kan få opphold i Norge. Oppholdstiden må være minst 16 år».
  • I februar blei forslag til endringar av utlendingsforskrifta sendt på høyring.
  • Forskrifta er enno ikkje på plass.

Korona har forseinka arbeidet

Etter det Stavanger-biskopen er kjent med, har ikkje Bispemøtet fått svar på brevet til regjeringa enno.

I ein epost til Vårt Land skriv statssekretær Hilde Barstad (H) i Justis- og beredskapsdepartementet at:

– Departementet arbeider med saka. Ho var på høyring våren 2020, men er dessverre blitt forseinka av covid-19-pandemien.

Barstad fortel at det er sett av pengar i statsbudsjettet for 2021 til å følge dette opp.

– Me jobbar for at dette skal kome på plass raskt, skriv statssekretæren.

Powered by Labrador CMS