Ber kyrkjene ta klimakrisa inn i gudstenesta: – Trua vår krev handling
SKAPARVERKET: Kampen for klimaet er ein nødvendig kristen kamp, meiner biskopane i Den norske kyrkja. No oppmodar dei til å vise miljøsaka i døypefonten, nattverden og på preikestolen.

«Kampen for klimarettferdighet er en del av det oppdraget Jesus Kristus kaller oss til».
Eit samla bispekollegium stiller seg bak denne bodskapen, som er henta frå deira nye hefte Guds skaperverk – vårt hjem. Her går dei igjennom elleve ledd i gudstenesta, frå inngangsordet til velsigninga, og knyt dei til «vårt kristne kall» til handling for naturen.
Bispemøtet håpar å gi frimod til medarbeidarane uti kyrkjene. Både i forkynninga og sakramenta kan ein peike på kvifor kristne har eit ansvar for klimahandling, meiner dei.
– Me er ferdige med å diskutere om klimaendringane er ein realitet eller ei, seier preses Olav Fykse Tveit i Den norske kyrkja.
Livet står på spel
– I trua finn me eit kall til handling. Men i trua finst også eit håp, seier preses.
Han peiker på fleire grunnar til at det er ein gitt samanheng mellom det å vere kristen og det å vere opptatt av klima. Noko av det enklaste, men djupaste, handlar om det doble kjærleiksbodet.
– Jesus seier at me skal elske Gud og vår neste som oss sjølv. Då må me også handle deretter. Me lever i eit fellesskap av menneske, og mange lir allereie under konsekvensane av klimakrisa, seier Fykse Tveit.

Å bry seg om miljøet er også ein del av ansvaret for å ta vare på skaparverket. Biskopane understreker, i større grad enn i tidlegare uttalingar om miljø, at mennesket er ein del av skaparverket, vevd inn i det – ikkje heva over det.
– Livet i denne verda står på spel. Me må vere frimodige på å seie det høgt, og ikkje godta anklagane om at dette er ei politisk utsegn som me ikkje kan ha i kyrkja, seier preses.
Det er nettopp i kyrkjerommet ein kan finne ei kjelde til kvifor eit slikt engasjement er riktig.
– Gudstenesta gir oss ei djupare forståing av kva det vil seie å vere kristen, og me møter den heilage Gud i lag. Gudstenesta er ei bru mellom det andelege og det praktiske livet.
– I det praktiske livet skjer vêrforandringar og klimakonsekvensar. I den realiteten høyrer også det andelege kallet vårt heime, seier Fykse Tveit.
Ønsker seg djupare teologi
– Er klimaengasjement eit kristent imperativ? JA! – med store bokstavar og ropeteikn, seier Hillesøy-prest Marianne Støylen Skauge i Tromsø.
Som sokneprest er ho likevel klar over at ikkje alle kyrkjelydsmedlemmene deler synet hennar på kor viktig klimasaka er.

– Likevel trur eg det er riktig at me som prestar, og kyrkjeleiarane, løftar dette fram. At Bispemøtet no tar dette opp vil vere til hjelp lokalt. Gudstenesta, kor me feirer at Jesus stod opp, er rett plass å starte, seier Støylen Skauge.
Første gong ho las gjennom Bispemøtets hefte, blei ho veldig begeistra. Deretter skuffa. Hillesøy-presten meiner dei har fokusert klimaengasjementet for svakt og snevert – rundt Gud som skapar, og mennesket som forvalter av skaparverket.
– Me har høyrt dette før, og eg skulle ønske biskopane gav ut noko som var teologisk rikare, rett og slett, seier ho.
Som engasjert i koplinga mellom teologi og klima har Støylen Skauge lese mykje litteratur på området. Ho meiner det kristne klimaengasjementet ikkje berre handlar om skaparverket og nestekjærleiken, men grunnleggande sett om kven Jesus er. Den kristne trua startar ved han, og er i utgangspunktet ei veldig «jordvendt» tru, meiner ho:
– Gud blei menneske, og fekk DNA og celler. Han vevde seg verkeleg inn i skaparverket gjennom Jesus, og eg skulle ønskt at me kunne begynne det kristne utgangspunktet for klima der, seier soknepresten i Hillesøy.

«Djupøkologisk og djupteologisk» kallar ho det ho etterlyser. Støylen Skauge bruker nattverden til å forklare kva ho meiner.
– I hundrevis av år har me hatt ein nattverdsteologi kor me trur at Kristus er til stades i brødet og vinen. Viss me ser på nattverden med ei «økologisk brille», så kjem jo brødet frå jorda, og druene har vakse på stokkar.
– Dette spennet mellom himmel og jord seier noko djupt om korleis Gud, via Jesus, òg er knytt til naturen, seier Støylen Skauge.
Til kritikken om for «slapp» teologi svarar preses at han er glad dette engasjerer til debatt og refleksjon, og at mange kan føre tematikken vidare lokalt.

Bort frå menneskets særstilling
Fagerborg-prest Sunniva Gylver har heva stemmen om miljø og klima i lang tid. Ho rosar initiativet frå Bispemøtet for å ta temaet inn i gudstenesta, mellom anna fordi ho ser ei utfordring: Å finne ei form på det klimaengasjementet som skapar eigarskap hos den breie grasrota i kyrkja.
Ho er glad for å sjå at biskopane tydlegare enn før peiker på mennesket som ein del av det skapte, innvevd i det. Men her kunne Gylver ønska at dei gjekk lenger.
– Historisk har den kristne forvaltartanken ofte understrekt at mennesket har ei særstilling, på ein måte som nærmast plasserer oss utanfor, og over, skaparverket. Kanskje kunne dei understrekt dette «innanfrå-perspektivet» i enno større grad, seier Gylver.