Aserbajdsjan vil fjerne armenske spor frå kyrkjer

KULTURHISTORIE: Armenske inskripsjonar på kyrkjer i erobra område vil bli fjerna, melder den aserbajdsjanske regjeringa. Dei seier spora er forfalska, til protestar frå historikarar.

An Armenian priest walks inside the Dadivank, an Armenian Apostolic Church monastery dating to the 9th century under Russian peacekeepers's guard, after the transfer of the Kalbajar region to Azerbaijan's control, as part of a peace deal that required Armenian forces to cede the Azerbaijani territories they held outside Nagorno-Karabakh, near Kalbajar, Azerbaijan, Wednesday, Dec. 2, 2020. A Russia-brokered peace deal that took effect Nov. 10 obliged Armenian forces to hand over all of the Azerbaijani regions they held outside Nagorno-Karabakh, including the Kalbajar region. (AP Photo/Emrah Gurel)
ASERBAJDSJAN: Ein armensk prest går inn i Dadivank, eit kloster frå 800-talet med røter i Kalbajar-regionen. Regionen tilhøyrte Armenia frå den fyrste Nagorno-Karabakh-krigen i 1993, men den gjekk tilbake til Aserbajdsjan etter krigen i 2020.
Publisert Sist oppdatert

Aserbajdsjan har utnemnt ei gruppe spesialistar som skal sjå på korleis dei kan fjerne armenske inskripsjonar frå kyrkjer Nagorno-Karabakh-regionen, kunngjorde landet sin kulturminister på ein pressekonferanse førre veke, skriv den svenske avisa Dagen.

Regionen har vore i konflikt i fleire tiår, då både Armenia og Aserbajdsjan ynskjer kontroll over området. I 2020 blussa konflikten opp att, noko som resulterte i tusenvis av drepne på begge sider, og endå fleire menneske på flukt.

Under krigen erobra Aserbajdsjan fleire landområde der det er ei rekkje kyrkjer med armenske inskripsjonar.

Og no vil altså styresmaktene fjerne desse. På pressekonferansen sa kulturminister Anar Karimov ifylgje Eurasianet at dei meiner spora etter armenarane er forfalskingar, og ynskjer å dokumentere dette for det internasjonale samfunnet.

Forfalskingar?

– Så snart området er rydda for miner vil me ta både lokale og internasjonale ekspertar dit, sa Karimov.

Men han kan koma til å møte motbør. Regjeringa byggjer si oppfatning om at inskripsjonane er forfalska mellom anna på ein teori av den aseriske historikaren Ziya Buniyatov som på 1950-talet sa han meinte skrifta på kyrkjene ikkje er originale, men lagt til i etterkant.

Men denne teorien får ikkje støtte av dei fleste historikarar, ifylgje Eurasianet. I staden ser ein på det heile som ein del av konflikten mellom dei to nabolanda.

Trussel mot kulturarv

Fleire kjelder har meldt om øydeleggingar på armenske kyrkjer i Nagorno-Karabakh som Aserbajdsjan no har kontroll over. Blant desse er BBC, Human Rights Watch og Caucasus Heritage Watch.

Sistnemnde overvaker over 2000 stadar med kulturarv i regionen med hjelp av satellittar. Dei skriv på sine nettsider at dei for tida fokuserer på det dei ser på som den største trusselen, nemleg historiske, armenske monument som etter 2020 no er under aserbadjansk kontroll.





Powered by Labrador CMS