
På armen til Helene Haga (22) er det tatovert ein kross
«Alt merker eg i Han som gjer meg sterk»
Ser ein godt etter kan ein lese at det står skrive Fil. 4:13, eit vers som seier «Alt maktar eg i Han som gjer meg sterk.»
Haga studerer teologi på menighetsfakultetet i Oslo.

Ho kjem frå Grimstad og har alltid vore omringa av mange kristne. I Oslo opplevde ho for første gong at det ikkje var like vanleg å vere kristen.
«Eg har alltid vore i fleirtal, no er eg i mindretal», fortel teologistudenten.
Haga ser på seg sjølv som konservativ og fortel at ho er stolt over å vere det.
«Eg opplev at mange kristne i dag bøyer seg etter samfunnet og det samfunnet seier for å verte godkjend, men eg trur ikkje det er det vi er kalla til», seier Haga og legg til at ho trur ho er kalla til å ikkje verte godteken.
«Vi må stå i trua, vi må stå i det vi meiner og det Jesus sa», seier ho.
Las meir om fotoprosjektetMin båt er så liten her.
Kvar veke vil Vårt Land denne hausten og på nyåret publisere nye bileter frå Min båt er så liten. Biletene kjem kvar fredag, på vl.no og på Instagram. Du kan sjå dei same biletene i papiravisa på laurdager. Sjå dei andre bileta vi har publisert, her:
«Ein vert ikkje så veldig utfordra når ein er i kristenbobla»

«Eg har kjøpt ein kross»

«Eg drikk berre brus, for Jesus er min rus»

«Ut til verden, inn til Kristus»

«For meg er det lettare å seie at eg er skeiv enn at eg er kristen»

«Eg vart veldig dregen mot dei folka som var så brennande»

«Herren velsigne deg»
