Tidlegare asylforkjempar: Norsk asylpolitikk er generøs
Asylsøkjarar strøymer til Norge. Over 70 prosent får opphald. Aukar denne prosenten, kan vi like godt opne grensene, seier Sylo Taraku.

Han har brukt mange år på å tale saka til asylsøkjarane. I Helsingforskomiteen, Anette Thommessens Minnefond og Norsk organisasjon for asylsøkere (Noas) har Sylo Taraku prøvd å få Norge til å gjere døra høg og porten vid for forfølgde. No ser den tidlegare generalsekretæren i Noas litt annleis på saka:
– Opphaldsprosenten i Norge er høg. Tala for 2013 viser at Utlendingsdirektoratet hittil har gjeve opphald til 63 prosent av asylsøkjarane, og nye 11 prosent har fått opphald etter å ha anka til Utlendingsnemnda. Samanliknar vi desse tala med resten av Europa, som ligg på 25 prosent i snitt, ser vi at Norge gjev opphald til svært mange, seier Taraku til Vårt Land.
– Blir innvilgingsprosenten høgare enn dette, kan ein spørje seg om det gjev meining å oppretthalde kontrollorgan som UDI og UNE, som kostar milliardar av kroner årleg. Ein kan like gjerne opne grensene, seier han til magasinet Minerva.
LES SVARET FRA NOAS: «Sylo Tarakus gir en uriktig beskrivelse av norsk asylpolitikk og asylpraksis.» Bli med i diskusjonen på verdidebatt.no
Over 70 prosent. I 2011 gjekk aktivisten Taraku frå Noas til Utlendingsdirektoratet. Han blei sjef for avdelinga som sender asylsøkjarar tilbake til landa dei først søkte asyl i. Taraku sa i mai takk for seg i UDI. Han blei generalsekretær i organisasjonen LIM Likestilling-Integrering-Mangfold, som «ønsker å fungere somet talerør for liberale og sekulære verdierog motarbeide segregeringen av samfunnet på etnisk eller religiøst grunnlag».
– Kritikarane av dagens asylpolitikk hevdar at Norge fører ein streng politikk. Tala fortel meir enn nokon gong noko heilt anna. Over 70 prosent får opphald, seier Taraku til Vårt Land. Han trur at sjølv om prosenten skulle stige til 90, ville ikkje dei hardaste kritikarane vore nøgde.
8.000 i år. I 2009 kom det 17.000 asylsøkjarar til Norge. Regjeringa innførte tiltak, og fekk ned tilstrøyminga. Men i 2013 stig asyltala på nytt. Hittil i år har det kome nesten 8.000. Berre i august kom det 1.616. Totalt kan det kome 14.000 asylsøkjarar i år, viser analyser UDI la fram rett før helga.
Taraku peikar på det han meiner er eit paradoks. Tilhøva i landa som dei fleste asylsøkjarane kjem frå, Eritrea, Somalia, Irak og Afghanistan, er ikkje blitt verre, men asylpraksisen i Norge er blitt meir liberal.
– I Somalia er det til dømes ikkje lenger krig.
Dei ferske UDI-tala viser sterk auke i tilstrøyming av eritrearar. Taraku seier dette skuldast tre ting.
– Jungeltelegrafen fortel at dei lett og raskt får opphald i Norge - og her det er eit stort, eritreisk miljø allereie. For det andre tek land i Sør-Europa, og særleg Italia som har mange eritrearar, no imot langt færre. Og til sist har Sveits stramma kraftig inn ved at landet ikkje lenger meiner desertering frå hæren i Eritrea er asylgrunn åleine.
Overdriv. Med klar adresse til tre av partia som i dag startar regjeringsforhandlingar, Frp, KrF og Venstre, meiner LIM-generalen at ytterpunkta i asyldebatten overdriv når dei skildrar realitetane i asylpolitikken. Han meiner at politikken er korkje «hjarterå og inhuman» eller «naiv, dumsnill og ute av kontroll».
– Sjølv om svært få legg fram pass eller id-papir, stolar UDI på dei fleste asylhistoriane og innvilgar opphald. Når ein ikkje har så mykje å kritisere UDI for, går ein eit hakk lenger og seier at også dei som har fått avslag må få bli – ikkje fordi dei oppfyller kriteria, men fordi det er det dei vil. Dei reiser ikkje tilbake, seier den tidlegare underdirektøren i UDI til Minerva.
Integritet. Venstre og KrF gjekk til val på lovnader om at asylbarn med familiar som er blitt buande i Norge, sjølv om dei har fått avslag, skal få opphald etter ei viss tid. Tre år lovar Venstre. Fem år seier KrF.
– Slike lovnader er ikkje bra, seier Taraku til Vårt Land.
– Blir dei ein røyndom, vil barnefamiliar tenkje at berre dei klarar å halde seg i Norge etter endeleg avslag, vil dei få bli.
– Kva bør dei fire borgarlege partia bli samde om?
– Gjev dei vel 400 barna og deira familiar som framleis sit i Norge, amnesti. Lat dei få bli. Men, og det er viktig, deretter må alle som får avslag bli sende ut av landet straks. Det er viktig å oppretthalde integriteten til asylordninga.