Kyrkjekutt i Oslo
Kyrkjeleg fellesråd fryktar meir forfall og stengde kyrkjer i Oslo, som ein konsekvens av omfattande økonomiske kutt.

Etter ei storsatsing på å rehabilitere kyrkjene i Oslo seier byrådet stopp. I budsjettforslaget til Oslo byråd for 2012 får Kirkelig fellesråd berre 10 millionar kroner til dette arbeidet. I år fekk dei 46,5 millionar kroner, og året før 59,8 millionar kroner.
– Respektlaust forslag. – Dette vil bety meir forfall, og kan bety stengde kyrkjer, seier ein skuffa leiar i Kirkelig fellesråd, Robert Wright i ei pressemelding.
Heller ikkje leiar for bygg- og vedlikehaldskomiteen er blid.
– Forslaget er respektlaust i forhold til alt arbeidet som er gjort for å redde kyrkjebygga, seier Nils Martin Espegren.
Lova meir. Driftstilskotet til Kirkelig fellesråd i Oslo har også krympa, frå 117,2 millionar kroner i år til 115,4 millionar kroner i 2012.
– Kuttet utgjer mellom 10 og 12 årsverk for Kirkelig fellesråd, og er øydeleggjande for ein allereie stram økonomi, skriv dei i pressemeldinga.
Dette skjer trass i at Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti alle lova meir pengar til kyrkja i ein kyrkjedebatt i domkyrkja for tre veker sidan.