I kamp mot eliten
For hundre år sidan gjekk arbeidarrørsla og bedehus- folket saman om eit forbod mot brennevin, og vann fram. I dag er det ingen som snakkar om forbod lenger.
«Burt med brennevinet, heilt burt med det! Det er tryggaste måten! Møt fram, la det stige ei varm bylgje av folkevilje til å rense landet fyr denne gifti, og tryggje framtidi fyr etterkomarane våre!».
Det sa prest og salmediktar Anders Hovden då kampen mot brennevinet raste som verst i Noreg. Det gjekk mot folkerøysting i landet. Året var 1919. Ti prosent av befolkninga var medlem av fråhaldsrørsla.
– Det var ei formidabel politisk kraft, og grunnstamma var bedehusrørsla, fortel journalist og historikar Gunnar Kagge.
Nyleg ga han ut boka Forbudstid – Den norske krigen mot brennevinet.
Fyll
Noreg har hatt ein aktiv alkoholpolitikk heilt sidan Olav Tryggvason kristna landet, ifølgje Kagges bok. Etter kvart vart brennevin føretrekt framfor øl og vin, både av adelen og folket.
– Vin var dyrt, og vart berre drukke av dei aller rikaste. Brennevin var nokså billeg og ga ein sterk rus. Dei aller fleste trudde at det både førebygde sjukdom og kunne brukast som medisin, fortel Kagge.
LES OGSÅ: Stengt taxfree er sunt for Norge – men uaktuelt for regjeringen
På slutten av 1500-talet reiste biskop Nils Jenssøn rundt i landet og vart då tilbudd brennevin både her og der. Fleire gongar måtte han refse prestane for drukkenskap, skriv Kagge.
Fyll var også eit problem under gravferder. Fleire gongar skal berarane ha mista den avdøde i bakken på veg til kyrkja.
Tørrlagde bygder
I 1816 tillet Stortinget heimebrenning. Om lag 40 år seinare stifta kvekaren Asbjørn Kloster den første totalfråhaldsforeininga i landet.
– Om vi ser på kven som drog i gang fråhaldsrørsla i Noreg, så kjem du ikkje utanom lekmannsrørsla og bedehusa, seier Kagge.
– Kvifor var alkohol eit så stort tema?
– Sjølv om store delar av landet allereie var tørrlagt, var fyll eit stort problem i byane. Det ramma særleg arbeidarklassa. Bygder var lettare å tørrlegge fordi ein visste at folk knapt reiste nokon annan plass.
LES OGSÅ: Så mange år har levealderen økt siden 1980
Mot slutten av 1800-talet vart Noreg eit organisasjonssamfunn. Kagge trur det er to grunnar til at fråhaldsrørsla greidde å mobilisere mange.
– Den sosiale nauda som kom av fylla, var viktig. I tillegg opplevde befolkninga på landet urbaniseringa og industrialiseringa som truande. Tørrlagde bygder ville ikkje ta del i den utflytande kulturen i byane, seier han.
Arbeidarpartiet
Frå og med 1912 var Arbeidarpartiet eit fråhaldsparti. Samtidig var det eit kommunistisk parti på den tida.
– Dei var mykje meir radikale enn i dag. Likevel var det naturleg at sosialistane og bedehusfolket kom saman, meiner Kagge.
Dei slapp å diskutere økonomisk politikk, for ikkje å snakke om livssynspolitikk
– Gunnar Kagge, forfattar
Fråhaldsrørsla sto svakt i dei store byane og dei trengde allierte. Då peika arbeidarrørsla seg ut.
– Martin Tranmæl, den store krafta i Ap, opplevde at faren drakk seg frå gard og grunn. Han kasta seg inn i fråhaldsarbeidet omtrent samtidig som han vart sosialist, fortel forfattaren.
Fleire enn Tranmæl kjende godt til dei negative konsekvensane ved alkoholmisbruk. Både arbeidarane og bedehusfolket hadde eitt og same mål: Avgrense og helst forby alkohol.
– Forsto dei kvarandre, eller var dette mest eit praktisk samarbeid?
– Både dei lågkyrkjelege kristne og sosialistane såg nok på dette samarbeidet som ei pragmatisk løysing. Dei slapp å diskutere økonomisk politikk, for ikkje å snakke om livssynspolitikk. Det var eit veldig situasjonsbestemt arbeid, seier Kagge.
«En broket forsamling»
I USA brukte forbodsrørsla same strategi.
– Der samarbeidde Ku Klux Klan og kvekarane. Der var det iallfall stor ideologisk avstand. Men det gjekk bra fordi dei hadde eitt felles mål.
LES OGSÅ: Ga bosettervin til anti-settlere
Under folkerøystinga i Noreg i 1919 stemte 62 prosent for forbod, medan 38 prosent stemte mot. Den kommunistiske gruppa Mot dag hadde analysen klar:
«Det er en broket forsamling av menn, kvinner og partier som har gjennomført forbudet. Kommunister, alkoholpolitiske vitenskapsmenn, kvinner hvis menn og sønner er gått til grunne av drikk, opplyste forretningsmenn og andre. Men den faste kjerne som bærer bevegelsen og som er ens i alle land er den sjelsbekymrede menighet som tjener gud og som vil at deres dyd skal være den nestes.»
Ei gudsteneste
Men kva med kyrkja i byane? Støtta den bedehusfolket? Under arbeidet med boka las Kagge referat frå kyrkjemøta i forbodstida.
– Du verda kor hovne prestane i byen var, seier han. – På kva måte?
– På kyrkjemøtet i 1926 gjekk sokneprest Harald Devold fråhaldsfolket til åtak og sa: «I avholds-synet ligger en fortegning av de høie idealer. Graaheten, der kommer av, at den er utsprunget av et middelklassedemokrati, som kun har graae linjer at gaa efter.»
Det var det breie lags kamp mot elitane. Det er tradisjon for at posisjonen til elitane vert velta med jamne mellomrom.
– Gunnar Kagge, forfattar
I forbodstida argumenterte mange kristne med at ein gjorde Gud ei teneste ved å stemme for forbod. Stortingsmannen Francis Kjeldsberg meinte at bedehusfolket var blasfemiske då dei trakk Jesus inn i debatten.
– Han trudde ikkje Gud likte å bli brukt som argument i eit «praktisk, økonomisk spørsmål», seier Kagge.
Indremisjonens Johan Wisløff svarte med at kampen for forbod var ein av dei viktigaste oppgåvene for truande.
– Det var det breie lags kamp mot elitane. Her kan vi sjå fellestrekk til det som skjer i verda i dag. Det er tradisjon for at posisjonen til elitane vert velta med jamne mellomrom, seier Kagge.
Solidaritet
I dag er både arbeidarrørsla og fråhaldsrørsla svekka. Mina Gerhardsen, generalsekretær i Actis, meiner det er fordi ein har vunne mange av kampane.
– Det er brei politisk semje i dag om at vi skal ha ein ansvarleg alkoholpolitikk. Både vanlege folk og politikarar veit at mange kan få problem med alkohol, seier ho.
Sjølv er ho barnebarn av ein av 1900-talets mest kjende fråhaldsmenn i Noreg – Einar Gerhardsen. Han skreiv under eit fråhaldsløfte som 14-åring.
– I vaksen alder var det eit politisk val. Han såg at alkohol var noko som ga mange problem, og han meinte det var viktig å vere eit førebilete, fortel ho.
– Korleis såg han på alkohol kontra slik du ser på det i dag?
– På hans tid var mange leiarar i arbeidarrørsla fråhaldsfolk som ei solidaritetsmarkering. Kampen mot alkoholen handlar aldri om moral, men om at folk skulle få betre liv, seier Gerhardsen.
– I dag handlar det ofte om helse. Det er i større grad eit livsstilsval. Men med den jobben eg har, er eg også oppteken av solidaritetstanken i alkoholpolitikken. At den viser solidaritet med dei sårbare, og at vi som fellesskap er villige til å ta ein for laget ved å avgrense tilgangen gjennom til dømes ansvarlege sals- og skjenketider.
Ny legitimitet
Noreg fører ein streng alkoholpolitikk samanlikna med andre land. KrF-politikar Olaug Bollestad trur ikkje det hadde vore sånn utan det historiske engasjementet som Kagge skriv om i boka si. I tillegg dreg ho fram opninga av Vinmonopolet i 1923.
– Eg trur det er grunnen til at vi har ein større helsegevinst enn andre land. Misbruk kostar mykje for enkeltpersonar i dag også, men eg trur skaden hadde vore desto større utan dette grepet.
I dag er alkohol noko som dei fleste har det hyggeleg med, samtidig som ein veit at det er eit produkt ein bør omgå med måte.
– Ingunn Jordheim, generalsekretær i VBF
Ingunn Jordheim, generalsekretær i Vin- og brennevinleverandørenes forening (VBF), meiner profesjonaliseringa av Vinmonopolet har gjort at alkohol har ein annan legitimitet i dag enn tidlegare.
– Alkohol har vorte vanleg for alle. Bestemor mi tok kanskje eit lite glas likør på laurdagskvelden. Mor mi drakk eit par glas raudvin til søndagsmiddagen. Eg kan godt ta meg eit glas på ein tysdag, seier ho.
– Kvinner har eit anna drikkemønster, og dei fleste vaksne menneske har eit naturleg forhold til alkohol.
I tillegg reiser folk meir og oppdagar drikkevanar i andre kulturar. Ein er mykje meir oppteken av smak, og helse og måtehald er viktig – mange tenkjer over kor mykje dei drikk, trur Jordheim.
– I dag er alkohol noko som dei fleste har det hyggeleg med, samtidig som ein veit at det er eit produkt ein bør omgå med måte.
Kagge trekk fram haldningar mot fyllekøyring som noko som har endra seg drastisk dei siste tiåra.
– Det var ikkje mykje refleksjon rundt dette tidleg på 1970-talet, men i dag er det ikkje mange som tykkjer det er greitt å køyre med promille, meiner han.
– Kan ikkje døme
I dag er ikkje Gud ein del av argumentasjonen på same måte som i forbodstida. Heldigvis, meiner Kagge.
– Det er ikkje nok å peike på Gud lenger. Det trur eg kristne politikarar tener på, seier han.
LES OGSÅ: Fastlegen spør sjelden om alkohol
Bollestad, som er KrFs helsepolitiske talsperson, er klar på at det ikkje er hennar oppgåve å frådøme folk tru.
– Vi kan ikkje døme folk inn og ut av himmelen etter kva syn dei har på alkohol, seier ho.
– Mi oppgåve som politikar er derimot å lage rammer for at både dei som går i kyrkja og dei som ikkje gjer det, skal kunne leve i eit samfunn med strenge rammer i alkoholpolitikken.
Bollestad har sjølv opplevd alkoholmisbruk i nær familie. Ho meiner det er positivt at dei kristne tok samfunnsansvaret på alvor under forbodstida.
– Dei mura seg ikkje inne på bedehuset, men engasjerte seg i berekraftige organisasjonar, på lik line med arbeidarane.
Det er noko kult over det at folk flest ikkje utan vidare finn seg i å bli diktert i kva dei skal meine
– Gunnar Kagge, forfattar
I dag er det også vanleg at kristne brukar meir alkohol enn før. Bollestad meiner dei bør tenke gjennom sitt samfunnsansvar.
– Det er færre og færre arenaer, også innan lekmannsrørsla, der det er alkoholfritt i dag, seier ho.
– Har kristne større ansvar for dette enn andre?
– Nei, det same ansvaret har arbeidarrørsla og fagorganisasjonar. Eg seier det like mykje til dei.
Kan mobilisere
Samarbeidet mellom arbeidarrørsla og bedehusfolket fungerte godt når forbod mot brennevin var målet. Det same samarbeidet var også ei viktig årsak til at det norske folk stemte nei til Ei 1972. Men kunne dette fungert like godt i dag?
– I går var eg på framsida av bladet Kristne arbeidere, så eg trur det framleis er ei kontakt der, seier Mina Gerhardsen.
Forfattar Gunnar Kagge er sikker på at motkulturar i Noreg kan mobilisere.
– Det trur eg ein må kunne seie om EU-røystinga i 1972 også, at motkulturane sigra over eliten. Det er noko kult over det at folk flest ikkje utan vidare finn seg i å bli diktert i kva dei skal meine, seier han.
Han trur det framleis er mogleg å mobilisere på enkeltsaker når det gjeld verdispørsmål. Men det må ligge til rette for det.
– Folk må vere redde for fyll, til dømes. Og så er det viktig å avgrense den felles kampen til eitt mål.