Vil gi støtte til barn når foreldra går frå kvarandre
SAMLIVSBROT: Sjølv i ei ryddig skilsmisse, kan overgangen gå hardt inn på barn og unge. No ligg det an til fleirtal i Bergen om å styrke hjelpa til skilsmissebarn.

9355 ektepar gjekk frå kvarandre i 2020. Midt i mange av skilsmissene står barn og unge som møter ein heilt ny kvardag – delt mellom to heimar.
Desse blir ikkje blir godt nok sett, meiner Kristeleg Folkeparti (KrF) i Bergen. Derfor ber partiet bystyret ta stilling til om barn og unge kan få eit tilbod som gir dei støtte til å takle den framande situasjonen.
– Om dette bare hjelper éin søskenflokk i ein stor by som Bergen, så er det verdt det, meiner Joel Ystebø, som fremmer interpellasjonen for KrF.
Det ligg an til at representanten får bystyret med seg. Fleirtalspartia (Ap, MDG, V og KrF) varslar støtte, og det same gjer Høgre og Senterpartiet, ifølge Ystebø. I så fall skal byrådet greie ut korleis eit skilsmissetilbod til barn kan bli i kommunen.
Barn stiller spørsmål – no skal dei få svar
– Dei aller fleste taklar ei skilsmisse greitt, og har ein ryddig prosess. Samtidig veit me at mange unge sit med tunge spørsmål etterpå, som «kvifor?», «er noko av dette min feil?» eller «kven skal eg bu hos?». Med eit slikt tilbod skal dei få nokon å samtale med om desse spørsmåla, viss dei ønsker, seier Ystebø frå KrF.
Han peiker på at Bergen allereie har mange gode tilbod som hjelper familiar og barn som har det vanskeleg. Men for ungane som opplever samlivsbrot hos foreldra, finst det ikkje noko slikt, seier han.
KrF-forslaget har også landa godt hos opposisjonen.
– Dette er ein god interpellasjon, som eg har lyst til å gi KrF skryt for. Det er ikkje så ofte me får gjort det i eit år med val, seier Harald Victor Hove, gruppeleiaren til Høgre i bystyret.

For han har dette forslaget også ein personleg dimensjon. Hove var sjølv gjennom ei skilsmisse for nokre år sidan. Sjølv om samarbeidet har vore godt, har politikaren sett at barna sit med mange spørsmål likevel. Hove støttar gjerne forslaget om ein arena kor ungane kan få svar.
– Barn går gjennom fleire fasar etter eit brot. Det er ikkje sikkert dei er ferdige med å bearbeide situasjonen sjølv om foreldra føler seg ferdige, seier Høgre-mannen.
På barnas premiss
Hove meiner ei styrke ved KrF sitt forslag er kor lågterskel det er. Brotet mellom foreldra treng ikkje vere dramatisk for at barna skal få nokon å lufte situasjonen med. Tilbodet skal vere på dei unges premiss.
KrF-Ystebø har sett til Kristiansand for inspirasjon. Der finst tilbodet «Vanlig, men vondt», som har pågått sidan 2013. Der får barn og unge både gruppesamtalar og individuell oppfølging.
– Når ei skilsmisse er veldig konfliktfylt, er barnevernet eller andre instansar kobla inn. Men sjølv ei mindre dramatisk skilsmisse kan vere utfordrande. Det gir god effekt når barn får møte andre barn som opplever det same, seier han.

Dette er ikkje familieterapi eller parterapi, men eit tilbod når samlivsbrotet først har skjedd, peiker Ystebø på. Terskelen skal vere låg, og skulane blir dei som gir informasjon.
Høgre-Hove er spent på å sjå kva slags form dette tilbodet kan få i Bergen.
– Viss dette blir full-offentleg kan det fort bli lang kø. Skal det ha ei vesentleg effekt, trur eg det er viktig at hjelpa kjem tidleg. Der kan me også sjå til frivillige eller private krefter som har kompetanse og erfaring med familiespørsmål, ikkje minst med fokus på barn.