Vi må fordømma Putins forfølging
Ei 16 år gamal jente blei lagt i golvet saman med faren sin. Væpna politi truga dei med pistol før dei vart tekne til avhøyr. Slik forfølgjer det hemmelege russiske politiet Jehovas vitne.

Ed Brown
Generalsekretær i Stefanusalliansen
Johannes Morken
Redaktør i Stefanusalliansen
Jehovas vitne vert dømde til lange fengselsstraffer eller høge bøter for «ekstremistisk aktivitet» berre fordi dei møtest, ber og les Bibelen. Det er ei forfølging vi må ta avstand frå.
Trakasseringa eskalerer
Vårt Land fortel at Jehovas vitne frå Russland har søkt og fått asyl i Noreg på grunn av religiøs forfølging i heimlandet. Trakasseringa og forfølginga av Jehovas vitne i Russland har eskalert etter at den russiske høgsteretten i 2017 stempla Jehovas vitne som ekstremistorganisasjon – og all aktivitet vart forboden.
Minst 290 Jehovas vitne er anten dømde eller kan venta rettssaker. Det fortel nyhendetenesta Forum 18, som følgjer brota på trusfridomen i landa som høyrde til Sovjetunionen.
Seks års fengsel
Etter at danske Denis Christensen vart dømt til seks års fengsel i fjor vår, fekk Vladimir Alushkin den same lange straffa i desember. 21. januar vart så Gregory Bubnov (54) også dømt til seks års fengsel. Men han fekk, som den første, fengsel på vilkår, med ei prøvetid på fem år. To biblar vart beordra destruerte. Han har forbod mot å delta i organiserte aktivitetar.
Dette er hardhendte verkemiddel. Så får vi notera oss at dommaren i Nadezhinsky distriktsdomstol var noko mildare stemt enn påtalemakta som ville senda Bubkov rett til sju års opphald i arbeidsleir.
I ein annan domstol, i Polyarny i Murmansk-området, vart to andre Jehovas vitne – Roman Markin og Victor Trofimov – 24. januar dømde til bøter som svarar til ei årsløn for kvar av dei. Også her ville påtalemakta ha strengare straffer enn dommaren.
Akkurat i det vi skriv denne kronikken, kjem rapport frå domstolen i byen Karpinsk: Der vart tre nye Jehovas vitne måndag dømde til fengsel på vilkår i frå eitt år til to og eit halvt år.
Med desse tre er i alt 22 Jehovas vitne dømde for ekstremistisk aktivitet sidan forbodet mot organisasjonen vart innført for to og eit halvt år sidan.
LES OGSÅ: Russland fengsler medlem av Jehovas vitner i seks år
Med pistol og overvaking
Markin og Trofimov vart arresterte i ein større aksjon mot i alt 13 Jehovas vitne i ulike heimar i Polyarny 18. april i fjor. Markin og den 16 år gamle dottera hans vart tvinga til å liggja på golvet, fortel Forum 18. Både far og dotter vart truga med våpen før dei vart tekne inn til avhøyr. Det hemmelege politiet hadde, viste det seg, overvaka dei i fleire månader. Overvakingskamera var plasserte i heimane til alle dei arresterte.
Slik går Putins hemmelege politi etter ekstremistar. Dei dømde vil anka dommane. Tidlegare straffa har for sin del anka til ingen nytte. Regimet vil knusa organisasjonen.
Straffa for å møtast
Kva er dei så dømde for? Ifølgje dommen mot Markin og Trofimov er brotsverket at dei via internett inviterte folk til samling. Dette var «organisert og gjennomført kollektiv religiøs kultaktivitet med deltakarar i ein ulovleg religiøs organisasjon». Dei vart dømde for å ha leia studium «av religiøs litteratur» og for å ha bede «bøner til guden Jehova».
Dei er altså også blitt straffa for å ha hatt religiøse samlingar heime. I rettssaka mot Markin vedgjekk derimot ein offiser i det hemmelege politiet i retten at det ikkje er ulovleg å samlast, studere Bibelen og forkynna, melder Forum 18.
Risikerer razziaer og bøter
Dette er faktisk eit svært interessant punkt. Også baptistar og pinsevener vert straffa for å arrangera religiøse samlingar i heimane. Dei vert ramma av ei anna lov enn ekstremismelova som vert brukt mot Jehovas vitne. Dei evangeliske kristne vert rettsforfølgde etter den snart fire år gamle anti-misjonslova.
Mange baptistar og pinsevener har lenge kjempa for retten til å ha gudstenester i private heimar. Men dei har ikkje vunne fram, og risikerer difor razziaer og bøter og det skadelege at stresset og presset som ligg i den vedvarande frykta for det væpna russiske maktapparatet.
Viktig dom som kan få følgjer
Men no har evangeliske kristne faktisk vunne fram. Ei kvinne som i 2017 vart bøtelagt for å ha lete kyrkjelyden samlast heime, fekk medhald i konstitusjonsdomstolen 14. november. Domstolen slo fast at trussamfunn og religiøse organisasjonar har rett til å halda møte i private bustader sjølv om desse ikkje er regulerte til slike føremål.
Dette var ei avgjerande rettssak som kan få følgjer for mange tusen kristne og andre truande i Russland – og kanskje også i andre land som høyrde til Sovjetunionen. Advokatane som førte saka for kvinna, var støtta av Stefanusalliansen. Vi har dei siste åra trappa opp prosjekt for å sikra rettshjelp til offer for brot på trusfridommen. Saka viser at det er viktig også å gå rettens veg.
Sprengt ein kile
Kor vidt dommen vil hjelpa i ankesakene til dei dømde frå Jehovas vitne, er det uråd å seia, sidan dei er dømde for å organisera ein forboden organisasjon. Men rettsavgjerda har i alle fall sprengt ein rettsleg kile inn i den hardhendte politikken mot alle truande som ikkje er russisk-ortodokse.
Jehovas vitne er dei som er hardast ramma av tilstramminga i Russland. Anti-misjonslova som er brukt mot evangeliske kristne, vart signert av Vladimir Putin i 2016. Også den lova skulle gje verktøy til kampen mot terrorisme. I staden enda lova opp med å kriminalisera religiøse uttrykk som ikkje er godkjende av staten.
Det er all grunn til å fordømma den grove forfølginga av Jehovas vitne. Det må vi gjera både fordi trusfridommen deira vert systematisk broten, og fordi den hardhendte politikken mot dei er eit symptom på ei vidare tilstramming.
LES OGSÅ:
• Arbeiderpartiet: Beklagelig at Jehovas vitner ikke fratas statsstøtten
• Jurist: Ta statsstøtten fra alle trossamfunn
• Jehovas vitner i Sverige får rett til statsstøtte