Vårt Land braut ikkje god presseskikk i Født Fri-saka

Avisa Vårt Land braut ikkje god presseskikk i omtalen sin av stiftelsen Født Fri, slår Pressens Faglege Utval (PFU) fast.

Publisert Sist oppdatert

Det var dagleg leiar Shabana Rehman i Født Fri-stiftelsen som klaga avisa inn for PFU etter at dei hadde omtalt fleire interne varsel om mellom anna økonomisk rot, skriv fagbladet Journalisten.

Rehman reagerte på omtalen, meinte seg førehandsdømt og klaga på at ho ikkje hadde komme til orde i dekninga til avisa. Ho meinte Vårt Land hadde brote fleire punkt i Vêr Varsam-plakaten.

PFU har derimot slått fast at Vårt Land ikkje braut reglane for god presseskikk i omtalen si. Etter ein diskusjon, der det vart vurdert om avisa skulle få ei form for mild kritikk, konkluderte utvalet med ikkje å rette nokon kritikk mot avisa.

– Saken fremstår balansert og Vårt Land har gjort en god jobb for å få frem folk som har et annet syn enn varslerne, som danner grunnlag for saken, sa utvalgsmedlem Lars Helle, i følge Medier24.


Powered by Labrador CMS