Vågar ikkje bli au pair
Britiske husstandar ropar etter au pairar, men Brexit og terrorfrykt skremmer unge frå å søkje seg til Storbritannia.
– For tida har eg 78 familiar som leitar etter ein au pair, men eg trur berre halvparten vil klare å finne nokon dei kan intervjue, for eg har ikkje nok søkjarar, fortel Rebecca Haworth-Wood til The Guardian.
Ho leiar selskapet A2Z Au Pairs og er styreleiar i British Au Pair Agencies Association (BAPAA). Organisasjonen melder at sidan 2016, altså sidan Brexit, har fallet i søknader frå europeiske unge som vil vere au pairar i Storbritannia falle med 75 prosent.
BAPAA melder at i kjølvatnet av Brexit rår dei ei anti-utlending-stemning i landet.
Ei anna forklaring på svikten i au pair-søkinga til Storbritannia, er frykta for terror, melder The Guardian. Terroraksjonane i Manchester og London.
I Storbritannia er det tradisjon for at unge, særleg kvinner, frå Tyskland, Frankrike og Polen vil vere au pair i ein britiske familie. Vårt Land