Utnyttar kaoset – jenter forsvinn
Nepal er storleverandør av jenter til sexindustrien i India. Jordskjelvet gjer barn og unge jenter ekstra sårbare.

– Situasjonen var ille før skjelvet. No får dei som har vonde planar det endå lettare, fortel Kristine Storesletten Sødal, fungerande generalsekretær i Strømmestiftelsen.
Lutfattige Nepal har i ei årrekkje sett at det årleg går ein jamn straum av barn og tenåringar til nabolandet i sør. India har ein stor prostitusjonsindustri som har ein umetteleg etterspurnad etter jenter frå fjellandet i nord. Dei yngste som forsvinn til India er heilt ned i seks-sju- årsalderen.
I følge UNICEF anslår myndigheitene i Nepal at kriminelle nettverk årleg sel mellom 12.000 og 15.000 tenåringsjenter til prostitusjon berre i nabolandet India. Det er også eit problem internt i Nepal. Barneprostitusjon er utbredt både ved massasjesalongar og i prostitusjonsstrøk, som finst i mange større byer i Nepal.
- Me jobbar intenst for at born som er skilde frå familiane deira skal bli tatt hand om i trygge miljø. Arbeidet med å finne og gjenforene dei med familiane er allereie i gong. I dei tilfella der me ikkje kan finne familiemedlemmar som kan ta seg av borna, forsøker me å finne ein fosterfamilie som kan ta dei inn, seier Bernt Apeland, generalsekretær i UICEF Norge.
LES OGSÅ: Buddhas heimlandrista sund
Ungt land
I Nepal er jenter og kvinner ekstra sårbare for trafficking, seier organisasjonen Maiti Nepal, for dei er andreklasseborgarar, både sosialt og juridisk. Ved sidan av trafficking er barnebryllaup ein utbreidd skikk i landet. Nepal er også landet med ei ung befolkning; kvinnene mellom åtte og 18 år tel heile fire millionar. Totalt er halvparten av Nepals 28 millionar innbyggjarar under 23 år.
– No er Nepals unge særleg utsette, seier Storesletten Sødal.
Ho fortel at i mange byar og landsbyar søv folk ute – dei er ikkje verna av fire veggar lenger. Mange barn og unge har også mista foreldre – anten er dei døde eller så har dei kome vekk i kaoset etter skjelvet laurdag.
– Vi veit frå andre katastrofar av denne typen at kyniske bakmenn veit å utnytte kaoset til å forsyne seg med jenter som sexindustrien etterspør, seier leiaren i Strømmestiftelsen, som har anti-trafficking-program i Nepal saman med lokale organisasjonar.
LES OGSÅ: Bygget for katastrofe
Lokka med jobb
Maiti Nepal, som arbeider med å stoppe straumen sørover og hjelpe ofra som klarar å kome seg laus frå bakmennene, meiner at så mange som 20.000 jenter og kvinner forsvann til indiske bordell i fjor.
Strømmestiftelsen, som også arbeider med å stoppe trafficking i Nepal, og Maiti Nepal forklarar at jentene og tenåringane blir fanga inn på fleire måtar:
• Jenter får jobbtilbod frå «snille onklar». Foreldre blir fortalt at døtrene blir hushjelper i India.
• Jenter blir gifta bort til bakmenn.
• Jenter blir kidnappa.
Bakmennene fraktar jentene inn i India over svært opne grenser. Her blir dei selt til bordell over heile landet. Prisen kan liggje rundt 3.000 kroner per stykk. Maiti Nepal fortel at jentene blir gjort «villige» med hjelp av valdtekter og andre overgrep. I mange bordell er det vanleg for ei jente å ha over 20 kundar dagleg.
LES OGSÅ: Frykter 10.000 har omkommet i jordskjelvet i Nepal
Er vaktmenn
Storesletten Sødal fortel at no prøver dei å gjere to ting samstundes:
– Vi brukar våre ti tilsette i landet og våre partnarorganisasjonar til å dele ut naudhjelp; vatn, mat og madrassar – samstundes som vi gjer alt vi kan for å vere vaktmenn, altså sjå til at utsette jenter ikkje forsvinn i kaoset.
Følg oss på Facebook og Twitter!