Trass solbrille-bråk: Medlemsvekst i Raudt

POLITIKK: Raudt har auka med 67 medlemmer sidan solbrille-saka kom ut i media.

Marie Sneve Martinussen (R) mener at staten må ta regninga etter ekstremværet Hans. Foto: Lise Åserud / NTB
TOK OVER: Marie Sneve Martinussen tok over som partileiar i Raudt i juli.
Publisert Sist oppdatert

Fredag 30. juni kom første nyheita i den sokalla solbrille-saka. Då meldte Romerikes Blad at dåverande leiar i Raudt, Bjørnar Moxnes, var teken for tjuveri av eit par solbriller på Oslo Lufthavn Gardermoen.

Saka fekk stor merksemd, og enda med at Moxnes trekte seg som partileiar 24. juli. Då tok Marie Sneve Martinussen over som leiar.

Nye tal Vårt Land har henta inn, viser ikkje noko medlemsflukt frå Raudt etter solbrille-saka.

Sidan 30. juni har Raudt hatt 217 utmeldingar og 284 innmeldingar. Tala er oppdaterte til og med 22. august.

Det opplyser Iver Johansen Aastebøl, kampanjeansvarleg i Raudt.

Dermed har Raudt hatt ein netto medlemsauke på 67 medlemmer sidan 30. juni.

Per no har Raudt til saman 13.243 betalande medlemmer.

– Etter kvart som folk betalar kontingent så auker medlemstalet gjennom året, skriv Aastebøl i ein e-post til Vårt Land.


Powered by Labrador CMS