Tønnessen gir seg som KrFU-leiar
Martine Tønnessen (30) tek ikkje gjenval som leiar i KrFU.
– Dette har vore dei to mest spennande åra i livet mitt. Det er ikkje alle som får lov til å leie ein organisasjon med idealistiske menneske som jobbar for å forandre verda til det betre, seier Tønnessen.
Ho har vore leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) dei siste to åra og var sentral i retningsvalet til KrF i haust. Saman med fleirtalet i KrFU ønskte ho at KrF skulle gå i regjering med Høgre, Framstegspartiet og Venstre.
Ho pratar positivt om posisjonen til KrF i regjeringa.
– KrF sit no i regjering, og det gir oss ei unik moglegheit til å fronte våre eigne saker og ha innverknad på politikken frå dag til dag. Det blir spennande å sjå kva dei to neste åra bringar, og eg reknar med at KrFU kjem til å vere tydeleg på kva organisasjonen meiner KrF burde prioritere.
LES OGSÅ: KrFU-lederen til angrep på Knut Arild Hareide: – Ren hersketeknikk
Sa ja til Frp
Tønnessen har vore aktiv i KrFU sidan 2014 og har sete i sentralstyret i fire år.
Hausten 2018 fekk ho og KrFU mykje merksemd då valet stod mellom å støtte Knut Arild Hareide og søke regjeringsmakt til venstre, eller å søke regjeringsmakt med Høgre, Frp og Venstre. Det blei tidleg klart at Tønnessen ønskte å gå til høgre – vekk frå valløftet frå 2017 om å ikkje gå i regjering med Frp.
– Det er ein kamel å svelje. Men dei siste fem åra har bevist at det går an å samarbeide med Frp, sa Tønnessen til Vårt Land.
Då KrFU skulle velje, etter å ha fått besøk av Erna Solberg, valde eit splitta ungdomsparti å seie ja til Solberg og Frp.
«De dolkar oss i ryggen»
I utgangspunktet skulle ein samla KrFU-delegasjon stemme likt under det ekstraordinære landsmøtet til KrF, men ei rekkje KrFU-arar varsla at dei kom til å stemme for regjering med Ap og Sp.
I ein epost til «utbrytarane» i KrFU blei saka omtalt som eit «grovt tillitsbrot».
– Før valet av nytt sentralstyre var alle einige om at vi ikkje skulle blande meining i retningsvalet og valet av tillitsvalde. De forheldt vi oss lojale til, med den konsekvens at de no dolkar oss i ryggen ved første vegkryss, skreiv dei i eposten.
LES OGSÅ: Derfor brukte ikkje Hareide meir makt
2C og Hareide-angrep
Tønnessen og KrFU-fleirtalet vann til slutt fram på landsmøtet, der abortlova og paragraf 2c fekk mykje merksemd.
Seinare fekk Tønnessen kritikk for å seie at gjennomslag om 2C ikkje var ein føresetnad for å gå inn i Solberg-regjeringa.
– Eg meiner det ikkje var abort som var avgjerande for retningsvalet til KrF. Eg kjenner ingen som blei blå av å høyre om abort. Det hadde ikkje så mykje å seie for utfallet, sa Tønnessen til Vårt Land i januar.
Etter at KrF gjekk i regjering har organisasjonen Drivkraft, som ønskjer å vareta engasjementet til Knut Arild Hareide, fått ein del merksemd. Under Drivkraft-konferansen i februar gjekk Hareide hardt ut mot Civita. Han sa at den ideologiske skuleringa i KrF ikkje kan skje i Civita, noko som gjorde Tønnessen sint.
– Knut Arild brukar rein hersketeknikk når han stemplar halve KrF som Civita-fraksjonen. Han seier dermed at vi ikkje klarer å tenkje sjølve. Det er sjølvsagt heilt feil. Knut Arild må snart kunne anerkjenne at fleirtalet på landsmøtet ønskte ei ikkje-sosialistisk regjering, sa KrFU-leiaren til Dagbladet.
LES OGSÅ: Dette er KrFUs krav til KrFs landsmøte
Sit til hausten
Tønnessen sjølv har fronta flyktningkrisa, klimautfordringane og KrF som ei tydeleg stemme for barn.
– Eg har vore opptatt av å vere tydeleg, både i møte med andre parti og vårt eige moderparti. KrFU må halde fram med å vere ei vaktbikkje for KrF, både når det gjeld pengebruk, men også når det gjeld å prioritere klima og internasjonal rettferd, seier ho.
KrFU har landsmøte først i haust, frå 18. til 20. oktober, og Tønnessen blir sitjande som leiar fram til dette.