To underverk under eitt tak
Hagia Sofia er kyrkja som blei moské før ho blei museum. Tyrkiske politikarar ønskjer å få tilbake moskeen.

«Ikkje av menneskehand» sa bysantinarane sjølve om bygget som blei reist i løpet av fem år. Av menneskehender.
Dette er fyrste artikkelen i serien Spor, ein serie artiklar om religionsmøte som har sett varige spor. I Hagia Sofia møter kristendommen og islam kvarandre under same tak i bygget som i nesten 1000 år var verdas største katedral – fram til katedralen i Sevilla slo opp dørene i 1520 – men som blei konvertert til moske av ein sultan på frammarsj.
Sentrum i aust
Bystaten Bysants skifta namn til Konstantinopel då den romerske keisaren Konstantin I bygde ny hovudstad i den austlege delen av det romerske imperiet i 330, seks år etter at han blei toppsjef i heile riket.
Konstantin I sjølv planla byen under namnet Nea Roma – Nye Roma, men folket valde Konstantinopel, og det blei også namnet på byen som blei hovudsete i Austromarriket, best kjent som det bysantinske riket.
Keisarane var ivrige kyrkjebyggjarar. Innan dagens Hagia Sofia blei reist i åra 532-537, hadde to keisarar bygd to kyrkjer på tomta. Konstantin II reiste Magna Ecclesia i 360, men bygget blei svidd av under eit opprør. Teodosius II prøvde på nytt i 415, men under eit nytt opprør i 532 var det nokon som vifta med open eld, og dermed blei også den katedralen svidd av.
LES OGSÅ: Katedralenes mor
Dyre byggjesteinar
Til skilnad frå forgjengarane nølte ikkje Justinianus I lenge med å avgjere at kyrkja skulle byggjast opp att. Berre veker etter at den andre kyrkja gjekk opp i røyk, byrja arbeidarar å stable marmorblokker.
Keisarens arkitektar teikna eit bygg som skulle bli større og flottare enn noko kyrkje som hadde blitt reist. Dei skapte eit bysantinsk monument, sjølv om dimensjonane er vestlege, ikkje bysantinske. Hagia Sofia blei eit eksperiment som aldri blei tatt fram att i bysantinsk arkitektur.
For Justinianus I var berre det beste godt nok, så han fekk frakta material frå heile imperiet. Hellenske søyler frå tempelet Efesos, store steinar frå steinbrot i Egypt, grøn marmor frå Thessalia, svarte steinar frå Bosporus og gule steinar frå Syria. På det meste var 10.000 arbeidarar sysselsette med å reise guds- huset. Etter fem år og ti månadar med hard bygging kunne keisar Justinianus I og patriark Menas innvie Hagia Sofia i 27. desember 537 med pomp og prakt. Katedralen blei hovudsete til den ortodokse patriarken og mykje brukt til kroningar.
Knust av skjelv
Jordskjelva i 553, 557 og 558 øydela mykje av bygget, særleg rista skjelvet i 558 ned store rikdomar. Justinianus I hyrte inn ny arkitekt som reparerte skadane i 560-562. Han henta nye praktverk til kyrkja; mellom anna åtte korintiske søyler frå Libanon.
Blant keisarane som fekk ansvaret for Hagia Sofia, var det ikkje alle som hadde like stor omtanke for kyrkja. I 726 gav til dømes keisar Leo ordre om at alle ikona skulle knusast.
Følg oss på Facebook og Twitter!
Opp gjennom åra kom det nye øydeleggjande jordskjelv og øydeleggjande herskarar. I 1204 okkuperte katolske korsfararar Konstantinopel, og byen blei sentrum i det latinske riket. Konsekvens: Hagia Sofia blei ein katolsk katedral fram til 1261. Då slo bysantinarane grusomt tilbake og jaga katolikkane på dør.
Plyndra kyrkja
Muslimane kjem, varsla vakta i Konstantinopel då troppene til sultan Mehmet II blei oppdaga i horisonten. 29. mai 1453 tok han byen. I trå med sæd og skikk fekk krigarane til sultanen plyndre den hærtekne byen; mange sprang difor rett til Hagia Sofia, for rykta hadde fortalt at katedralen husa store skattar.
Då Mehmet II overtok byen og statskyrkja, hadde Hagia Sofia vore stengt i ti år grunna øydeleggingar etter kraftige jordskjelv. No reparerte sultanen skadane – og gjorde det bysantinske gudshuset om til ein moske. Sultanane som styrte byen bygde i tur og orden minaretar i tilknyting til Hagia Sofia. Innadørs fekk også bygget utsmykkingar som fortalde at brukarane vende seg mot Mekka når dei samla seg i bøn. Mellom anna blei mosaikkane dekka til.
Sultan Abdulmecid stod for den mest spektakulære islamske oppussinga av Hagia Sofia. I to år fram til 1847 var 800 arbeidarar i sving med både eksteriøret og interiøret i moskeen. Enorme medaljongar med blant anna inskripsjonen «Allah» kom på plass.
Sekulært museum
Moskeen var sjølve stasmoskeen i det osmanske riket, og sjølv om riket blei smadra i 1918 som følgje av første verdskrig, var Hagia Sofia i bruk som gudshus heilt fram til 1935. Skiparen av den sekulære tyrkiske republikken, Mustafa Kemal Ataturk, avgjorde at arven etter det austromerske riket skulle skrotast i 1930; Konstantinopel blei erstatta med Istanbul. Og i 1935 lukka Hagia Sofia dørene som moske - og opna oppatt som museum. I dag er museet eit av verdas best besøkte. Godt over tre millionar går kvart år inn i kyrkja som blei moské.
Sterke muslimske krefter i det tyrkiske samfunnet krev at Hagia Sofia på nytt skal bli moske. Visestatsminister Bulent Arinc er mellom dei som er open for statusendring:
– Vi ser på ein trist Hagia Sofia, men vonar å få sjå han smile på nytt, sa ministeren og hausta sinne i nabolandet Hellas. Her meinte den ortodokse kyrkja at Arinc trakka på dei religiøse kjenslene til millionar av kristne.