Tidlegare leiar for kristen stiftelse tiltalt for fleire lovbrot
TILTALT: Stiftelsen Ordet i Bergen samla inn store summar for å hjelpa rusmisbrukarar. No er tidlegare leiar tiltalt for fleire lovbrot.

Per Oluf Svendsen er tidlegare styreleiar og dagleg leiar i den private, kristne Stiftelsen Ordet i Bergen. No er han tiltalt for tiltalt for brot på straffelova, stiftelseslova og bokføringslova, melder VG.
Det er statsadvokaten i Hordaland og Sogn og Fjordane som har teke ut tiltale i saka.
Svendsen er tiltalt for «å ha overtrådt grunnleggende bokføringsprinsipper om bokføring, spesifikasjon, dokumentasjon og oppbevaring av regnskapsopplysninger».
Ifølgje tiltalen har dette gjort at det «har vært svært vanskelig å kontrollere virksomheten», og at overtredelsen «har medført at regnskapene ikke ga uttrykk for stiftelsens reelle økonomiske situasjon».
Brukte narkomane for å samla inn pengar
VG har i fleire år sett søkeljos på stiftinga i Bergen.
I 2017 viste VG korleis rus-stiftelsen brukte narkomane til å samla inn pengar. Ifølgje avisa hadde stiftelsen rekneskapsført 25 millioner kroner i inntekter frå 2000 til 2016.
VG har også intervjua ein ung mann som trudde han skulle få behandling for rusproblema sine hjå Stiftelsen Ordet i Kenya. Han fortel at han enda opp med å rusa seg på en grisefarm utanfor Nairobi.
Sak om underslag bortlagd
71 år gamle Per Oluf Svendsen er også tiltalt for å ha unnlatt å halda Stiftelsen Ordet sine midler atskilt fra andre eigendelar. Han har satt inn til saman 3,2 millioner kronar i kontantar, innsamla av og for Stiftelsen Ordet, på sin eigen private konto.
Tidlegare har Svendsen blitt meldt for underslag, men forsvarar og advokat Rolf Knudsen, skriv i ein e-post til VG at saka om grovt underslag er bortlagt.
Advokaten skriver at Svendsen erkjenner at det har vore manglar og rot i føringane i rekneskapane.
Skulle driva ettervern etter «kristen rehabilitering»
Opplysningar frå Brønnøysundregisteret viser at Stiftelsen Ordet vart registrert i 1997.
Under rubrikken «bransje/verksemd» oppgav stiftelsen i 2001 følgande aktivitetar:
- Utvikling, markedsføring og viderearbeide/fornyelse av filmserien NETTET.
- Økonomisk støtte til rehabiliteringssteder for narkomane i Rogaland.
- Drive kriseavrusning av rusmisbrukere inntil de er i stand til å bli sendt til et rehabilitetssenter.
- Opprette og drive to aktivitetssentre for ungdom i faresonen, hvor hoveddelen av aktivitetene består i dykking/ båtidrett, fallskjermhopping og friidrett.
- Ettervernsbehandling av rusmisbrukere som har vært i gjennom kristen rehabilitering, drive veiledning for foreldre til rusmisbrukere.
- Drive utstrakt undervisningsvirksomhet i barne- og ungdom- og i videregående skoler i hele Norge.