Taliban blir skulda for å ha arrestert endå ein kvinneaktivist

Taliban skal ha brukt makt for å arrestere ein aktivist i heimen hennar etter at ho deltok i demonstrasjonar for å krevje likestilling.

Publisert Sist oppdatert

Mursal Ayar er tilsynelatande den sjette aktivisten som har forsvunne dei siste vekene, skriv BBC.

Taliban nektar for å ha arrestert henne og dei andre aktivistane som har forsvunne.

– Dette er ei sak som nettopp har skjedd. Vi etterforskar ho, seier talsperson for Taliban, Bilal Karimi, til BBC om Ayars forsvinning.

Laurdag uttrykte FN bekymring for forsvinningane som ser ut til å ha skjedd som ei følgje av demonstrasjonar for likestilling.

– Mangelen på tydeleg informasjon om kvar desse og andre er, held oppe frykt og uvisse, heitte det i ei fråsegn.

Powered by Labrador CMS