Sveits gjer det Frp ønskjer, frys bistand til Palestina
BISTAND: Sveits frys den økonomiske støtta til palestinske og israelske menneskerettsorganisasjonar. SV fryktar andre land skal følgje etter og ber Støre-regjeringa auke støtta.

– Som ein sterk forsvarar av menneskerettane bør regjeringa snakke med Sveits og be dei snu. Dette er tida for å styrke – ikkje kutte støtta til palestinske og israelske menneskerettsorganisasjonar, seier SVs utanrikspolitiske talsperson Ingrid Fiskaa til Vårt Land.
SV ber difor regjeringa om å auke løyvingane til palestinske og israelske menneskerettsorganisasjonar i ei kritisk tid for menneskerettane i Israel og Palestina, og der brota på desse rettane er mange.
Drap og bomberegn
I snart fire veker har krigen mellom Hamas og Israel rast, ein krig som også påverkar den israelskokkuperte Vestbreidda:
- Hamas drap kring 1.400 personar då dei angreip Israel 7. oktober, fortel israelske styresmakter.
- Israels bombing og bakkekrig i Gaza har kosta over 9.000 menneske livet, av desse er vel 3.700 barn, opplyser dei Hamas-kontrollerte helsestyresmaktene i Gaza torsdag.
- Over 120 palestinarar er drepne av israelske soldatar og busetjarar på Vestbreidda sidan 7. oktober, melder FN.
Sveits frys pengestøtte
Medan krigen mellom Hamas og Israel blir intensivert, går utanriksdepartementet i Sveits ut og melder at dei frys den økonomiske støtta til seks palestinske og fem israelske menneskerettsorganisasjonar.
I kunngjeringa frå Bern heiter det at sveitsiske styresmakter no vil analysere arbeidet til dei 11 organisasjonane for å sjå om arbeidet deira framleis er relevant for Sveits å støtte.
Frysen vekkjer internasjonale reaksjonar:
«I dag er arbeidet til israelske og palestinske menneskerettsforkjemparar meir kritisk enn nokon gong», melder Human Rights Watch (HRW). Menneskerettsorganisasjonen ber den sveitsiske regjeringa om å yte viktig støtte samstundes som ein tek ein gjennomgang av ordninga.

Ber Norge presse Sveits til å snu
SV reagerer sterkt på avgjerda til Sveits` regjering. Ingrid Fiskaa seier til Vårt Land at «dette sender eit svært uheldig signal i ei tid då vi treng menneskerettsforsvarar meir enn nokon gong». Ho meiner utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) bør få sveitsarane til å gjere om vedtaket.
– Uavhengige rettsbaserte organisasjonar som B’tselem og Al Haq kan motverke den polariseringa og ekstremismen me ser utvikle seg på begge sider av muren.
Dette er tida for å styrke – ikkje kutte støtta til palestinske og israelske menneskerettsorganisasjonar
Ingrid Fiskaa, SV
Fremmar motforslag
Tidleg i krigen mellom Hamas og Israel fremma Framstegspartiet eit forslag om å fryse Norges bistand til Palestina og sjølvstyrestyresmaktene. Forslaget blir no handsama i Stortingets utanrikskomité.
Her fremmar SV eit motforslag:
– SV vil no fremje forslag i Stortinget om å auke støtta til menneskerettsorganisasjonar i Palestina og Israel. Me får fylle det finansieringsgapet Sveits etterlet seg inntil dei snur.

Vaktbikkje for barn
Norge støttar og har støtte organisasjonar som israelske B´Tselem, palestinske Al-Haq, Defense for Children International-Palestine (DCI-P), ein uavhengig organisasjon som er ei menneskerettsvaktbikkje for barn – og som får årets Raftopris – og den palestinske jordbrukerorganisasjonen Union Of Agricultural Work Committees (UAWC).
I 2021 stempla Israel seks palestinske menneskerettsgrupper som terrororganisasjonar. Dei seks er Union of Palestinian Women’s Committees (UPWC), Addameer, Bisan Center for Research and Development, Al-Haq, Defense for Children International – Palestine (DCI-P) og Union Of Agricultural Work Committees (UAWC).