Styreleiar er blitt usikker på om museet får millionane dei treng
STATSBUDSJETTET: Kulturministeren og justisministeren dukka opp på Jødisk Museum og lekka 77,3 millionar i støtte neste år. Berre sju millionar kjem i 2025.

– Er du blitt usikker på om museet får midla de treng?
– Ja, svarar Rolf Golombek, styreleiar ved Jødisk Museum i Oslo.
– Vår oppfatning av kva som blei lova Jødisk Museum på neste års statsbudsjett, er heilt klar, statsrådane som kom til museet lova oss 77,3 millionar kroner, seier han til Vårt Land.
Difor finn han det underleg at sjølve budsjettdokumentet berre lovar sju millionar i 2025.
Difor har han bede om eit møte med Kulturdepartementet for å bli trygg på kva regjeringa eigentleg har tenkt å løyve av millionar til museet.
– Jødisk museum treng ikkje uroe seg, skriv kulturminister Lubna Jaffery (Ap) i ein epost til Vårt Land.
«Endå ein bløff»
– Ufatteleg. Endå ein bløff, er det mogleg.
Dag Inge Ulstein blir opprørt når Vårt Land fortel han kva som står i kulturministerens budsjettforslag.
Med «bløff» siktar Ulstein til budsjettlekkasjar frå Støre-regjeringa som ikkje var så rause som lekkasjane varsla.

Kom to statsrådar med ein lekkasje
Tysdag 1. oktober, seks dagar før statsbudsjettet for 2025 blei lagt fram, kom to regjeringsmedlemmer til Jødisk Museum i Oslo.
Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) og justisminister Emilie Mehl (Sp) steig opp på scenen på ei morgonsamling hjå museet for å lekke frå neste års budsjett.
Der gjorde Jaffery og Mehl «det klart at regjeringen gir 77,3 millioner kroner til museet i neste års statsbudsjett», rapporterte avisa Dagen, som var invitert med på samlinga.
Justisministeren var glad
Mehl var glad for løyvinga, skreiv Dagen:
«Nå har dette prosjekt blitt jobbet med over tid, og vi bevilger jo midler over statsbudsjettet årlig. Jeg er glad for at vi nå kan prioritere dette i 2025.»
Heilt sikker på kva som blei lova neste år
KrFs Dag Inge Ulstein var også invitert til Jødisk Museum tysdag sist veke. Partiet har kjempa for å sikre museet betre økonomiske kår.
Han fortel Vårt Land kva han høyrde Jaffrey og Mehl love:
– Eg høyrde to statsrådar dele ut 77,3 millionar til museet på neste års statsbudsjett.
Tidsfrist: «seinare budsjettår»
Måndag la kulturminister Lubna Jaffery fram departementets forslag til budsjett for 2025. Her skriv departementet: «Foreslått tilskudd: 7 mill. kroner samt tilsagn om ytterligere 70,3 mill. kroner i seinare budsjettår, slik at den samlede statlige medvirkningen blir 77,3 mill. kroner.»
Styreleiar Golombek ved Jødisk Museum treng å avklare fleire ting med Kulturdepartementet.
– Me har søkt om støtte frå Justisdepartementet for å betre tryggleiken ved museet, men fått avslag. Det er uklårt for oss om dei sju millionane me skal få neste år også skal dekkje tryggleik.
Skal ha møte med Jødisk Museum
Kulturminister Lubna Jaffery svarar på uroa Jødisk Museum ber fram og kritikken frå KrFs fungerande leiar i ein epost til Vårt Land, ho er på reise i Brasil:
«Jødisk museum treng ikkje uroe seg, for vi forpliktar oss til å gje dei 77,3 millionar i neste års statsbudsjett. Så framt Stortinget sluttar seg til løyvinga, noko eg reknar med at dei gjer, kan museet vere trygge på at dei får 77,3 millionar.
Regjeringa har føreslått at Jødisk museum totalt skal få 77,3 millionar kroner, med ei startløyving på 7 millionar neste år. Museet får pengane gjennom ordninga for Nasjonale kulturbygg, der regjeringa i neste års budsjett løyver pengar til 16 ulike nye kulturbyggprosjekt. Dei fleste av byggeprosjekta får totalløyvinga fordelt over fleire år. Grunnen til det er at byggeprosjekt tek tid, og at behov og framdrift kan variere.
Eg forstår at budsjetteknikk kan vere krevjande, men eg trur at Ulstein, som erfaren politikar og tidlegare statsråd, forstår korleis dette fungerer. Ordninga er den same som då han og hans parti sat i regjering og løyva pengar på same vis.
Ved behov for til dømes mellomfinansieringa kan tilsegnslovnaden nyttast som lånegaranti. Departementet skal ha eit møte med Jødisk museum måndag om ei dryg veke, der vi vil orientere meir om korleis denne prosessen fungerer.»