Stortinget sa nei til minnedag for Holocaust

TIL MINNE: Stortinget stemte ned forslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) om å innføre en ny nasjonal minnedag for Holocaust-ofra.

532 norske jødar vart frakta om bord i det tyske skipet DS Donau, som segla ut frå Vippetangen om ettermiddagen 26. november 1942. Foto: Georg W. Fossum / NTB / NPK
DONAU: Det tyske skipet Donau tok over 500 norske jødar med til dødsleirane. Bildet er teke då båten forlet Oslo 26. november 1942.
Publisert Sist oppdatert

MDG har ønska ein nasjonal minnedag for Holocaust i Noreg. Dagen skulle vera 26. november, til minne om dei over 500 norske jødane som vart deportert med MS Donau til konsentrasjonsleiren Auschwitz i 1942.

«Den 26. november er ei skammas dag i norsk historie, og må aldri gløymast», skriv MDG i forslaget om ny nasjonal minnedag.

Forslaget kom etter ein artikkel i Vårt Land i fjor haust, der både HL-senteret, Jødisk Museum i Oslo og Det Mosaiske Trussamfunn støtta ein slik minnedag.

Torsdag denne veka stemte Stortinget ned forslaget frå MDG, melder Dagen.

Berre MDG, KrF og ein av Frps representantar stemte for. Frp har tidlegare komme med eit tilsvarande forslag, som også vart stemt ned i Stortinget.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) meiner det ikkje er klokt å innføra ein ny minnedag, ifølge Dagen.

Noreg markerer alt den internasjonale holocaustdagen 27. januar kvart år.

– Å etablera ein minnedag i tillegg vil kunne gå utover oppslutninga om den felles, årlege markeringa av Den internasjonale holocaustdagen, skriv Gjelsvik i sitt innspel til familie- og kulturkomiteen.

Powered by Labrador CMS