Sterke forsvararar i Frp og KrF
I Oslo meiner fleirtalet at kyrkjer kan bli brukt til heilt andre formål enn gudshus. Dårleg idé, seier folk i Nord-Norge.

Målinga Norstat har gjort for Vårt Land avdekkjer stort sprik i synet på kor viktig kyrkjer er for nordmenn:
• I Oslo meiner eit fleirtal, 50 prosent, at lite brukte kyrkjer godt kan bli tekne ut av bruk og omdisponerte – 45 prosent avviser ideen.
• Forsvaret for å bevare dagens kyrkjestruktur i Den norske kyrkja, er sterkast i Nord-Norge. I Finnmark, Troms og Nordland meiner 63 prosent at ideen om omdisponering er dårleg eller svært dårleg, 30 prosent seier det motsette.
• Brote ned på skilnader mellom by og land, viser tala at kyrkjebygga står sterkast i distriktskommunar. Nordmenn i byar og tettstader er meir villige til å gje slepp på kyrkjer som få brukar.
• Nordmenn under 30 år ser gjerne at kyrkjer kan bli omdisponerte; 47 prosent seier ja, 44 prosent seier nei. Nordmenn over 50 er tydelege på at dei ikkje ønskjer å gje slepp på kyrkjer til andre formål enn det bygget er reist for å tene.
REPORTASJE: På denne puben er det ikke tilfeldig at drinkmenyen henter navn fra bibelen
Bli konsertlokale
I 2014 tok SVs kyrkjepolitiske talsmann bladet frå munnen og sa kva partiet meinte burde skje med mange norske kyrkjer:
– Det finst mykje anna fint å bruke kyrkjene til, sa stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes til NRK. Hans forslag var å gjere gudshus om til kulturscenar og konsertlokale.
LES MER: I dag bestemmer staten - Kirken ønsker seg makt over egne bygg
SV positive
Vårt Lands måling viser at SV-veljarar er svært positive til å omdefinere kva ei kyrkje kan brukast til. 64 prosent svarar at det er ein god idé eller ein svært god idé å ta kyrkjer ut av bruk. Berre eitt parti er meir positive, Miljøpartiet Dei Grøne.
Vårt Land har spurt SVs partileiar Audun Lysbakken, som i dag er partiets representant i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskningskomité, om han er samd med SV-kollega Torgeir Knag Fylkesnes’ standpunkt. Lysbakken ønskte ikkje å kommentere dette.
To parti
Forsvararane av dagens mange kyrkjer, finn vi særleg i KrF og Framstegspartiet. Her avviser høvesvis 92 prosent og 75 prosent at det er for mange kyrkjer.