Står fast på fasten: Slik starta Ramadan over heile verda

Store bønesamlingar og kveldsmat i fellesskap skal kjenneteikne muslimane sin faste. Sjå korleis viruset påverkar den heilage månaden i år.

I Sarajevo i Bosnia desinfiserer dei ein moské for å hindre spreiinga av Covid-19 – sjølv om det berre er dei geistlege som får delta på bønene. Myndigheitene har gitt restriksjonar på store samlingar og seremoniar.
Publisert Sist oppdatert

Ramadan 2020 blir ei fastetid for historiebøkene.

Der muslimar vanlegvis kjem saman for å be og lese Koranen, hindrar fleire land sine korona-restriksjonar måtane og plassane ein tradisjonelt møtest på.

Men sjølv om koronaviruset råkar verda, held dei fleste på sjølve fasten likevel. Slik løyste muslimar starten ulike plassar i verda:


Frivillige desinfiserer den historiske Badshadi-moskeen før Ramadan kan byrje i Lahore i Pakistan. Foto: K.M. Chaudary / AP Photo.


Muslimske menn i Aceh-provinsen i Indonesia ber si tradisjonsrike 'tarawih'-bøn, og markerer Ramadans første kveld. Dei sit tett-i-tett, trass i eit tidlegare virusutbrot i ein moské i nærleiken. Foto: Zik Maulana / AP Photo.


Fastemånaden blir stillare enn vanleg i Madrid i Spania. Retningslinjene for Covid-19 har tømt skohylla i Islamic Cultural Center and Mosque. Foto: Bernat Armangue / AP Photo.


I Marseille i Sør-Frankrike har dei tenkt nytt. Imam Abderrahmane Ghoul i Tahara-moskeen kringkastar fredagsbøna via radio til dei tusen heimar.​ Foto: Daniel Cole / AP Photo.


Her lagar dei matpakkar til muslimske migrantar til iftaar, måltidet som bryt den dagslange fasta. I Mumbai i India er Ramadan vesentleg mindre folkerik enn vanleg. Folk må stort sett halde seg heime. Foto: Rajanish Kakade / AP Photo.


Med litt avstand møtest dei geistlege i ein elles tom moské i Sarajevo i Bosnia. Foto: Kemal Softic / AP Photo.

Ramadan

  • Ei muslimsk høgtid som blir feira fordi Muhammad fekk si første openberring på denne tida.
  • Den niande månaden i den islamske kalenderen, som følger månen.
  • Ramadan er Islams fastemånad. Dei flestemuslimar skal avstå frå å drikke og ete frå sola står opp til ho går ned. Då blir fasta brutt med kveldsmåltidet «iftar».
  • Fasta er i utgangspunktet obligatorisk for alle vaksne muslimar (over puberteten)
  • Ramadan blir avslutta med den religiøse festen id.
  • Festen blir innleia med høgtideleg fellesbøn og preik (khutba) i moskeen.
  • Kjelder: NRK.no og Helse-Norge.
Powered by Labrador CMS