Spår mødredød og skulekutt

Sverige vil bruke mange bistandsmilliardar på flyktningar. Fornuftig, seier Frp-topp.

Rundt 800 kvinner døyr dagleg som følgje av problem knytt til graviditet og fødsel; 99 prosent i utviklingsland. Kuttar Sverige hardt i den langsiktige bistanden for å få pengar til flyktningar, vil fleire fattige kvinner døy i barsel, seier ein rapport frå det svenske utanriksdepartementet. Denne pjokken blei fødd i Sierra Leone i sommar.
Publisert Sist oppdatert

Solberg-regjeringa arbeider på spreng for å finne milliardar til å betale flyktningrekninga, som dagleg blir dyrare. Asylkostnaden er kalkulert til 5-6 milliardar kroner i 2016.

I Sverige balar den raudgrøne regjeringa med endå større utfordringar enn dei blåblå har i Norge. For medan det kan kome rundt 25.000 asylsøkjarar hit i år, bur Sverige seg på å ta i mot heile 150.000.

Kraftig auke

Løysinga ligg på bistandsbudsjettet, seier statsminister Stefan Löfven. Difor har den svenske finansministeren bede utanriksdepartementet utgreie kva som blir konsekvensane om Sverige brukar 60 prosent av bistandsbudsjettet på asylkostnader, og ikkje 20 som no. Norge brukar fem prosent.

Sverige brukar allereie mykje bistandspengar på flyktningar, og vi skal auke bruken kraftig, seier Löfven til Sveriges Radio. Han understrekar at omprioriteringa er godkjent av OECD.

LES OGSÅ: Kristdemokraterna kan bidra til politisk kaos

Ikkje nye oljekroner

Fornuftig omprioritering, meiner Leif Eriksen. Han leiar Østfold Frp og reiser i morgon til landsstyremøtet i partiet.

– Flyktningkostnadane blir eit tema, seier han og held fram:

– Vi kan ikkje hente flyktningmilliardane i Oljefondet, det skal vi ha til komande generasjonar. Vi skal heller ikkje røre pensjonsforliket, for dei som har bygd landet skal få det vi har lova. Difor er det berre ei løysing, vi må betale flyktningutgiftene med pengane vi har sett av på bistandsbudsjettet, seier Eriksen.

Fylkesleiaren ser at straumen av flyktningar inn i Østfold frå Sverige berre aukar. Han har også fått Norges største registreringsmottak i fylket. I eit tidlegare butikklokale i Råde har Politiet utlendingseining sett opp 23 telt. Her skal asylsøkjarane bu i maks to døgn medan dei blir registrerte og får helsesjekk.

LES OGSÅ: – Mamma og pappa ligger begravet utenfor huset vårt

Ingen grense

– Norge brukar i dag 5 prosent, Sverige 20, men vil bruke meir – kva kan Norge bruke?

– Svaret er at vi må auke bruken av bistandspengar suksessivt; jo fleire flyktningar det kjem til Norge, dess meir av bistandsbudsjettet må vi bruke på dei.

Utanriksminister Børge Brende (H) har fått eit rekordstort bistandsbudsjett neste år, 33,6 milliardar kroner.

LES OGSÅ: Slik skal Norge sende ut flere barn

Dødelege konsekvensar

I Sverige vekkjer rapporten til utanriksdepartementet oppsikt. Dersom regjeringa brukar 60 prosent av bistandsbudsjettet på flyktningar vil konsekvensane bli svært omfattande, melder sr.se:

Barn i fattige land må avbryte utdanning, fleire mødre vil døy i barsel. Vern av skogar, hav og andre økosystem vil bli svekka.

Sveriges omdømme som bistandsnasjon vil også bli kraftig svekka.

LES OGSÅ: KrF foreslår å øke bistanden til rekordnivå

Alltid ramme

– Kva tenkjer du om konsekvensane som blir trekte fram i Sverige, Leif Eriksen

– Uansett kva vi gjer, vil det gå utover nokon.

Sist veke utfordra Vårt Land utanriksminister Brende: Norge brukar bare 5 prosent av bistandsbudsjettet på asylutgifter i Norge neste år, medan Sverige, Danmark og Nederland brukar om lag 20 prosent – kan vi ende på same nivå?

– Det blir spekulativt å sei noe noko helst om dette no, sa Brende.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Bruk forsvarsmilliardar

Jørn Lemvik, generalsekretær i Digni, er ikkje til å rikke. Løyvingane til langsiktig bistand på bistandsbudsjettet kan ikkje kuttast, sjølv om Norge må finne milliardar til flyktningrekninga.

– Langsiktig bistand er uhyre viktig førebyggjande arbeid. Blir bistandskronene berre omprioritert til katastrofeinnsats, vil vi få fleire katastrofar, seier Lemvik som leiar ein bistandsparaplyorganisasjon for 20 misjonsorganisasjonar og kyrkjesamfunn.

– Kvar skal finansministeren finne inndekning til asylkostnadane?

– Ho kan til dømes kutte i skatteletten, eller ta pengar frå forsvarsbudsjettet. Slik kan vi også vere med på å sikre meir fred i verda.

Powered by Labrador CMS