Sp droppar omkamp om eggdonasjon og tidleg ultralyd
Stortingsfleirtalet liberaliserte bioteknologiloven kraftig i vår. Senterpartiet droppar omkamp. Men eit mindretal i programkomiteen vil mjuke opp abortloven.

Senterpartiet kom i mindretal – saman med KrF – då Stortinget vedtok ny bioteknologilov i vår. Arbeidarpartiet, SV og Framstegspartiet gjekk saman om ei lang rekkje liberaliseringar.
Difor er bioteknologikapitlet i forslaget til nytt partiprogram kraftig revidert. Senterpartiet vil ikkje vere eit omkamp-parti i bioteknologipolitikken. Kva KrF vel, blir synleg når deira forslag til nytt partiprogram blir lagt fram. Men i mai utelukka ikkje KrFs parlamentariske leiar Hans Fredrik Grøvan at partiet vil ta ein omkamp om liberaliseringane.
– Det må me setje oss ned og vurdere, sa han til NTB.
Kraftig revidert programforslag
Torsdag legg programkomiteen i Senterpartiet fram forslag til partiprogram, for stortingsperioden 2021-2025. Forslaget viser at det Stortinget sa ja til i vår, er stroke.
Ute er punkta om:
• Nei bruk av og forsking på befrukta egg, fostervev og aborterte foster.
• Nei til bruk av stamceller og genteknologi.
• Halde på regelen om at fostervassdiagnostikk berre skal tilbydast risikogrupper.
• Nei til rutinetilbod om tidleg ultralyd til alle friske gravide.
• Assistert befruktning skal berre vere for par.
• Nei til eggdonasjon og embryodonasjon i Norge.
• Også motstanden mot «fosterreduksjon av friske foster» er fjerna.
Sp vil «at surrogati ikke skal tillates»
På eit punkt har programkomiteen i Sp mjuka opp formuleringane: om surrogati.
I dagens program seier Sp at partiet vil «innskrenke høva til å bruke surrogati-tenester i utlandet, og føre vidare det nasjonale forbodet mot surrogati».
I forslaget som er lagt fram seier programkomiteen at Sp vil «at surrogati ikke skal tillates og arbeide for at ingen blir utnyttet gjennom surrogattjenester i utlandet».
Sp vil altså ikkje gjere det forbode for nordmenn å kjøpe surrogati i utlandet lenger, men dei som gjer det må ikkje utnytte sårbare kvinner.
I dag er surrogati ulovleg i Norge, men lovleg i utlandet. Og mange norske par gjer bruk av tilbodet.
Mindretal vil liberalisere abortloven
I dagens partiprogram slår Senterpartiet ganske enkelt fast at det vil «føre vidare dagens abortlovgiving».
Torsdag legg partiets programkomité fram forslag til nytt program som skal dekkje perioden stortingsperioden 2021-2025. På spørsmålet om grensa for sjølvbestemt abort, deler komiteen seg i eit fleirtal på ni og eit mindretal på to.
Fleirtalet ønskjer denne formuleringa i programmet: «Senterpartiet vil opprettholde dagens abortlov.»
Det betyr sjølvbestemt abort fram til veke 12, og nemndbehandla abort mellom veke 12 og 18.
Mindretalet vil liberalisere monaleg - skrote dagens abortnemnder og utvide grensa for sjølvbestemt abort: «Senterpartiet vil erstatte nemndene med rådgivende team og endre abortloven slik at abort er selvbestemt inntil 18. svangerskapsuke. Etter 18. uke gjelder dagens abortlov: etter utgangen av uke 18 i svangerskapet kan det ikke avbrytes med mindre det er særlig tungtveiende grunner for det, og er det grunn til å anta at fosteret er levedyktig kan det ikke gis tillatelse til svangerskapsavbrudd.»
No skal forslaget til høyring i partiorganisasjonen. Andre og endelege utkast kjem 10. januar - og blir vedtatt på Senterpartiets landsmøte i mars.
LES MEIR OM BIOTEKNOLOGISTRIDEN: