Små bedrifter slit i møte med store straumrekningar
DYRTID: Ein campingplass i Haugesund fekk åttedobla straumrekninga. Ei fjellstove vurderer å stoppa deler av drifta. Ein butikkeigar lurer på om ho må flytta frå bygda.

I dag fekk Støre-regjeringa ein pustepause på ei veke, før ho må koma med ein tidsplan for nye straumtiltak. Neste veke skal Stortingets presidentskap på ny vurdera om dei vil hasteinnkalla Stortinget.
Siste året har straumprisen blitt mellom tre- og firedobla i regionane Sør, Sør-Aust og Vest, viser statistikk frå Norges Energi.
I juni hamna straumrekninga på 78.000 kroner, mot 9000 i juni i fjor.
Adrian Høyvik Thomson, Haraldshaugen camping
Rundt om i landet er det mange mindre bedrifter som slit i møte med rekordhøge straumrekningar. Vårt Land har snakka med tre av dei.
Må vinterstenge og permittera
Haraldshaugen camping ligg nokre kilometer frå Haugesund sentrum. Plassen blir driven av det camping-frelste paret Adrian Høyvik Thomson og John Arne Waage.
Etter tøffe korona-år opplever dei no ei åttedobling i straumprisen.
– Me har ikkje fått straumrekninga for juli enno. I juni hamna rekninga på 78.000 kroner, mot 9000 i juni i fjor. Det skjer sjølv om me har hatt lågare besøkstal i år enn i fjor, seier Adrian Høyvik Thomson.
Då dei såg rekordrekninga, fann dei ut at dei måtte vinterstenga og permittera tilsette. Normalt har dei over 1000 overnattingar i vintermånadane.
Du må bruka pengar for å spara pengar. Det er pengar eg ikkje har.
Hege Marie Lavik, Eksingedalen Snarkjøp
– Me skal klara å koma oss igjennom dette. Men det er ikkje lett når pengane me skulle brukt på oppgradering og løft, heller går til å betala straumrekningar.
Det var Haugesunds Avis som først melde om planane om vinterstenging.
Vurderer å flytta
– Eg er usikker om me må flytta frå Eksingedalen på sikt. Eigentleg var tanken at eg og mannen min begge kunne jobba på butikken, men med straumprisane som er no, er eg usikker om me har råd til det.

Det fortel butikkgründar Hege Marie Lavik (28). Ho driv landets første heildigitale butikk, i Eksingedalen nær Voss i Vestland. Her bur ho med mann og to barn.
Ho fortel at straumrekninga er auka frå rundt 3500 kroner til 15.000 kroner i månaden. Det merker ho godt i ein liten butikk.
På Eksingedalen Snarkjøp kan kundar låsa seg inn i butikken og betala for varene på ein sjølvbetent automat.
Den store straumslukaren på butikken er frys og kjøledisk. Hege Marie Lavik har vurdert å byta dei ut med nyare modellar som er meir straumeffektive.
Problemet er prislappen: Nye kjølediskar hadde kosta 200.000 kroner.
– Du må bruka pengar for å spara pengar. Det er pengar eg ikkje har, seier Hege Marie Lavik.
Fjellstove vurderer stopp
– Me klarer å halda hovudet over vatnet litt til. Om det blir verre til vinteren, må me vurdera stoppa deler av drifta, seier Arild Løvli til Vårt Land.
Han hjelper til med drifta på Veggli Fjellstue i Numedal, som blir driven av dottera Linda Løvli.
Om det blir verre til vinteren, må me vurdera stoppa deler av drifta.
Arild Løvli, Veggli Fjellstue
– Dottera mi starta i 2004 med fire små hytter utan vann og kloakk. No er det 64 utleigesenger med høg standard.
Han fortel at både oppvarming og drift av kjøkken krev mykje straum.

Straumrekninga er over dobla, den var på 20.000 kroner i månaden, no er den oppe i 50.000,
Delt i synet på makspris
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har varsla at det vil koma nye og potensielt store endringar i straumstøtta.
Regjeringa har forsikra at den jobbar med konkrete modellar for støtteordning til bedrifter som slit med høge straumprisar.
Dei tre Vårt Land har snakka med, er delte i synet på kva som trengst.
– Me ønsker ein makspris, då veit me kva me har å forholda oss til, seier Arild Løvli ved Veggli Fjellstue i Numedal.
Hege Marie Lavik ved Eksingedalen Snarkjøp er tilhengar av makspris på straum for bedrifter, men ikkje for alle.
– Ein må bruka skjønn. Dei minste selskapa burde få makspris. Det er ikkje bra om selskap som går bra og ikkje treng straumstøtte, får slik støtte, seier ho.
Adrian Høyvik Thomson ved Haraldshaugen camping er ikkje tilhengar av makspris.
– Om det blir makspris, vil ikkje folk spara straum. Då blir magasina tomme. Politikarane må ikkje kasta vekk pengar i støtte utan å løyse problemet med mangel på straum. Eg har meir trua på å gje støtte til selskap som investerer i ny teknologi, som solceller.
Tøff tid etter korona
Adrian Høyvik Thomson ved Haraldshaugen camping i Haugesund peiker på at nesten alle tapar på høge straumprisar:
– Med permitteringar kjem færre til å ha jobb, og me som er igjen, kjem til å slita oss meir ut. Så må me auka prisane, som igjen går ut over kundane. Dei einaste som vinn på dette, er staten og straumselskapa.
Han fortel at korona-tida har tæra hardt på selskapet, og at dei har behov for å henta seg inn igjen.
– Me fekk litt krisestøtte frå staten, det er me veldig glade for. Men støtta var ikkje i nærleiken av å kompensera for utgiftene.