Slik tryggar du barn som er uroa: – Sørg for glimt av normalitet

KRISER: Korleis kan du gjere dei yngste mindre redde, når du sjølv er stressa og uroleg? Her er Gjerdrum-psykologens råd til å snakke kvarandre trygge i kaotiske situasjonar.

Oslo 20181206.Illustrasjonsbilder, barnehage.barn, barnehage, lek, gutt, puter, puterom, venter, ensom, ensomhet, savnModellklarert til redaksjonell bruk.Foto: Gorm Kallestad / NTB
Eit barn i forvirring og uro treng tryggleik, fortel psykolog Ane Heiberg Simonsen.
Publisert Sist oppdatert

Ei heil bygd møter 2021 i uvisse, frykt og sorg.

— Når ein er redd sjølv, kan ein gløyme det gode ein eigentleg kan om å snakke til barn, seier barnepsykolog Ane Heiberg Simonsen.

Første nyttårsdag skal ho møte pårørande etter skredet i Gjerdrum, og minne foreldre på korleis dei skal handtere dei kaotiske tilhøva for både seg sjølv og barna. Råda kan òg brukast ved andre traumatiske hendingar.

Eitt av tipsa Simonsen vil gi, kjem frå luftfarten: «Ta på di eiga maske før du hjelper andre». Ho forklarar det slik:

— Tryggleik smittar. Når du er trygg, føler barna seg trygge. Viss du klarer å regulere ditt eige stress, og overvake di eiga uro, og kanskje roe deg ned, vil ungane fange opp den stemninga.

— Barn toler utruleg mykje når dei har tryggleiken frå gode relasjonar rundt seg, seier ho.

Ane Heiberg Simonsen, RVTS
Ane Heiberg Simonsen er barnepsykolog og rådgivar ved RVTS. Her er hennar råd til den beroligande samtalen med barn.

Finn ro i det usikre

Situasjonen i Gjerdrum er framleis uavklart: Personar er sakna, hus er øydelagde og hundrevis veit ikkje kor tid dei får flytte heim.

— Når utsiktene er uklare, kan ein då trygge med at «det går bra»?

— Ein kan heller seie noko om det ein veit noko om. «Look for the helpers» er det eit uttrykk som heiter.

Det betyr å peike på dei konkrete tinga rundt seg, som beviser tryggleiken som faktisk finst, forklarar Simonsen. Då kan ein seie:

— Me er trygge no — sjå på politiet, sjukepleiarane og dei frivillige som er her og hjelper oss, seier psykologen.

Det finst inga A-B-C-oppskrift som passar for alle foreldre og barn, understrekar barnespesialisten. Ein må tilpasse kor mykje informasjon ein skal gi, og kva slags opplysningar det er, ut frå alderen og temperamentet til barnet.

I ein forvirrande situasjon er kanskje ikkje lange tips-lister det mest effektive, seier Simonsen.

— Bruk barnet ditt som vegvisar. Lytte etter kor uroa deira ligg. Er dei redde for det neste skredet? Lurer dei på kor tid ting blir normale igjen? Får dei sove dårleg? Naviger ut frå det.

Tv, leik og spel i kaoset

Ane Heiberg Simonsen lovprisar det raske arbeidet til kommunen og kriseteamet i denne ekstreme situasjonen. Ho forstår at tanken på å ikkje få kome til heimen sin på lenge, eller nokon gong, kan vere krevjande — spesielt for dei unge.

— Sørg for så mykje normalitet som mogleg. La barna få spele spelet dei pleier, sjå den tv-serien dei likar, treffe hunden sin og leike som vanleg.

— Denne situasjonen er eit kjempebrot på det trygge livet. Men viss ein får følelsen av at noko av det kjende kjem på plass, og blir ein del av kontinuiteten, er situasjonen lettare å stå i, fortel Simonsen.

Og viss ein som forelder ikkje får til roe seg sjølv nok til å skape tryggleik for barna, oppmodar ho:

— Viss du sjølv føler deg sett ut av spel, be om hjelp.

Råda til psykolog Simonsen og Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS), kan lesast meir om her.

Raset i Gjerdrum

  • Natt til 30. desember gjekk eit større jord- og leirras nær Gjerdrum sentrum.
  • 14 hus er tatt i raset.
  • Ti personar er sakna.
  • Rundt 1000 menneske er evakuerte.
Powered by Labrador CMS