Slik gjekk det då dei flytta abortgrensa frå veke 16 til veke 22
ABORTLOV: Ei splitta regjering legge fram heilt ny abortlov. Tre andre land i Europa har flytta abortgrensa.

Støre-regjeringa legg fredag fram forslag til ein abortlov som utvidar retten til sjølvbestemt abort fram til veke 18. Senterpartiet tek dissens.
NRK melder at Sp ønskjer å halde på dagens abortlov, som opnar for abort fram til veke 12.
DN melder at Arbeidarpartiet, Venstre, SV, MDG og Raudt vil røyste for forslaget. Partia har 80 representantar i Stortinget. Skal loven bli vedtatt, må minst fem folkevalde frå dei andre partia støtte liberaliseringa.
Tendensen i Sverige går faktisk i retning av at fleire tek abort tidlegare
Kristina Gemzell Danielsson, professor Karolinska Universitetssjukhuset
Eitt land har totalforbod
I Europa er det stor strekk i lovgjevinga – frå forbod til abort fram til veke 24.
Malta har totalforbod mod abort. I Polen er abort berre lovleg dersom helsa eller livet til kvinna er i fare, eller om graviditeten er eit resultat av valdtekt.
I andre enden ligg Island med abortrett fram til veke 22 og i England, Skottland og Wales går abortgrensa ved veke 24. Nederland har også veke 24.
Norge er ikkje åleine om å liberalisere abortgrensa. Også Danmark vil flytte grensa frå veke 12 til veke 18. Akkurat som i Danmark er Noregs abortlovgjeving av eldre årgang: 50 år gammal i Danmark, og snart 50 i Norge.

Utval: Ikkje fleire abortar etter lovendring
Kva skjer når grensa for sjølvbestemt abort blir flytta, eller er sett lenger ut i svangerskapet av lovgjevarane?
Tilhøva i tre land gjev svar.
Island liberaliserte abortgrensa i 2019. Alltinget utvida retten til sjølvbestemt abort frå veke 16 til veke 22. Den tidlegare islandske loven frå 1975 opna ikkje for sjølvbestemt abort.
Endringa i 2019 gav ein mindre auke i talet abortar, opp frå 969 i 2020 til 1.037 i 2022. Men ikkje nok til å vise ein tendens, fortel Alexander Smarason, professor og fødselslege på sjukehuset i Akureyri i Island, til dr.dk.
Det synet blir støtta av det norske regjeringsnedsette abortlovutvalet som skriv i rapporten Abort i Norge – Ny lov og bedre tjenester: «Den nye lovgivningen har ikke ført til noen økning i antall aborter på Island.»
Tala frå Island viser at fleire tek abort før veke 12 og færre etter.
Vel to prosent blir utført i vekene 21–23
Nederland innførte veke 24 i 1984, tidspunktet der fosteret blir vurdert som levedyktig utanfor livmora.
Tala viser at 85 prosent av abortane blir utført før veke 12 – og at 2,2 prosent blir utført i vekene 21–23.
Abortrata ligg på 8,7 per 1.000 kvinne i fertil alder, 18–45 år.

«Fleire tek abort tidlegare»
Sverige innførte fri abort i 1974. Riksdagen sette grensa til 18 veker. Dei svenske aborttala er svært stabile.
Det blei gjennomført 34.450 abortar i Sverige i 2022. Abortrata er 18 per 1.000 kvinner i alderen 15–44 år. 61 prosent av abortane finn stad før svangerskapsveke sju.
– Tendensen i Sverige går faktisk i retning av at fleire tek abort tidlegare, seier Kristina Gemzell Danielsson til dr.dk. Ho er professor ved Karolinska Universitetssjukhuset i Stockholm.
Sp-minister fryktar grenseflytting
Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) gjekk i mai ut mot liberaliseringa av abortloven. Statsråden fortalde Klassekampen at ei utviding frå veke 12 til veke 18 vil endre synet på abort seint i svangerskapet.
– Ein lov signaliserer og skaper haldningar, kanskje ikkje på kort, men på lang sikt. Og ein kan tenkje at ein får fleire abortar seinare i svangerskapet, sa Toppe.
I 2023 blei det utført 610 nemndbehandla avbrot, som utgjer 4,7 prosent av alle avbrot, og 607 av desse blei innvilga i primærnemnd, fortel Abortregisteret. Andelen nemndbehandla avbrot i høve til sjølvbestemte held seg stabilt. Dei fleste nemndbehandla avbrota blei innvilga på grunnlag av risiko for fosterskadar.
Sverige toppar i Norden
Dette er abortratene i Norden:
Finland: 6,7 per 1.000 kvinne i fertil alder.
Norge: 9 per 1.000 kvinne.
Island: 10,5 per 1.000 kvinne.
Danmark: 11,4 per 1.000 kvinne.
Sverige: 15,1 per 1.000 kvinne.