Skulle kutta fossil – Den norske kyrkja har framleis seks millionar i olje og gass

FOSSILFRI: I 2022 vedtok Den norske kyrkja å selja seg ut av fossil-selskap innan 2023, seinast 2024. I dag har kyrkja dobbelt så høg verdi på fossil-investeringane sine som i 2021.

NORDSJØEN: Oljefeltet Johan Sverdrup står for om lag ein tredel av norsk oljeproduksjon. Den norske kyrkja skal etter planen ut av olje- og gass-selskap.
Publisert Sist oppdatert

For to år sidan kom Den norske kyrkja (DNK) med eit vedtak som fekk stor merksemd: Dei lova å kutta ut investeringar i fossil energi innan 2023, og seinast i 2024.

Medan siste frist nærmar seg, kan Vårt Land no melda at DNK framleis har nesten seks millionar kroner investert i selskap knytt til olje- og gass. Aksjeverdien på desse plasseringane er dobbelt så høge i dag som i 2021.

Og: Den norske kyrkja har enno ingen endeleg strategi for korleis dei skal bli fossilfrie i løpet av året. Først i august skal finansutvalet i DNK ta ei endeleg vurdering i saka.

Utvalsleiar utelukkar ikkje at dei vil råda DNK om å halda på aksjane i delvis statseigde Equinor.

Hadde investert tre millionar – talet er no oppe i seks

I mars 2022 vedtok Kyrkjerådet at Den norske kyrkje «skal fortsette en gradvis utfasing av investeringer i fossil energi med mål om en fossilfri portefølje innen 2023, og senest innen utgangen av 2024.»

Samstundes vart det gjort unntak for selskap som «befinner seg i en overgangsfase til fornybar energi som reelt beveger seg i riktig retning».

Ein gjennomgang Vårt Land gjorde av DNKs investeringar i 2021, viste at kyrkja hadde tre millionar kroner investert i fossil energi på dette tidspunktet.

Vårt Land har fått nye, oppdaterte tal frå Kirkerådet. Tala viser at DNK i dag har rett under seks millionar kroner investert i fossil-selskap. Investeringane kjem via plasseringar i aksjefond, og gjeld selskapa Aker BP, Equinor, Subsea 7, Var Energi og Paratus.

Hyllar Equinors plan for det grøne skiftet

– Det er vanskeleg å finna fond som møter alle kriteria til DNK, det er grunnen til at dette tek tid, seier Karl Johan Kirkebø, leiar for finansutvalet i Den norske kyrkja.

– Kvifor er verdiane på fossil-investeringar dobla sidan 2021?

– Grunnen er at verdien på fossil-aksjar har stige, sidan energiprisane generelt har gått opp i perioden. DNK har ikkje fleire fossil-aksjar no enn før.

30.05.22 Kirkerådsmøtet på Granavolden, Gran.
IMPONERT: Karl Johan Kirkebø i DNKs finansutval meiner Equinor har gode planar for det grøne skiftet.

Han fortel at selskapet Grieg Investor skal greia ut korleis DNK på best måte kan koma seg ut av fossil-selskap. Utgreiinga skal finansutvalet behandla i august, og utvalet kjem så med ei tilråding til Kyrkjerådet.

– Det kan tenkast at me vil råda DNK til å ikkje selja seg ut av Equinor, som eit alternativ til å gå heilt ut. Ifølgje retningslinene kan me bli verande i selskap, om me ser dei er på veg vekk frå olje og gassproduksjon, seier Kirkebø.

Equinor er ein stor produsent av olje og gass, men har også gjort store investeringar i fornybar energi, som havvind.

– Equinor har ein strålande plan for korleis dei skal gå inn i det grøne skiftet. Selskapet har ein stor pengesekk som trengst for å få til det grøne skiftet. Men me må sjå om dei faktisk følger denne, seier Kirkebø.

Utgjer 3,5 prosent av aksjeinvesteringar

Sidan 2019 har Den norske kyrkja plassert langsiktig kapital i ulike fond, i samarbeid med investeringsrådgjevar Grieg Investor.

Det kjem fram i DNKs rekneskap for 2023. 40 prosent er plassert i aksjefond og 60 prosent i rentepapir. Denne kapitalen kan sjåast på som del av kyrkjas eigenkapital.

Aksjefonda har i dag ein marknadsverdi på rundt 170 millionar kroner. Dermed utgjer olje-investeringane berre 3,5 prosent av Den norske kyrkjas samla aksjeinvesteringar.

DNK tapar pengar på å vera lite investert i olje og gass, fortel Karl Johan Kirkebø, leiar for finansutvalet i Den norske kyrkja.

– DNK ville hatt 20–30 millionar kroner meir i aksjeverdiar, om me hadde hatt like høge investeringar i fossil-selskap som det som er vanleg i marknaden. Det gjer me med opne auge, som ein konsekvens av at me har strenge kriterium. Og det er ei kyrkje verdig.

Powered by Labrador CMS