Sjuke presidentar vågar ikkje bli friske i heimlanda

Nigerias president reiser til London for å få behandling. Afrikanske statsleiarar brukar enorme summar på sjukehusopphald i utlandet. Eigne sjukehus er ikkje gode nok.

Nigerias president Muhammadu Buhari vender heim. I 2017 var han nesten seks månader i London for å sjukehusbehandlingar som heimlandet ikkje kan tilby. Her stig han ut på flyplassen i Abuja etter det siste opphaldet.
Publisert Sist oppdatert

Zimbabwes eks-diktator sovna førre veke inn på eit sjukehus i Singapore. Han blei lagt inn i november i fjor.

– Me passar på ham. Han er nasjonens far, sa Emmerson Mnangagwa då innlegginga blei kunngjort.

Han tok presidentmakta frå Robert Mugabe i eit kupp i 2017. Med seg til Singapore fekk Mugabe eit raust bidrag, fire millionar dollar frå nasjonalbanken. Pengane skulle dekkje opphald og behandling i den asiatiske bystaten som har eitt særs godt helsetilbod.

Det har ikkje Zimbabwe. Det sytte Mugabes utarmande styre for. Difor reiste ham jamleg til Singapore for å få medisinsk behandling.

LES MEIR: Gamle kuppleiarar klamar seg til makta

På helsereise

Fordi mange afrikanske statsleiarar sveltefôrar eigne helsevesen vågar dei ikkje søkje helsehjelp på eigen sjukehus når helsa skrantar. Dei kjøper heller dyre tenester på sjukehus med høg kvalitet.

Akkurat no skal Zimbabwes visepresident Constantino Chiwenga få lækjande behandling i Kina. Han blei sendt til India i mai for å få helsehjelp. Chiwenga kom tilbake til Zimbabwe i juni, berre for å bli sendt vidare til eit sjukehus i Sør-Afrika. Så kunngjorde president Mnangagwa, i juli, at visepresident Chiwenga hadde blitt sendt til Kina. Her prøver legar frå fleire land å lækje ei namnlaus liding.

Førre veke dukka det opp eit bilete av visepresidenten, saman med kona.

LES MEIR: Kritisk for millioner i Nigeria etter Boko Haram

Helselovnad

I juni gauv Nigerias helseveike president, Muhammadu Buhari, laus på andre runde. Han blei valt i 2015, og attvalt i vår. I den første fireårsperioden hadde han to lange sjukmeldingar i London, 50 dagar og 103 dagar, begge i 2017.

Buhari reiste til London med privatjet. Difor vekte parkeringsutgiftene for flyet sterk åtgaum då dei blei kjende i Nigeria, 4.000 pund dagen - drygt 40.000 kroner. President Buharis stab hevda dei berre låg på 1.000 pund dagen.

Nigerias statsbudsjett viste at medan Buhari fekk spesialbehandling i London, brukte nasjonen berre fire prosent av BNP på helse. I den såkalla Abuja-erklæringa frå 2011 lova afrikanske statsleiarar kvarandre at dei skal bruke minst 15 prosent på helse.

Difor streika nigerianske helsearbeidarar i fjor for å få opp budsjetta.

LES MEIR: Fra frigjøringsleder til despot

Til Geneve

Paul Biya er ein annan helseveik, attvalt president som ikkje stolar på eige helsevesen. 86-åringen har styrt Kamerun sidan 1982, og blei i fjor valt til president på nytt.

I sommar måtte sveitsisk politi bruke tåregass og vasskanoner mot ei gruppe kamerunske demonstrantar som protesterte i Genève. Mot Paul Biya. Mot at han og familien brukar 40.000 dollar – vel 360.000 kroner – døgeret på hotell i Genève medan folket i heimlandet svelt.

I Kamerun spøkjer folk med at presidenten kjem på besøk til Kamerun frå Europa kvar gong han er innom heimlandet etter opphald i Europa. Biya har aldri fortalt at han reiser til Europa, og særleg Sveits, fordi han er sjuk. Men i Kamerun går ryktebørsen varm om presidentens lidingar.

Døyr i utlandet

Fleire afrikanske statsleiarar har døydd i sjukesenga i utlandet:

Levy Mwanawasa, Zambias president, som fekk eit hjerneslag i 2006 og blei frakta til Paris, og døydde på eit sjukehus i byen i 2008.

Omar Bongo, Gabons president, som var kreftsjuk. Han døydde under eit sjukehusopphald i Barcelona i 2009.

Malam Bacai Sanhá, Guinea-Bissaus president, som var diabetikar. Han døydde på eit sjukehus i Paris i 2012.

Meles Zenawi, Etiopias president. Han sovna inn på eit kreftsjukehus i Brussel i 2012.

Michael Sata, Zambias femte president. Han døydde under eit sjukehusopphald i London i 2014.

Helsehjelp

  • I den såkalla Abuja-erklæringa frå 2011 lova afrikanske statsleiarar kvarandre at dei skal bruke minst 15 prosent på helse.
  • Få land oppfyller lovnaden: Malawi, Etiopia, Gambia, Swaziland.
  • På neste nivå, 11-14 prosent finn me land som Sør-Afrika, Namibia, Sentralafrikanske republikk, Burundi, Lesotho, Cape Verde og Tanzania.
  • På nedste nivå, under fem prosent, finn me land som Eritrea, Kamerun, Angola og Nigeria.
Powered by Labrador CMS