Sian-profil bortvist då kristne markerte solidaritet med muslimar
Den kjende innvandringsmotstandaren og Sian-profilen Arne Tumyr er bortvist frå Kristiansand sentrum i 48 timar. Grunnen er at Tumyr dukka opp då kristne hadde markering til støtte for muslimar.

– Dette pålegget gjeld frå og med no, så då vil eg sjå at du syklar av garde, skal ein politimann ha sagt til Tumyr utanfor moskeen i Kristiansand sentrum.
Det skriv Fædrelandsvennen. Politiet melde om bortvisinga klokka 12:43 fredag ettermiddag:
#Kristiansand. Kl 1235. En person er bortvist fra arrangement i sentrum for å forebygge ordensforstyrrelser.
— Politiet i Agder (@politiagder) November 22, 2019
Tumyr var éin av to som blei bedne om å forlate staden.
Koran-brenning som bakteppe
Markeringa utanfor moskeen i Kristiansand kom til etter at Forum for tru og livssyn i Kristiansand oppfordra til dialog og samhald. Bakteppet er den omstridde Sian-markeringa i Kristiansand førre helg.
Før Sian-arrangementet laurdag 16. november, hadde den anti-islamske grupperinga meldt at dei skulle sette fyr på Koranen.
Politiet hadde ikkje gitt dei løyve, men Arne Tumyr – som heldt appell under Sian-markeringa – kasta ein Koran i søpla. Lars Thorsen, éin av Sian-leiarane, følgde så opp med å tenne på den heilage boka til muslimane.
Det førte til at demonstrantar hoppa over gjerde og angreip Sian-standen. Ei rekkje politifolk fekk stansa tumultane, men Sian-arrangementet blei avslutta og fem av motdemonstrantane blei tatt med av politiet.
LES MEIR: Opptøyar då Sian hadde markering i Kristiansand

Prestar og kristne hadde møtt opp
Markeringa utanfor moskeen i Kristiansand fredag fekk dermed uønskt merksemd. Tumyr seier at han ikkje vil klage på bortvisingsvedtaket, men han reagerer like fullt.
– Dette er heilt forferdeleg, seier Tumyr til Fædrelandsvennen.
På spørsmål om kvifor han dukka opp under ei kristen solidaritetsmarkering til muslimar, svarer Sian-profilen at heile byen var invitert. Fleire andre av dei oppmøtte var glade for at Tumyr blei vist bort.
– Ein person som seier så stygge og hatske ting mot muslimar, fortener ikkje å vere her. Men vi er alltid opne for dialog, seier Akmal Ali, leiar for Muslimsk union i Agder.
– Vi vil vise solidaritet med muslimane i denne tida, seier internasjonal prest i domkyrkja i Kristiansand, Odd Bjarne Ellefsen, som overlèt det til politiet å kommentere Tumyr-bortvisinga.
LES MEIR:
• Jurister er kritiske til politidirektørens ordre om å nekte brenning av religiøse symboler
• Politiet har opprettet sak mot Sian etter koranbrenning
• Lydvig Nessa talte om islam-forbud i prestekrage. Domprost reagerer