Shabana Rehman får årets Ossietzkypris
Shabana Rehman (46) er tildelt Norsk Pens Ossietzkypris 2022 for å ha brukt ytringsfridommen på «kreativt og oppsiktsvekkjande vis» over fleire tiår.

— Shabana Rehman har styrkja den norske offentlegheita med humor, satire og klokskap i fleire tiår. Som skribent, aktivist og kunstnar har ho vore ein viktig og modig utøvar av ytringsfridom på kreativt og oppsiktsvekkjande vis, heiter det i ei pressemelding frå Norsk PEN.
Religionskritikk er ein viktig del av ytringsfridommen. Standupkomikar, skribent og dramatikar Shabana Rehman har vore ei modig stemme i Noreg mot religiøs undertrykking og æreskultur i nesten ein generasjon og har bana veg for større openheit om vanskelege spørsmål dei siste 25 åra, heiter det vidare.
— Styret i Norsk PEN meiner at Shabana Rehman er ein verdig mottakar av Ossietzkyprisen på grunn av den særlege og særeigne innsatsen sin for ytringsfridommen og ytringsrommet vårt.
Rehman fekk påvist kreft i bukspyttkjertelen i januar 2022, og ho blir for tida behandla for dette i Tyskland.
Prisen blir delt ut 15. november på Litteraturhuset i Oslo.