Satsar livet over farleg kanal
Langs to båtruter vågar immigrantar no livet. Over Gibraltarstredet – og over den engelske kanal. Særleg iranarar vil til Storbritannia. Sjekk rutene i kartet.

Lysta etter eit liv i Europa er sterk. Svært sterk.
Difor vågar store grupper livet, dei stig ombord i gummibåtar som vonleg skal ta dei til det gode livet på den andre sida.
Etter at rutene Tyrkia-Hellas og Libya-Italia på det næraste er stengde, har Spania segla opp som den destinasjonen flest prøver å nå. Med gummibåt.
I det året ebbar ut har Spania fått drygt 55.000 sjøvegen frå Nord-Afrika, i hovudsak Marokko, melder IOM, Den internasjonale organisasjonen for migrasjon. Langt frå alle klarar ferda over Gibraltarstredet. IOM har bokført 743 døde hittil i år.
LES MEIR: Grensesprengande bøn
Farleg
Lenger nord i Europa er endå ei ny sjørute opna, av migrantar og flyktningar. Denne går over den engelske kanalen, som er smalast mellom Calais i Frankrike og Dover i Storbritannia.
– Kanalen ser smal ut, men det er framleis 30 kilometer til den andre sida, seier ordførar Bernard Bracq i Wissant utanfor Calais til nyhendebyrået AFP.
Men om avstanden berre er tre mil, er strekninga svært farleg, om ein vågar seg ut i gummibåt: Kanalen er ein av verdas travlaste skipsleier, straumtilhøva er lumske og veret på denne årstida er dårleg.
Redda
Sidan byrjinga av november har politiet og kystvakta på den engelske søraustkysten plukka opp vel 120 menn, kvinner og barn som har stua seg saman i opne gummibåtar. Dei siste seks kom politiet i Kent over etter at dei hadde kome seg i land i Storbritannia. Dei andre er plukka opp ute i kanalen.
På den franske sida, i Calais, finn politiet stadig oftare gummibåtar som er gøymde langs kanalkysten.
Visum
Forklaringa på at eit stigande tal iranarar prøver å ta seg inn i Storbritannia sjøvegen ligg i ein avtale Iran og Serbia gjorde i august i fjor: Serbia let iranarar få reise fritt inn i landet, visumkravet blei oppheva. Motivasjonen var enkel: Serbia ønskte å få opp talet på turistar frå Iran med ei direkte flyrute mellom Teheran og Beograd.
Iranarane var ikkje vanskelege å be. Problemet var bere at mange let vere å reise attende til Iran. Til slutt sa Serbia stopp, og gjeninnførte i oktober visumkravet. Serbisk politi meiner at så mange som 12.000 iranarar blei verande. Serbias turistdepartement opplyser at nesten 13.000 iranarar kom til landet i perioden januar-juli.
Det er truleg personar frå denne gruppa som no prøver å ta seg inn i Storbritannia, etter at menneskesmuglarar har frakta dei frå Balkan til vestlege Frankrike, melder britiske medier.
Rikare
Info Park, eit hjelpesenter for flyktningar i Serbias hovudstad Beograd, fortel at iranarane i byen er synlege; dei ser ikkje ut som dei andre flyktningane og migrantane som prøver å ta seg nordover i Europa.
– Dei ser meir ut som turistar, meiner Gordan Paunovic i Info Park til BBC.
Medan dei andre flyktningane som har stoppa i Beograd, syrarar, irakarar, afghanarar og pakistanarar, prøvar å finne husly i nedlagde bygg, bur iranarane ofte på hostell og hotell.
– Dei deler ikkje lagnaden til vanlege flyktningar og migrantar som opplever harde tider på Balkan, seier Paunovic.
LES MEIR: Italia skal stoppe migrantar i Vest-Afrika
Exodus
Ved utgangen av november hadde 119 iranarar søkt asyl i Norge, opplyser Utlendingsdirektoratet (UDI).
Heilt sidan den islamske revolusjonen i 1979 har iranarar søkt ut i hopetal for å finne betre land å bu i. Mellom 150.000 og 200.000 iranarar forlet heimlandet årleg. I Storbritannia toppar iranarar oversikten over asylsøkjarar, nesten kvar tiande var ein iranar i fjor, melder BBC.
I Frankrike ser hjelpeorganisasjonar det same som Info Park i Beograd:
Iranarane som kjem til kysten for å ta seg over kanalen har pengar. Dei kjøper gummibåtar og påhengsmotorar.