Samla inn 100.000 til 50-årsdag

Til 50-årsdagen bad Møre-biskop om pengegåver til presteutdanning i Etiopia.

Biskop og jubilant Ingeborg Midttømme har så langt fått inn over 100.000 kroner til presteutdanning i Etiopia.
Publisert Sist oppdatert

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, hadde éi gåve på ønskelista då ho i november fylte 50 år: Pengar til å styrkje presteutdanninga i Etiopia. Så langt har ho fått 105.000 kroner, skriv avisa Dagen.

Pengane kjem frå privatpersonar, vener og kollegaer. Den største enkeltgåva er på 25.000 kroner. I tillegg har fleire kyrkjelydar på Møre samla inn kollekt til dette føremålet, men pengane er enno ikkje levert. Difor er den samla summen venta å stige.

Midttømme er tidlegare leiar i Presteforeningen, og der jobba ho med eit prosjekt for å styrkje kompetansen til etiopiske prestar. Pengane Midttømme no samlar inn, skal gå til å opprette ei doktorgrad i teologi.

Powered by Labrador CMS